Ryllik ❀ botanisk magi for hud og helse!

Ryllik ❀ botanisk magi for hud og helse!

Ryllik! ❀🤍 Denne robuste og anerkjente botaniske og medisinske planten, har ein spesiell plass hjå dei som har kunnskap om planters eigenskapar for hud og helse 💚 Ryllik har vore verdsett i hundrevis av år som ingrediens i urtemedisin for sine fantastiske eigenskapar, og dermed også som ingrediens i effektive hudprodukt. Vossabia har vore stor fan av ryllik i alle år, er stadig forundra over dens spesielle eigenskapar, og har den sjølvsagt med i fleire produkt.
Bli kjent med ryllik og utnytt kraften av denne heilt spesielle planten for å gje hud og hår nokon ekstraordinære fordelar!
Ryllik heler sår, harmoniserer blodet, foryngar huden, lindrar forkjølings- og influensasymptom, fremjar fordøyelsen, og har vist seg i ulike studier å vere til nytte for menneske med kreft og multippel sklerose…seriøst, kva kan ikkje denne planten gjere?! 🤩
Rylliken kan forekome i rosatonar også 🩷💜, men er mest vanleg i den ville naturen som kvit 🤍 Sjekk kor vakker den rosa rylliken er!
Ryllik som akkurat er i gang å bløme, og ei skjønn marihøne eller lykkedyr som den blir kalla 🐞
 
 
La oss sjekke den nærare ut!
Ryllik, denne robuste og høgt skatta botaniske bomba, har ein spesiell plass i hudpleieformuleringer. Den aromatiske og kraftige planten symboliserer styrke og helbreding ❤️‍🩹 og ryllik har blitt verdsatt i århundrer for alt den kan gje oss. Plantens astringerende (samantrekkande) og betennelsesdempende eigenskapar gjer den til eit fyrstevalg for å roe ned og revitalisere huden. Med ei rik historie og svært mangfaldig tradisjonell bruk, har ryllik bestått tidas prøve som ein alliert og ein plante å stole på i hudpleie ✨
Ryllik og perikum er ein knallgod kombinasjon, og eit studie viste at denne komboen er spesielt god på sårheling. Og dei er saman i symfoni med rødkløver i Kroppsbalsamen vår 😉 og her blir den plukka på 855 m.o.h.
 
 
Produkt med ryllik
 

 

Ryllikplanten for sårheling og hudhelse ❀❤️‍🩹
I tusenvis av år har ryllik blitt brukt til å helbrede sår og stoppe blødningar 🩹 Med denne planten i heimen er det som å ha eit heilt medisinskap for å helbrede skadar.
 
Her er nokon måtar den kan brukast på:
 
👉 Ryllik på huden: eksem, kviser, rynker, solbrenthet og kløande insektstikk. Betennelsar, åreknutar, hemoroider. Dette er nokon av bruksområda denne mangfaldige og kraftfulle planten kan bidra med.  Ein gjennomgang frå 2021 av ryllik slo fast at ryllik har potensial for hudhelse på grunn av fleire kvalitetar, inkludert å vere beroligande for huden, betennelsesdempande, hudforyngande, antimikrobiell og antioksidant.
 
👉 Stoppe blødningar: Ryllikplanten er ei styptisk urt, noko som betyr at den hjelper til å stoppe blødningar. Når den blir hakka opp (tørka eller fersk) eller berre most og lagt på området med bløding, kan ryllik stimulere blodet til å koagulere og dermed hjelpe med å stoppe blødningar 🩹 Er du ute på tur, langt frå medisinsk hjelp, så er dette nyttig å vite. Å bruke ryllik til å stoppe blødningar kan vere så enkelt som å mose blada og legge dei på området. Den er og kjent for å stoppe naseblod. Du kan og bruke pulverisert ryllik til å stoppe blødningar.

👉 Sårheling: Ryllik er eit antimikrobielt middel som kan hjelpe å halde sår fri for infeksjon. Dette har vore kjent i tusenvis av år, og planten vart kalla Soldaturt då den vart brukt på blant anna romerske slagmarker for å hindre infeksjon og stanse blødande sår. Nyare studiar har ytterlegare bekrefta rylliks gåver for sårheling. Ei studie viste at olje infusert med ryllik var effektiv til å redusere betennelse på huden.
 
👉 Svettedrivande plante: Ryllik aukar sirkulasjon til huden og har svettedrivande effekt 💦 Det gjer at ryllik er ei av dei mest kjente plantane for å få ned feber. Drikk du te av ryllik eller brukar ein sterk te oppi badevatnet når du begynner å få feber, så vil det virke avslappande på huden, opne porene, og dermed dempe feberen. Svettingen bidreg og til å driva ut giftstoff frå kroppen, og ryllik er og god ved forkjøling, influensa, hoste og sår hals.
 
👉 Og det stoppar ikkje der, for: Ryllik for fordøyinga, ryllik for hodebunn og håravfall, ryllik for livmora, ryllik for kvinneplager, ryllik for munnhelsa, ryllik for urinvegane, ryllik for MS-pasienter, det har til og med vore nokre nylege studier som viser førebelse spennande resultat angåande ryllik for kreftpasientar 🤩👏
 
Kva er det denne planten ikkje kan brukast til! Ryllik er berre heilt rå! Anbefaler alle å lese meir om ryllik, bli kjent med planten, plukke og bruke! 😉
 
 
🐝
 
 
All produksjon av produkta skjer for hand på garden her, nøye og kontrollert. Men det er også mykje dyrking, plukking og foredling for hand av plantane her 👩‍🌾 Me brukar sansane for å velge dei beste plantane, og kun dei med høgast kvalitet kjem i korga 👁️‍🗨️🧺 Her er det fleire tilsette som har opplevd at Dronningbia kaster ut att planter frå korga deira, om ikkje kvaliteten er høg nok 😜
ryllik
På Hardangervidda hender det at me får besøk av nysgjerrige geiter 🐐 som lurer på kva me held på med egentlig 👀 Heldigvis så et ikkje geiter eller kyr mykje ryllik, då det er så bittert på grunn av det store innhaldet av alkaloidar.
Jonatan hjelper til med ryllikplukkinga! Han er blitt så ivrig: Sjå mamma, der er det ryllik!
Marihøner liker ryllik dei og! 🐞 Me møter mange artige skapninger når me plukker ein og ein ryllik 🪲 Dei blomane som er opptatt får sjølvsagt stå.
Det er vanskeleg å la vere å plukke med seg ein fin blomebukett 💐 også når ein er ute og haustar inn ryllik på seinsommaren.
Hei, eg heiter Achillea Millefolium, og det betyr 'tusen blader' sidan eg har så mange fine små blader tett i tett, nesten som ei fjær 🪶

✨ Opplev den transformative krafta av ryllik. La denne robuste planten pleie og forynge huden din, og lås opp dens naturlege glød og vitalitet 💚 Omfamn ei hudpleiereise som feirar ryllikens eigenskapar, og oppdag den harmoniske balansen ryllik skapar både aleine, men også saman med andre plantar ❀🌱🌿

No skin sola, så då er det berre å finne fram korg og saks igjen 🧺✂️: ut og plukke ryllik! Så blir det ein kopp ryllik-te litt seinare ☕️
ryllik
🤧 Her er ein oppskrift som er god ved forkjøling og influensa:
· 1⁄4 kopp tørka ryllikblad og blomar
· 1⁄4 kopp tørka hylleblomar
· 2 spiseskjeer tørkede nyper, kuttet og siktet, eller 1⁄4 kopp tørkede hele nyper
· En stor klype tørket mynte
· 2 koppar vatn
· Honning, etter smak (valgfritt)
· Eller kva med ein kopp Te for Tarmen med ryllik:
· 2 ss tørka eller ferskryllik
· 2 ss geitramsblad
· 2 ts peppermynte
· 2 ss løvetannblad
· 2 koppar vatn
· Honning, etter smak (valgfritt)
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia