Relansering av solkremen☀️

Relansering av solkremen☀️

Mindre kvit på huden, og med endå meir superplantar som TINDVED og SHEA!
Mindre kvit på huden, og med endå meir superplantar som TINDVED og SHEA!


Det er faktisk straks 15 år sidan eg utvikla den solkremen som har vore med i Vossabias sunne sortiment sidan 2007. Tida flyr, og på desse 15 åra har det rent inn med utruleg rørande tilbakemeldingar om korleis vår naturlege solkrem har fått soleksem til å forsvinne, svie og rennande auge har blitt historie for mange, og ikkje minst har det vore særs mange meldingar om den gode solbeskyttelsen og den fine brunfargen folk har fått med Vossabia solkrem🤩
Og så er jo eg veldig glad for alle dei sunne sakene folk får i seg når dei smører denne på born og vaksne også 😊


Me var så supernøgde med solkremen, heilt til Urtegaarden i Danmark konsentrerte det trygge solfilteret seinsommaren 2019 (det vart nok endå meir stabilt då..) 🤔 og det har gitt oss hodebry pga det kvite, kvite filteret vart då vanskelegare å smøre inn i huden, og fleire meldte om Kaptein Sabeltann-look.


Den ekstra kvite varianten er no heldigvis historie, men, tips: ikkje overdriv som Jonatan, solkremen er dryg og det er lurt å lage ein strek med pumpa så ser du kor langt du kan smøre utover med liten mengde 👍😉
Gjett om det har gitt meg masse hodebry og mange mange timar med utforsking og utprøving på ny oppskrift for å oppretthalde dei fabelaktige eigenskapane, og få lettare smurt ut det gode (men KVITE) solfilteret.


Men, absolutt ikkje forgjeves! 🧡 NO er eg så fornøyd, og jammen har ikkje berre det trygge, naturlege solfilteret blitt lettare å få utover huden og minska kvithet skikkeleg, MEN, eg har også tilført endå meir og fleire av dei beste planter eg veit for at solkremen ikkje KUN skal gje god breispektra solbeskyttelse, men vere eit SUPERKINDEREGG for hud og kropp og gje store mengder næring som pleier, reparerer, mjukar opp, tilfører vitaminer og fettsyrer og er med å gjere det til ein superfantastisk solkrem!☀️


Len deg tilbake og les om alt det gode i Vossabia relanserte solkrem:

TIOSOL
Flytande fysisk solfilter med non-nano titandioksid.

Solkremar som nyttar mineralfilter som solfilter er kalla fysisk, eller mineral solkrem, som då altså gjeld Vossabia solkrem som nyttar titandoksid med non-nano partiklar. 💫Dette legg seg som ei hinne på huden, og reflekterer solstrålene så dei sprer seg og ikkje går inn i huden (som kjemiske solkremar gjer), og beskytter dermed også mot oppvarming nedover i huden. 

Mineralbaserte fysiske solkremar (som kjem anten frå sinkoksid eller titandioksid), er nevnt i fleire studier dei siste 15 åra, som dei einaste trygge og sunne solfilter for folk og miljø, inkludert i ein rapport frå det amerikanske helsedirektoratet FDA (2019). Eg brenn verkeleg for dette med trygge solkremar, og er så sjokkert over innhaldet i “vanlege” solkremar, og når FDA som den autoriteten dei er, også skriv under på det, synest eg det er rart at det ikkje blir forbudt med kjemiske solkremar. Vel, det er faktisk forbudt på Hawaii, på grunn av skaden det gjer på korallreva! Kva då med helsa til oss menneske, og dyreliv og fisk og anna i miljøet og kretsløpet som får i seg restar frå dette? 🙈

EWG - Environmental Working Group - er ein organisasjon som arbeider for å formidle oppdatert forsking for å gje forbrukarar høve til informerte val til ein sunn og god livsstil og for eit trygt miljø. Dei har rapportert at dei siste års forsking syner mange bekymringsverdige ingrediensar i kjemiske solkremar. Ei rekke studier peikar på dei hormonforstyrrande effektane i tre vanlege ingrediensar i solkrem, og no har også Europa Kommisjonen publisert at tre andre kjemiske solfilteringrediensar er potensielt meget skadelege også. 

👇😰

“The ingredients oxybenzone, octinoxate, octisalate, octocrylene, homosalate and avobenzone are all systemically absorbed into the body after one use (Matta 2019, Matta 2020), according to studies published by the FDA, which also found that they could be detected on the skin and in the blood weeks after no longer being used (Matta 2020). Previous studies detected many sunscreen ingredients in breast milk and urine samples (Schlumpf 2008, Schlumpf 2010).” https://www.ewg.org/sunscreen/report/the-trouble-with-sunscreen-chemicals/ 

Difor er eg veldig glad og stolt over å ha kunne tilbudt sunn og trygg solkrem i 15 år! 😊 Det fortente ei relansering og delux-variant for å understreke med sterk tusj kor viktig eg synest det er med førebyggande helse og heilskapleg tenking! Ja, utropstegn! 😉

TINDVED🧡

Eg har blitt heilfrelst på denne fantastiske planten som egentlig er ein stor busk/tre. Etter å studert eigenskapane og innhaldet i den over fleire år no, og så utvikla den nydelege Tindved og Nesle nattkremen, så låg tindved framme i pannebrasken når eg no utvikla vidare solkremen. 

Tindved tilfører masse oransje farge, som er fordi den inneheld så mykje a-vitamin (karotin), og det gjer no solkremen heilt ferskenfarga i staden for kvit. 🧡Det er ein gyllen solkrem du no kan smøre utover, og vipps så er det slett ingen fare for Kaptein Sabeltann look-a-like i sola, men ein gyllen fin farge som klarer å døyve det kvite filteret (som uansett ligg inni der og er kvitt). Med ein tynn strek frå pumpeflaska på huden du skal smøre så er det no ingen sak å få den lett og glatt utover med gyldne tonar tilført huden. Takk, kjære Tindved🙏

MEN, høyr no. Tindved er faktisk ekstremt spennande når det kjem til beskyttelse frå UV-stråler frå sola! Oppsummert meiner forskarar at tindvedolje virker å beskytte mot skader og forstyrrelsar frå solstrålene i huden, og dermed er ein meget lovande naturleg ingrediens i foto-beskyttelse av huden (i motsetnad til foto-sensitive planter som bergamot og andre sitrusarter bl.a. som kan gje solbrenthet raskt, så ikkje bruk dagkremer med sitrus).

For dei som er interessert kan de blant anna lese meir om forskingsresultata i denne artikkelen: Agnieszka Gęgotek et al (2018): “The Effect of Sea Buckthorn ( Hippophae rhamnoides L.) Seed Oil on UV-Induced Changes in Lipid Metabolism of Human Skin Cells”. 

I tillegg er tindved ein glitrande olje å bruke som ingrediens i etter-soling produkt, igjen pga sine ettertrakta eigenskapar knytt direkte til næringssamansettinga☀️. Oljen revitaliserer og beskytter huden ved å auke kollagen-nivået i huden. Det auka kollagennivået reduserer også inflammasjon frå UV-stråleskader i huden, og den er effektiv i heling av huden etter forbrenning. Så eg skal i alle fall bruke Tindved og Nesle etter lange timar i sola!

Tindved er, som nevnt i tidlegare nyhetsbrev, stappfull av supernæring. Planten inneheld eit kraftig nettverk av antioksidanter, inkludert høge nivå av vitamin A og E, som hjelper å reparere huden. I tillegg inneheld tindved vitamin B, C og K, samt viktige essensielle fettsyrer, og heile denne næringspakken er også kjent for å absorbere UV-stråler. Og så er det alle eigenskapane den har ved gjenoppretting av huden, på rynker og linjer, ved sensitiv hud, eksem, og generelt tørr hud. 

Med tindved i solkremen til Vossabia er dette no blitt delux-solkrem! 😊👍

SHEASMØR

Shea er eit tre som veks vilt i Afrika, og det kan bli opp mot 20 meter høgt! Det tek heile 8-10 år før det ber frukt, men deretter kan det produsera frukt i over 200 år! Ganske spennande tre, eller? Men, det som verkeleg er interessant er fruktens innhald og eigenskapar. Også her er det bra nivå av den viktige E-vitamin, gode fettsyrer, og så inneheld shea ein spennande ester: kanelsyre-ester, som gir solbeskyttelse til oljen/fettet. 

Så då gir det meining at eg no er stolt over å presentere endå ein superplante inn i solkremen! 😊 Shea er også noko dei fleste toler godt, og den er svært mjukgjerande, samt at den er anti-inflammatorisk. Eg synest eg blir så mjuk på hendene av solkremen, så eg bruker den jamnleg som handkrem, og då er både shea og tindved med å bidra i den mjukgjeringa.

JOJOBAOLJE

Jojoba er også viktig hjelpar til å mjukgjere huden, og dette lille treet jojoba sin olje beskytter huden ved blant anna å binde hudens fukt. Ein spesiell ting med jojoba er at oljen (eller flytande voksen som den er) er veldig stabil, og denne stabiliteten gjer den godt egna i solprodukt då den bidreg til å motstå oksidering. I tillegg er denne også rik på E-vitamin, og studier viser at vitamin E kombinert med andre antioksidanter, kan hjelpe godt mot solskada hud, og jojoba inneheld begge deler. ⭐Jojoba er også super after-sun ingrediens som beroliger huden raskt.

KOKOS:

Kokosolje har blitt veldig populært dei siste åra, og mange kjenner til ein del av kokosfettets gode eigenskapar både innvortes og utvortes. 🥥 Kokos er super ved tørr hud, tørt hår og så tilfører den viktige fettstoff som roer ned sensitiv og irritert hud. Det er rikt med antioksidanter, gode essensielle fettsyrer inkludert den interessante fettsyren laurinsyre som er den viktigaste i kokos. Den samansettinga er rekna blant grunnen til at kokos fungerer godt som antibakteriell, soppdrepande, anti-inflammatorisk ingrediens. 

RINGBLOMST:

Til og med solkremen til Vossabia har den fantastiske ringblomsten på ingredienslista! 🌼Universalen over alle! Med eigenskapar du kan liste som i ei lang bok. Eksem, utslett, forbrenninger, sår, heling av skada hud, kviser… Ja, eg stopper meg sjølv, det kan bli for langt  😉

Så, om folk var nøgd og fekk masse nytte og glede av Vossabia solkrem dei fyrste 15 åra, så gleder eg meg til at mange no dei neste 15 åra skal få kjenne endå meir plantekraft tilført kroppen saman med naturleg, trygg, effektiv og sunn solbeskyttelse!

Kun det beste er godt nok 🤩🌞 Hurra for deluxsolkrem! 

Vårhelsing frå Renate

🐝 Vossabia