Vossabia vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 for Vestland! 🏆🎉  Takk for at du er med på reisa 💚

Vossabia vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 for Vestland! 🏆🎉 Takk for at du er med på reisa 💚

Kjære alle saman,
Eg har ei stor nyheit å dele med dykk! Vossabia har vunne Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland 2024 i dag 👏!! Eg har nettopp motteke prisen på Fylkestinget for Vestland i Førde, og eg er berre heilt på gråten 🥹💛! Dette er ei stor ære for meg og heile Vossabia-teamet 🐝
Alle foto frå prisutdelinga: Per Byrknes.
 
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen (BU-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, og dette er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda. Og i år har Vossabia vunne, tenk det! Vurdert etter kriteria berekraft og innovasjon/nyskaping i landbruket. For ei stor ære, det gjer jammen godt å bli sett og verdsett 🤩🙌.
Det har vore ei lang reise og mykje hardt arbeid frå dei fyrste tankane for over 20 år sidan om å utnytte ressursane på garden til der me er i dag. Biene opna augene mine for det fantastiske mangfaldet i naturen, og eg byrja å sjå moglegheitene i dei ressursane andre ofte tek for gitt – blant anna honning, bivoks, ville urter og plantar 🐝🌿. Heilskapleg helse hadde eg alt vore svært oppteken av sidan midt på 1990-talet. Når eg så flytta heim att til garden i 2000 og oppdaga det rike biologiske mangfaldet gjennom biene som Erik, pappaen til Emil og Ylva, fekk til garden, og eg begynte å studere både yrkesretta birøkt og urtelære, så kjente eg kva eg skulle gjere vidare 💡.
Det har alltid vore viktig for meg å skape produkt som ikkje berre gir velvere, men som og styrkar helsa 💪, både på kort og lang sikt. Dette fundamentet i Vossabia står fjellstøtt også no, 20 år etter ✨🫶. Eg har heile tida hatt som mål å gje naturlege og økologiske alternativ til produkt me treng i kvardagen vår, for alle i familien. Alt frå babystumpen til erotikk, frå kviser til sår som ikkje vil gro, og frå muskelsmerter til dagleg velvere. Og så har det og heile tida lagt ein protest mot kosmetikkindustrien inni Vossabia, det må opprøraren inni meg innrømme ✊🫡.
 
Eg vil gjerne takke dykk, våre kundar og samarbeidspartnarar, som har vore med på å gjere dette mogleg 🙏. Utan dykk hadde ikkje Vossabia nådd ut til over 100.000 kundar og over 120 forhandlarar i heile landet 🤯.
 
Når eg no tenker på kor mykje skepsis eg møtte i starten, for dette framande: hudpleie som er 100% naturleg og i tillegg økologisk, mange rygga når eg sa det, til den fantastiske endringa hjå forbrukaren. Dei seinare åra har folk blitt så utruleg mykje meir open, interessert og bevisst. Eg elskar det, og eg er ekstremt glad eg har holdt ut 💖😄! Eg ser fram til å fortsette å utvikle produkt som både gir gode helsefordelar og kan hjelpe folk, og samstundes vernar om naturen. Dette brenn eg verkeleg for, og så er det så utruleg stimulerande og moro 🤩!
Eg er så heldig og takksam for å ha så gode tilsette!
Eg er så heldig og takksam for å ha så gode tilsette! 🥰
 
Eit av aspekta ved arbeidet vårt som eg og vil dvele ved og løfte fram er samarbeidet med andre lokale leverandørar og produsentar. Me brukar mykje eigne råvarer frå garden med dyrking, plukking og foredling av meir enn eitt titals ulike arter, og me plukkar i høgfjellet og ved kysten 🏔️🌊. Me kjøper og inn høgkvalitets økologiske ingrediensar frå andre øko-bønder utanfrå Noreg via vår superdyktige leverandør Sunvita i Bergen, som me har samarbeidd med sidan starten i 2004 og som eg er så takksam for 🙏. Og så har me samarbeid med nokon gode bønder i fylket vårt. Det er fantastisk å kunne løfte produktkvaliteten med lokale råvarer som til dømes tindvedbær frå Sogn, eller brennesle og Ryllik frå Naustdal. Dette gir meg ikkje berre moglegheita til å skape unike produkt, men også til å formidle historia bak desse fantastiske ingrediensane og produsentane som står bak 🪻🧑‍🌾.
 
Me har mykje spanande på gang framover 😋! Med bygging av ny driftsbygning på garden for Vossabia på planen for 2025, og stadig vidareutvikling av produktporteføljen, ser me fram til å bringe enda meir av naturen rett heim til dykk 🏠🐝. 
Ringblomstsalve
Me held forresten på å teste ut eit sunt, trygt og effektivt vippeserum som eg har utvikla, som alt har gjort vippene våre lenger, så eg håpar de og gleder dykk med oss for det som både er og det som kjem 💁‍♀️.

Takk for støtta og tilliten – saman skal me fortsette å smøre naturen på huda 🫶!
vossabia team
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia