Vossabia samarbeidar med motorsporttalentet Hedda Hosås🏎️!

Vossabia samarbeidar med motorsporttalentet Hedda Hosås🏎️!

Møt fartsglade Hedda, og hennar Vossabia-favorittar 🐝 

Tidleg i haust parkerte det ei glad ung kvinne i tunet hjå Vossabia for å diskutere eit mogleg samarbeid. Og det blei full klaff! 😎 🙌Vossingen Hedda Hosås (23) driv med motorsport og er ei meget dyktig og tøff ung dame som alt har blitt lagt godt merke til i motorsportmiljøet i Norge og i utlandet 💪. Hennar prestasjonar har alt inspirert sterkt, og bidrege blant anna til at motorsportmiljøet på Voss har fått eit stort oppsving og god rekruttering! Hedda imponerar og inspirerar, og så diggar ho Vossabia på huden! Og no skal ho køyre fort med Vossabia-logo på brystet og panseret! 🏎️

Hedda HosåsDet var på jakt etter sponsorar for å kunne delta i Dubai International Baja at me møttes (for dette er ein skikkeleg kostbar idrett og dyr konkurranse å delta i). Eg er jo ganske så interessert i idrett, og elskar å følge opp unge idrettstalent, sjølv om motorsport ikkje er meir kjent for meg enn at eg blir kalla RallyRenate når eg gassar litt vel på i blant på bygdavegane, hehe 😉. Men menneske som testar grensene sine, pressar seg sjølv og vågar å gå utanfor komfortsonene, og følger draumane sine med engasjement og glede, det likar eg! 🤩

Hedda er ei fantastisk dyktig og målretta ung kvinne, som eg straks kjente det vil vere moro og gjevande å samarbeide med 🥰👏. Og så er motorsport faktisk ein idrett der miljøteknologi er langt framme og den vert testa godt ut der før den når ut til folket, og der har Hedda fått ei viktig rolle.

Miljøfokus gjennom Extreme H 🌱💚
 
Hedda har tidlegare konkurrert i Extreme E som er kjent for sitt sterke miljøfokus 🔅. Det er eit verdsomspennande mesterskap for heilelektriske SUVar som kjempar mot kvarandre i ekstreme miljø, med ei global fanskare på 330 millionar. No tek serien eit nytt steg mot bærekraftig motorsport med overgang til hydrogen i den nye Extreme H-serien, der Hedda er test- og utviklingsførar 🏎️😆! Hedda blir då med på å sette hydrogenkøyretøya på prøve før seriens debut i 2025 – eit stort skritt mot utsleppsfri motorsport. Hedda er altså ein pioner💪!
Hedda Hosås
Sjekk nokon av høgdepunkta frå unge Heddas karriere så langt:
🥇Fyrste rallycross-siger alt i sin fyrste sesong som fulltidssjåfør
🥇Fyrste kvinnelege utviklingssjåfør hjå Veloce Racing
🥉3.plass i sitt fyrste Extreme E-løp med JBXE (På Jenson Buttons’ Extreme E-team, Jenson Button er tidlegere Formel 1 World Champion)
🥈Den andre kvinnelege sjåfør hjå McLaren Racing på verdsbasis
tindved og nesle reviews
Hedda si reise inn i motorsport

Hedda starta med motocross som 15-åring og gjekk over til bilkøyring året etter, og det utypisk nok utan å kome frå ein typisk motorsportfamilie. Etter å ha utmerka seg på nasjonale arrangement vart ho signert av britiske Veloce Racing. I dag køyrer ho altså rally raid og testkøyrer hydrogenbiler – blant anna med mål om å inspirere fleire unge jenter til å satse på motorsport 🏁👏
Hedda Hosås
Hedda Hosås top 5
 
Hedda brukar Vossabia til både dagleg velvære og når ho er på jobb. Når eg spurte kva som er hennar favorittar smelta ho meg skikkeleg med denne meldingen:
 
"Btw, alle er jo egt favorittprodukter!! Looove it".
 
Ho laga likevel ei nydeleg TOPP 5-liste og deler her litt om korleis ho brukar naturen på huden frå Vossabia i sin kvardag:
1. 🧡 Tindved- og nesle til ansikt er Topp 1, fordi den gir ein fin farge (tan) til ansiktet mitt ☀️, og man føler seg mykje meir fresh spesielt i mørke tider som no.❤️ ELSKER DEN HER. Bruker den kvar dag ❤️❤️
 
2. 🌼 Ringblomstsalve - deilig fuktighetskrem som eg bruker kvar kveld 🌙, heilt sjukt stor forskjell på det produktet her og vanlig fuktighetskrem du vanlegvis får kjøpt (har gått frå å brukt masse populære «skincare» produkter tidlegare som og er dyrt.. til dette og det har funka bra på meg, og tar MYKJE mindre tid!! (Dette gjelder då generelt på dei hudpleie produkta eg har testa hjå Vossabia) denne gir og en fin glød ❤️
 
3. 👁️‍🗨️ Augebalsam - deilig og fuktgivande augebalsam for å minske linjer og rynker. God mot kaldere tider no 🥶, når eg er litt meir tørr i huda. Bruker kvar dag i min kveldsrutine og morgonrutine ❤️
 
4. 🖤 Panterbalsam - Den har vore fin å bruka på stølhet (trener veldig mykje, kroppen får kjenne på det, den gir fokus når eg jobber, smører den i panna for å føle meg våken og klar. Skal ha med denne til Dubailøpet i november, og bruke før løp/test ❤️
 
5. 🌿 Rosmarin Hårserum - Har blondt og stripa/bleika hår 👱‍♀️. Så blir slitt i tuppane og hårolja her har vært skikkelig bra for det, har brukt mykje frisørprodukter, men denne har vært best så langt ❤️
 
🐝 🏁
 
For ei herleg liste av favorittar Hedda har!! Og eg er så glad for at mange unge, som Hedda, vel Vossabia 🥹! Ja, eg har no forresten ofte blitt overraska over kor bevisste dagens unge er, ofte mykje meir enn foreldregenerasjonen når det gjeld fokus på natur, miljø og økologi 💚
Hedda Hosås
Me gler oss veldig til å følgja Hedda vidare, og heiar skikkeleg på ho! Ein skulle ikkje tru at Vossabia med sin natur- og miljøfokus kunne samarbeide med motorsportutøvarar, men me meiner at når me har med ein slik pioner å gjere, som faktisk bidreg til å gjere motorsporten meir miljøvenleg som utviklingsførar og dermed med viktig rolle i å få hydrogenteknologien fortare fram til folk flest, så får Vossabia vist sitt engasjement på fleire plan 👏! Og gjennom samarbeidet med Vossabia 🐝 støttar Hedda både bærekraft og naturleg velvære 💚 – ein perfekt match for ein førar som kombinerar fart og miljøbevisstheit 🌍! Dette blir moro framover, og fyrst og fremst no: Lukke til i Dubai, Hedda! 💪
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia