EINERPAKKE TIL HUD OG HÅR - Sjampo, Kroppsbalsam og få minideo skog-deo på kjøpet

EINERPAKKE TIL HUD OG HÅR - Sjampo, Kroppsbalsam og få minideo skog-deo på kjøpet

Tilbud548,00 kr Ordinær pris637,60 kr
Spar 89,60 kr

Her har me satt saman ei deilig EINERPAKKE, der alle produkta har til felles at dei inneheld eterisk olje av einebær: Vossabia sin sjampo, kroppsbalsam og skog-deo inneheld altså denne helsesame einebæroljen, i tillegg til mange mange andre supergode ingrediensar frå naturen. Mini deo SKOG blir i denne pakken med på kjøpet, dvs du betalar ikkje for den, men får den lille deilige supersunne deosalven med.

La fantastisk einer få virke i hår og på hud! 🌲

Sjampoen er dryg i bruk, så du treng kanskje mindre enn du er van med 😁

Kroppsbalsam er supersoft og veldig dryg i bruk, så ver forsiktig med mengden! Den går elles fort inn i huden og kan brukast over heile kroppen. Heilt heilt nydeleg etter du har svømt/bada 🏊‍♀️🏊‍♂️

Minideo Skog kan du smøre rett i armhola med liten mengde på ein finger. Så held du deg fresh og deilig heile dagen og kvelden 💗

URTESJAMPO 250 ml- Gje næring og pleie til hår og hodebunn med denne sjampoen som også kan bidra til å få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem. Og så treng ein som regel ikkje balsam, kor bra er ikkje det!? 😁

KROPPSBALSAM 100 ml - Vår supersmidige, daglege fuktgjevande urtebalsam til heile kroppen, og på hud- og muskelplager. Kroppsbalsam er herleg fløyelsmjuk og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia, plukka av Vossabiafamilien 💚🐝

DEODORANT SKOG 15 ml- Denne er ganske så diskret. Genial når ein ikkje vil dufte for mykje, men kun eit hint av frisk skog som jordar og balanserar deg og kjenslene dine 🌲 Duften har eit hint av furu i seg: litt krydra, litt bitter, definitivt frisk, og aromatisk og ein duft som har fått gode tider i moderne botaniske parfymer for begge kjønn.

INNHALD og fleire kundetilbakemeldingar: sjå under dei respektive produktsidene 🌼🐝

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Einerpakke til hud og hår


Sjampo 250 ml + Kroppsbalsam 100 ml + Minideo skog 15 ml

Einer er superplanten som er på innhaldslista til alle desse tre gode produkta:
Lista er kjempelang for kva denne friske, sypress-aktige aromatiske eineroljen kan vere effektiv mot og for. Det er så mykje å seie om den, men la oss fokusere på hud og hår her. Einer er kjent for å kunne fungere utrensande på hud og hår, og er det kviser eller eksem, flass eller hårtap, så er den kjent for slike eigenskapar og. Ikkje minst stimulerer og styrker den både hud, hår, og immunapparatet 👍

Bruksanvisning

Vossabia sjampo får mykje tilbakemelding på å fungere godt på akkurat flass, eksem, og til og med hårtap, men også når det gjeld kløe og plager knytt til det. Det er sjølvsagt ikkje berre eineren som spelar inn her, men den bidreg så absolutt!! Elles er det sjølvsagt den fabelaktige kombinasjonen av ville vekster satt saman for sine helseeigenskapar, og gode urteoljer elles.

Slik er det også med Kroppsbalsam med ville urter og einebær. Folk melder oss om ulike hudplager som blir betre, og så er det verdens deiligaste "body-butter" - så glidande, glatt og super-smooth. Eg berre elsker den!! 🤩🌼🐝

Skog deo er ein frisk og deilig deodorant som du smører under armen som ein annan salve. Den er superfood under armane 👍🤩 og den held deg tørr og fresh under armane, og vår erfaring (og heldigvis mange med oss) er at den held unna svettelukt i ein heil dag og vel så det. Dersom ein kun har brukt deo med aluminium og anna innhald som ikkje er så greit for kroppen å handtere (dvs "vanlege" deo'er) så kan det vere at ein kjenner meir svettelukt nokre dagar etter ein går over til ein heilt naturleg og meget sunn deo. Det er rett og slett kroppen som startar avgiftingsprosess. Det går over etter nokre dagar, så ikkje gje opp deo'en om du opplever det slik 😉

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Det er heilt vilt korleis det veks ute no! 🌿 Alt kjem på ein gong, og kjerringrokken er plukkeklar i alle fall tre veker før vanleg! Det er fantastisk, for her var det så og seie tomt på lager no!!...
Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Erik, faren til Ylva og Emil, fortener nemleg å bli hylla. Hadde det ikkje vore for han hadde eg kanskje ikkje blitt frisk når eg var kjempesjuk i starten av tjueåra. Hadde det ikkje vore for han h...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring