Urtekjærleiksdrikker og sanselege smørbare saker ❤️💫🍯

Urtekjærleiksdrikker og sanselege smørbare saker ❤️💫🍯

Her har du eit nyhetsbrev skrive med ekte, rein, lidenskapleg nytelse i tankane! 😍😍 Vågale oppskrifter, sanselege tips, og ei litt erotisk og leikande feiring av livet.

Det var eigentleg eit heilt anna tema eg hadde planlagt å skrive om denne veka, men når ein kjem i det her humøret er det berre å køyre på!

Så her har du eit nyhetsbrev skrive med ekte, rein, lidenskapleg nytelse i tankane! 😍😍 Det blir nokre vågale oppskrifter, sanselege tips, og ei litt erotisk og leikande feiring av livet (og av Olav’en min som har bursdag i dag😘).



Ekte naturleg kroppspleie går nemleg langt utover det å kun ta vare på hud og hår og tilføre det beste frå naturen i vår daglege pleie: me må ikkje gløyme å inkludere det leikande, morsomme, det fysiske, dei taktile følbare nytelsar, og varm, øm deling av sanseopplevingar på alle slags måtar 💋💃

 
Så, i dette humøret vil eg dele urteoppskrifter å innta og nyte, og tips til endå meir sanseleg berøring med nokre av Vossabias herlege hudprodukt – inspirert av spontanitet, leikenhet, lidenskap, avspenning, kreativitet og kjærleik! Og så er det berre å bli gira til å prøve ut urter på endå fleire måtar, så eg håpar verkeleg nokon blir inspirert.

Eg dristar til med eit enkelt forspill, eller forrett om du vil, med ein

Sup og Kyss-te😘!

Klar for fest i kjeften? 😋 Denne urteteen er pur glede: den ertar og freistar, den varmar og kjølar, den stimulerar og kitlar. Og så er den, som Vossabia har mål om at alt herfrå skal vere, eit skikkeleg kinderegg! Altså, den skal ikkje gje deg berre ein glede, men minst tre! Så, bli freista, stimulert, OG få urtenes omsorg i halsen om den er litt sår og vond.


Korleis lage herlegheita: 💫🍯

Kok opp vatnet i ein liten panne. Hiv oppi peppermynten og ingefærrot, og la det småputre, nesten berre trekke, i 30 min. Sil oppi ein annan panne, tilsett sitronsaft, og når temp’en er ca 45 grader, tilsett din favoritthonning.  (her har me jo vår eigen superhonning, lurar på å legge ut i nettbutikken.. 🤔hm..)
Bland godt. No skal det smake som ein nydeleg mix av heimelaga lemonade og naturlege ginger ale, med ein sterk myntesnert.
 
Anbefalt for: 💋saftige kyss og deilige sipp
Bruk: som du begjærer, for eksempel nyt denne kvar gong munnen din treng ein oppfriskande stimulans.

 

Til forretten (eller var det forspill?) kan det også høyre med ein annan honning- og urtebasert godsak, nemleg

🍯Sitrus- og honning kroppsskrubb.


Å, dån!! Har du ikkje prøvd den, så har du gått glipp av noko altså, for her kjem det taktile inn, det å føle, tingle og sanse gjennom hudberøring de lux⭐!

Me anbefalar også den djupe, mørke og sexy Krydra kroppsskrubb med honning, for den inneheld blant anna kanel, ingefær, muskat og kardemomme, som er rekna som afrodisiakum (altså krydder og naturingrediensar som spriter opp sexlivet og stimulerar kjønnsdrifta). Desse kryddera er velkjent i ayurvedisk metode, for å virke sirkulasjonsfremmande på ein så deilig måte at dei kan bidra til meir vaginal fukt og til å intensivera den seksuelle nytelsen ❤️💦.


Oppskrift: 🧽🚿💛

Hopp i dusjen, aleine eller saman med nokon å dele opplevinga med, la deilige varme vannstråler renne over deg eit par minutt, slå av vatnet (me sparer straum kan du vite!),  og skrubb deg sjølv eller bli skrubba av partner ved å ta ca mengde 2 ss inn i handa, og skrubb frå øverst til nederst på kroppen (finn meir skrubb etterkvart som du treng), og kjenn det kitle, stimulere og krible i huden og kroppen💫.

 

Nyt deretter å gje den same opplevinga til partner, eller om du er aleine i dusjen, nyt din eigen deilige og no ekstremt mjuke hud og kropp, og berre kjenn dei deilige duftene frå skrubben no fylt inn i porer og hud! 

Om du så har gjort eit stort stykke forarbeid, og laga denne heftige kjærleiksdrikken under her 👇👇 (lagast 30 dagar før nyting, ops, kva med spontaniteten eg snakka om ;) ), så er dette ein magisk drikk å enten nyte i munnen😘 -eller kva med å dryppe litt over din elskars kropp, og drikke den derfrå? Ja, eg berre prøver å finne på morsomme idear her, ikkje skyt bodbringaren 🤣

 

NB! Denne er med alkohol, så hopp over om det ikkje passar deg, eller tilpass den ved å lage te av ingrediensane.


Korleis: 

Ha alle ingrediensane i eit norgesglas eller liknande som kan lukkast tett. Rist blandingen hardt og godt i 15 sekund eller meir for å blanda honningen saman med resten. Lagra på mørk plass ( i skapet for eks) i 30 dagar, men rist glaset ein gong om dagen for å la smakane og ingrediensane då blanda seg godt og skapa magi. Så, sil og hell på ei fin flaske (du kan ete frukten, men pass på: 🚩 potente saker!).

❣️Ha kjærleiksdrikken i kjøleskapet og drikk innan 3 månadar. 

Anbefalt for: smaksopplevelse, lidenskap og etterfulgt av ein intim kveld. Bruk: som du begjærer, og nokon tips fekk du ovanfor 😉 

Etter ein slik fruktig urte- og krydderbasert trylledrikk, kan ein gjerne leike trylleshow vidare. 

Eg seier berre ❤️ Sensuell, 🖤Panterbalsam og 💚 Kroppsbalsam!

🔥❤️🔥❤️🔥


Eg fekk ein gong eit supertips av ei dame, som ville dele at ❤️​Sensuell blanda med den sirkulasjonsfremmande og sterke 🖤Panterbalsam, DET var saker! ⚡⚡ Eller: det fekk fart på sakene! Igjen er det desse herlege afrodisiakumene (oppkalla etter kjærleiksgudinna Afrodite sjølvsagt), som spelar så godt saman.

I intimsalven, eller massasjesalven (eller skal me berre gå rett på sak og kalle den for det beste ever glidemiddelet?) så leikar kardemomme og ylang ylang seg saman på stimulerande vis, og saman med den ekstremt nydelege taktile opplevinga Sensuell gir, så vert krydder og urter løfta til eit høgare nivå, spør du meg. Saman med Panterbalsam, som kan slå litt i frå seg, men på ein varm og sexy måte, så er det klart for å la seg forføre av dufter, kriblinger og mjuk hud. Eg anbefaler å ha desse på nattbordet, eg seier ikkje meir, la tankane leike!

Kroppsbalsamen då? Jo, her er det 🌿🌼💫sommarens universalurter, dei mest helande og styrkande sakene som får spela hovudrolla, og det inntylla i ein heilt vidunderleg smidig, glatt og skjønn konsistens av økologisk kakaosmør, bivoks og kamilleolje. 😊 Det blir så til dei grader deilig for ein full kroppsmassasje!


No er det litt for lenge sidan me slo opp massasjebenken vår, men no kjente eg at det kjem til å skje snarleg! Rolege rolege stryk over mjuk og deilig hud, berre gje og gje og nyte det 100%, eller ligg og ta i mot og kjenn kor verdt du er den opplevinga som blir gitt av rein kjærleik og lyst 🕯️💕

Klar for ein oppskrift til, heilt til slutt? For å vise endå ein måte å bruke noko av det mest utrulege naturen gir oss, nemleg honning🐝💫

🍯Kroppshonning! Denne blandingen er fabelaktig smakfull, aromatisk, sexy og lett å lage. Den er og beroligande på tørr hud, og funker knall som eit fuktgjevande sensuelt glidemiddel.


Korleis:

Bland alt saman med ein visp i ein liten bolle, og 💫DER var den alt klar til bruk!

Anbefalt for: søte kyss og øm, fuktig intimbehandling. Dryg i bruk, og bruk kor som helst du/de skulle få lyst på litt søte kyss💋.

Bruk: som hjartet vil!

Ok, me nærmar oss 💖Valentinsdagen (OG hallo, morsdag dagen før!), så om du ikkje er den mest spontane typen kan jo kanskje litt planlegging 10-12 dagar fram i tid vere noko? Eg er den spontane typen, litt vel mykje synest sikkert fleire 😆 men, min deilige partnar har bursdag i dag, så kanskje det blir ei hot og urtebasert overrasking på han i dag?

Uansett, nyt desse sanselege tipsa til fulle!

 

❤️helsing frå Renate