Solblomen blømer!!! 🌼 Og den går rett i vår fantastiske Augebalsam!

Solblomen blømer!!! 🌼 Og den går rett i vår fantastiske Augebalsam!

For 17 år sidan jobba eg intenst med resept på det eg ville skulle bli ein augebalsam som dekka alle mine behov: bort med hovne, slitne auge, og heller fresh og stram hud rundt augene så eg såg meir våken ut enn eg ofte var 😉 Og så skulle den sjølvsagt pleie og gje maks med næring med gode essensielle fettsyrer og vitamin og mineral. Etter mykje urtestudier måtte Solblom vere med! Eller Arnika som mange kjenner den som 🌼💛 Den skjønningen av ein blom kan nemleg redusere poser og hovne auge!
Eg dyrkar solblom for å kunne foredle og lage av eigenprodusert plante, men også for å vere med å halde liv i planten i Norge! Før var Solblom å finne mange stader som vill plante her i landet. No er den nesten utdøydd 😔 og kun litt å finne i den fantastiske floraen ved Bømlo og Karmøy, og kanskje nokre få andre stader. Mi oppmoding er difor å kjøpe økologiske  arnikafrø frå solhatt.no og forkultiver den inne, og så plante den i hagen du og! Ikkje spis eller drikk den (kan vere giftig innvortes), men nyt den og lag ev olje av den!
 
👁️ I Augebalsam er arnikablomen ein viktig ingrediens, og no er altså årets innhausting av eigenprodusert arnika i gang, 🌼 sjå kor fine dei er!
Solblom er altså vidunderplanten som reduserer hovne posete auge, og lagar eller kjøper du arnikaolje kan den med fordel brukast på plager knytt til hevelsar, blåmerker og mykje anna 🙌 
 
Då eg utvikla Augebalsam i 2007 sleit eg med hovne auge pga lite søvn som høggravid 🤰 så vart Ylva fødd, og det vart eit par år til med å bli vekt på natta 😅😴. Målet og motivet med Augebalsamen var då ein augesalve som førebygga og fjerna hovne auge, og jammen skal eg seie at den funka! 🤩 Aldri meir hovne auge på denne dama etter 2007! Sjølv ikkje når eg fekk Jonatan 6 dagar før eg vart 45, og no straks har hatt 5 år med å bli vekka så og seie kvar natt av denne godguten.
harvesting tindved og nesle
Wow, tenk det er straks 5 år mellom desse bileta!
harvesting tindved og nesle
Jonatan og eg i går då me var ute heile dagen og plukka roser til Rose- og rødkløverskrubben 🌸💕
Augebalsam satte eg saman som alle andre produkt hjå Vossabia: 🔍 nøye studier av urter og deira helseeigenskapar og næringssamansetting, og så koble saman dei plantane eg ville dra nytte av til ulike behov. 👀 Hovne auge var berre eit av måla med Augebalsam, og det viste seg at det vart mykje anna den også fungerte på for folk rundt i landet. Og det er jo ikkje rart med den eksklusive kombinasjonen av næring og høgkvalitets økologiske planteoljer som granatepleolje, saman med den (elsk elsk) beskyttande og fuktbevarande bivoksen 🐝
augebalsam
augebalsam
😍 Eg elskar at kundar tek våre naturprodukt i bruk med kreativitet og utfalding, for det er det urtene inspirerer til 💚 eit mangfald av bruksområde kan bli dekka. Og slik er det med Augebalsam og.
 
👉 I 17  år har mange fortalt om gode resultat på tørr, sår, raud og intolerant hud rundt augene, i tillegg til eksem, svie og rennande auge. Reduserte linjer, rynker, og pigmentflekkar både i ansikt og andre stader blir også mykje applaudert med Augebalsam, og me hadde eit spennande forsøk her då ei venninne frå Egypt budde her i 3 veker og brukte Augebalsam på linjer mellom brystene. Dei forsvann og vart glatta ut på den tida ho var her, så det var ei nøgd dame som drog heim att til Kairo.
Men aller mest varmar det når mange som ikkje tåler så mykje seier at «Endeleg, noko eg tåler på huden min!» 💫
 
Eg bruker Augebalsamen både som augekrem og 🌜 nattkrem (veksler mellom den og Tindved og Nesle) og synest huden virkar både yngre og meir spenstig. Og så har den sidan 2007 vore genial som sminkefjernar 🤯! Det same gjeld forresten Ringblomstsalve og Kamillebalsam. Og det er herleg når andre oppdagar det same:
augebalsam
🧡 Vossabia handlar jo om heilskapleg helsetenking, bevisstheit og nærleik til naturen 🌱 - her er det råstoff frå biene 🐝 og nøye utvalde urter som gir god pleie og raske resultat ✨ Eg berre elskar å kjenne den reine naturen på huden og aller mest gir det meg ro og trygghet å vite at eg berre tilfører hud og kropp nærande saker frå planter og bienes magiske verden 🥰💚
 
Sånn også med Augebalsamen 👁️ Og det var ikkje berre hovne auge eg fann gode planter mot (solblom). Granateple utmerka seg også! Etter å ha lest ny forsking om fantastisk granateple i 2007, så var det ingen tvil om at den skulle vere med i augebalsamresepten! Dokumentert effekt mot linjer og rynker pga det høge antioksidantnivået, og dermed rett inn i oppskriften med granateple ❤️!
Augebalsam og Granateple
🌱 Hamp gjer Augebalsam grøn. Det er nydeleg økologisk hamp i den, og hampfrøolje er fantastisk for tørr hud. Få meir vitalitet til huden med hamp, og så nærer den stram eller tørr hud og forhindrer flassing og kløe. Noko av det beste med hamp er at planten bidreg med anti-inflammtoriske eigenskapar. Nokon studier på hampolje syner at molekyler og kjemikalier i hampolje kan vere gunstige for tilstandar som eksem, psoriasis, aknearr, tørr hud, rynker, og den styrkar hudens naturlege barriere 🤩 Ein verkeleg spennande planrte, som Vossabia har brukt i 20 år no! For du finn denne superplanten i Kamillebalsam også, utvikla i 2004!
 
💧 Og så SQUALANE då! Den fantastiske nærande planteingrediensen som kjem frå oliven, og som eg også brukar i Kuldekrem. Vel, eg måtte ha den i Augebalsam også, då den oljen er så mild, så mjukgjerande, beskyttande og pleiande! Og så tek huden kjapt opp denne fuktighetsbevarande oljen. Squalane passar supert til mange slags hudplager som eksem, psoriasis, kviser, aldersflekkar og mykje meir, og så gjer den at produktet blir så utruleg smidig og deilig å smøre utover ✨ Eg digger squalane! Og eg elsker Augebalsamen vår! 😍
Pakketilbod med Augebalsam
👀 Håpar du og får augene opp for Augebalsam, slik at den kan gjem eir nytte og nytelse rundt omkring. Og no med nyplukka Solblom frå hagen i krukkene og!
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia