Den komplette sommarpakke ☀️💛🌞

Den komplette sommarpakke ☀️💛🌞

Tilbud745,00 kr Ordinær pris897,00 kr
Spar 152,00 kr

Med denne herlege kombinasjon naturprodukt til hud og kropp er du klar for det meste i sola, på tur ved hav og fjell, innanlands eller utanlands.

Nyt livet med god og naturleg solbeskyttelse med vår luksussolkrem som verkeleg struttar med sine supre planteingredienser. Kamillebalsam roer huda om kvelden, lindrer kløe og mjukar opp hard hud. Panterbalsam kan halde mygg, knott og flått unna, aukar blodsirkulasjon og er fin ved vondt og verk og mykje meir.
Med andre ord: Den komplette sommarpakka (og egentlig heile året 😁)

SOLKREM 50 ml - du kan velge faktor 10 eller 20, eg legg oppi faktor 20 om eg ikkje får melding om anna ☀️

KAMILLEBALSAM 50 ml- fantastisk beroligande after-sun, kløedempande og utruleg mykje meir. 🌱

PANTERBALSAM 50 ml - held unna mygg 🦟 knott og flått, også kløedempande, god på vondt og verk, hodepine mm

Sjå elles innhaldsliste for kvart enkeltprodukt under dei repsektive produktsidene.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resept utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

☀️ Solkremen beskyttar mot UVA og UVB stråler umiddelbart etter påføring. Superfin til både ansikt, hals og kropp for alle aldre.
Til ansikt: Pump liten mengde i handa, smør utover og påfør i heile ansiktet og halsen. Pass på å dekke godt, men hugs at den er dryg i bruk så du treng kanskje mindre enn du er van med.
Til kropp: Bruk pumpa til å lage tynn strek på området du skal smøre på kroppen, og ver obs på at du treng lite om gongen då den er svært dryg i bruk.

Panterbalsam og Kamillebalsam er også veldig dryge i bruk, så ikkje ta stor mengde om gongen. Blir du klissete har du tatt for mykje.

Panterbalsam-tips før lange nedoverbakker på fjelltur: smør inn knær og andre utsatte ledd! Det funkar på Vossabia sjølv i alle fall!

Panterbalsam kan du ta "flekkvis" her og der for å unngå stikkande insekt, men om du er i eit område med mykje hissig mygg (min erfaring på Hardangervidda), så kan det vere naudsynt med litt meir. 😅🦟

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, eller velg levering til hentestad.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Den komplette sommarpakke


Solkrem 50 ml + Kamillebalsam 50 ml + Panterbalsam 50 ml

Sunn, pleiande og trygg solkrem, superaftersun’en Kamillebalsam og insektsavvisande og kløedempande Panterbalsam er eit must både om sommaren og på utanlandsturane.

Bruksanvisning

Med solkremen til Vossabia får du ikkje berre naturleg og fysisk beskyttelse mot solas UVA og UVB-stråler, men du får i tillegg nærande og pleiande ingrediensar som tek vare på huden din og miljøet! Det kjem mykje tilbakemeldingar frå folk som ikkje tåler vanlege solkremar, om at endeleg er det ein solkrem som ikkje gir rennande auge, sår hud osv. Les meir under produktsida til Solkrem ☀️

Kamillebalsam er heilt nydeleg som after-sun! Den roer ned huden effektivt og lindrar om det er vorte for mykje sol, og til og med blemmer forsvinn raskt ferdig hela på kort tid! Kløe, senisitiv hud, psoriasis, oppmjukande effekt, fotkrem, nattkrem, ja, det er svært mange bruksområde på denne favoritten!

Panterbalsam er jo uvurderleg på all slags vondt og verk i kroppen, men det artige om sommaren er at mange kundar dei siste åra har funne ut at den held unna mygg, knott og flått både på folk og hundar! Småkrypa likar nok ikkje dei sterke luktene frå eukalyptus og peppermynte blant anna. Men desse plantene gjer underverk på oss! Mot vondt og verk, kløe, hovudpine, hovne bein, treningssmerter, voksesmerter, revmatiske plager og mykje meir.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Øko-pioner og foregangsmann. Beauty-journalist og naturkosmetikkforfatter– eit reisebrev frå Hastings 🤩

Øko-pioner og foregangsmann. Beauty-journalist og naturkosmetikkforfatter– eit reisebrev frå Hastings 🤩

For nokre månadar sidan sendte Craig Sams meg ein melding: om eg ville bli med og feire hans 80-årsdag heime i hagen i Hastings 🎂😃 Ingen tvil om det, eg hadde kjempelyst å feire denne store foregan...
Kjenn forskjellen med Hagen på Hendene! ✋🩷🤚

Kjenn forskjellen med Hagen på Hendene! ✋🩷🤚

Mjuke hender er så godt! Det får oss til å kjenne oss meir vel. Alle vil helst ha mjuke og glatte hender, både kvinner og menn, og ikkje berre for utsjånadens skuld, men for vår generelle velvere ...
🎂 Dronningbia er 50 år ung! 🐝👸🏼 Ei feiring av livet og naturen 💚

🎂 Dronningbia er 50 år ung! 🐝👸🏼 Ei feiring av livet og naturen 💚

Plutseleg var dagen komen, og eg blei 50 år 9.7! Tenk så utruleg heldig eg er, som er blitt 50! ✨😄 Eg lever til fulle! Og eg lever faktisk i verdas rikaste land, utan krig og terror, og alle mi...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring