🌷 Rosejakt over fjell og fjord 🏔

🌷 Rosejakt over fjell og fjord 🏔

Det var ikkje anna å gjere enn å legge ut på reise igjen. Verkeleg rett frå Nord Kypros til Sogn, der det var kome 20 rosebuskar til meg, som måtte hentast kjapt for å få kome i god jord på Vossabiagarden 🪴🐝💗
👩‍🌾 I hui og hast må eg no velge plassering i ein av hagane mine, designe ein rosehage som blir både vakker og praktisk. Praktisk er nemleg viktig, for dette er fantastisk råvare til den utruleg populære ansiktsskrubben Rose- og rødkløverskrubb. Den er så populær at eg må sikre meg meir roser på eigen grunn. Til no har eg for det aller meste hausta roser i vill natur og usprøyta kantar, samt ville roser frå våre økologiske enger. Men, det er ikkje nok 😅 og det går heilt fint at eg no lyt anlegge rosehage her.
Rose- og raudkløverskrubb til ansikt
Tenk så perfekt å få både sterke sanseopplevingar, fysisk arbeid og viktige råvarer til produkt på ein gong! 💓 Ja, for roser til hud og kropp og sinn, å helledussen, dette er ei intenst god plantefamilie, berre sjekk lenger nede for alle superfordelar med roser 👇 og til og med ein oppskrift for den som orkar lese heile saken! Ja, for roser er berre så fantastiske, og har enormt mykje spennande ved seg, både duftmessig, medisinsk, historisk, til mat og drikke og sjølvsagt til velvere for sinnet og for vakker hud 🌹🌷 Rosene får fram gudinnene i oss!
Rose- og raudkløverskrubb til ansikt
Mi rosereise i går var også vakker, alt som har med roser å gjere har nemleg ein tendens til å bli akkurat det 🥰 Jonatan vart med mamman sin over snødekte vidder på Vikafjellet, så nedover til Vik med den mest fantastiske overgangen frå fjell til fjord. I Vik hadde eg sjølvsagt planlagt ein herleg frukost med sandwich med gamalost som dei produserer kun der i heile landet, med tyttebær og rømme. ⛴ Så vart det ferjetur på blikkstille fjord, før me køyrde gjennom vakre bygder der frukttrær og vakre hagar begynner å merke våren med knoppskyting og til og med litt bløming i gult 🤩 Åberge Planteskule var målet, og denne familiebedriften er ein av mine favorittar når det handlar om å kjøpe planter. Uavhengig av kjeder, og driven av entusiastiske søsken som verkeleg kan sakene sine. Dei har eit heilt nydeleg hagesenter i kanten av Sognefjorden rett før Sogndal. 👩‍👦 Både Jonatan og eg kosa oss glugg, og det vart ikkje berre rosene som vart med heim att!
👆 Jonatan og mamma på flotte Åberge planteskule for å hente rosebusker.
 
Ein av mine tidlege opplevingar med roser var gjennom mamma sin rosehage, og hennar kjærleik for desse vakre og varierte blomane 💘 Eg tok mamma med til Queen Marys Rose Garden i London, ein nydeleg hage, for å dele roseopplevinga med ho, og me sniffa og snuste og sansa oss gjennom eit enormt tal roser av alle variantar og var heilt euforiske begge to 😍 Duften av rose er ofte så intens og så forførande, og får deg på eit innpust til å lande og vere tilstades her og no. Roen kjem, stresset forsvinn 💆‍♀️ Og det nuet du då landar i er ein skikkeleg deilig plass å vere 💕 For eit nydeleg minne dette er å ha i minneboka etter mamma som gjekk bort på omtrent den alderen eg sjølv er no. Alt for tidleg.
 
🥺 I sorg og tristhet er roser gode helbredarar og. I ein urtepodkast sa herbalisten Liz Knight akkurat det: at roser opnar oss opp for å snakke om tap og om sorg, og mjukar oss opp til å dele erfaringane våre som kan vere såre og triste ❤️‍🩹 Roser spesielt, men også sitronmelisse er viktige planter som kan vere helbredande ved blant anna sorgkjensler. Planter er så ubegripeleg interessante, ved at dei ikkje berre gir oss noko nydeleg å drikke, ete, sjå og dufte, men også ved måten dei kan påverke sinnet vårt. Planter gir og gir, på så mange nivå 🌱💚 Det er verkeleg enormt spennande og styrkande å erkjenne ✨
🌸 Så roser ved sorg, den djupe kjensla av tap. Roser når ein kjenner på grenser, på det vakre, på humanitet. Me treng verkeleg roser no, slik verda ser ut, for å hele og styrke oss når humaniteten i verda er i fall… ❤️‍🩹 ja, dette kjenner eg på her eg sit, før eg skal ut og grave og plante roser i fleng. Men, kva elles er det med roser då? Eg laga ein liten spørsmål/svar under her, og held du ut til enden, så ligg det ein juvel av ein roseoppskrift til deg der 💎😉
Rose- og raudkløverskrubb til ansikt
🌷 Så, frå ei som skrubber roser inn i huden og let dei rense og styrke seg. Frå ei som legg roser på sprit, lagar te, brukar i mat og krydderblandinger. Som ser og snuser på roser, leiker med dei og nyter dei, og drar innom botaniske hagar overalt i verda eg havnar, for å nyte rosene. Som vrir hovudet bort frå vegen når eg køyrer forbi ville roser og kultiverte roser. Her får du nokre fine fakta om roser:
Her får du nokre fine fakta om roser
Her får du nokre fine fakta om roser
Ja, og så mykje meir kan bli sagt om dronningen av blomar! 🌹💕 Historisk viktig, brukt i medisin og skjønnhet i tusenvis av år, og berre heilt sanselege sjarmbombe som det no blir endå meir av her på garden! 🤩
 
👉 Før eg spring ut og graver hull til rosebuskane vil eg dele denne deilige oppskriften som nevnte herbalist Liz delte i første omgang:
Rose krydder- og nøtteblanding DUKKAH
Rose, safran, vanilje, kardemomme og nøtter. Alt søtt og deilig kvar for seg, og saman blir det ei uimotståeleg blanding du kan bruke til uendeleg mange ting: naturleg søtning på mat, sprinkle på jogurt, ha over glasuren pp gulrotkake, ha oppå havregrauten saman med honning eller lønnesirup, over fruktfatet, rull sjokoladedippa kjeks i blandingen, ha på iskremen, og til og med i kaffen eller te.
 
Ingrediensar:
· 4 dl tørka roseblad
· 100 g hasselnøtter
· 100 g usalta pistasjnøtter utan skal
· 1 ts kardemomme
· Frø frå 1 vaniljestang
· Ein pinch med safran
 
👉 Slik gjer du det:
Rist hasselnøttene i panne eller ovn. Viss dei har skal, så rull dei i eit kjøkkenhandkle så fell skalet av. Ha så nøttene i kjøkkenmaskina, køyr den litt til dei er i små bitar. Ha oppi roser, kardemomme og vanilefrø og køyr litt til med maskina. Ha til slutt i safran og bland igjen. La alt kjøle seg ned og ha på lufttette glas. Bruk og nyt!
💕 Håpar du lot deg inspirere av roser du og, og kanskje lærte du noko nyttig og gøy? La oss få rosene endå meir i bruk! 🌹 Her er andre Vossabia produkt og pakketilbod som inkluderer deilig rose:
Tindved- og nesle til ansikt
Perfekt pakke til ansiktet
Senk Skuldrene Heimespa
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia