Plaga av psoriasis? 😕

Plaga av psoriasis? 😕

Psoriasis, oppkalt etter det greske ordet som betyr ‘kløe’, kan i stor grad påverke  livskvalitet og psykisk helse hjå den som er ramma, på grunn av sjukdomens synlege og ubehagelege natur 😣 Eg føler verkeleg med dei som lir av psoriasis, og det fysiske ubehaget, hud som sprekk og blør, den slitsame kløen og sårheita som følger med. Alle desse symptoma kan sjølvsagt påverke søvn, bevegelse og andre daglege aktivitetar, noko som kan føre til generell uro 😰 Men, hei, ikkje ver redd, for Vossabia har kanskje akkurat det du treng! Nedanfor finn du både gode Vossabiaprodukt me har to tiår med erfaring med, og enkle urtetips som kan hjelpe og lindre 🐝💚
I løpet av Vossabias 20 år har eg møtt enormt mange som slit med psoriasis. Mange har strekt fram hender og armar på marknad, fortvila, og ofte resignert, spurt om eg har noko som kan hjelpe 🙏 Og det er denne ytre symptomlindringa som er mest behov for i fyrste omgang. Er du ramma treng du å smøre deg med noko som vil minske ubehaget og lindre plagene. For psoriasis er komplekst og komplisert, og ein heilskapstenkande behandlar ville og starta med ytra lindring fyrst, før ein ser på målretta indre behandling og livsstilsendringar for å få tak i kva prosessar som påverkar akkurat din psoriasis 💆‍♀️
Heldigvis har Vossabia i 20 år lindra mange sine forferdelege psoriasissymptom, og gjort kvardagen mykje betre. Og det vil me dele her. I tillegg kjem det sjølvsagt ein del tips om urter å få i bruk i kvardagen sin som kan hjelpe og støtte ved psoriasis, til både ytre og indre bruk 💚🌿
 
Mi gode venninne Wenche 👇 har hatt enormt god hjelp av Kamillebalsam og fleire andre Vossabiaprodukt for sine store psoriasisplager, og ho seier stadig at Vossabia har redda ho 💚
kamillebalsam
Huden og psoriasis – kort forklart 
Hudens funksjonar:
👉 Huden er kroppens største organ (ca. 2 m²).
👉 Den fungerar som ei immunologisk barriere, utskillingsorgan (kvittar seg med avfallsstoff) og termoregulator (regulerbar kroppstemperatur).
👉 Huden består av tre lag:
· Epidermis: Ytre, vassbestandig lag.
· Dermis: Inneheld blodårer, sveittekjertlar, nerveendar og hårsekkar..
· Subcutis: Inneheld fettvev som isolerar og er hormonelt aktivt.
 
Psoriasis og keratinocytter:
👉 Psoriasis dannar flak/ plakk som består av keratinocytter, celler som normalt beskyttar og gjer huden vasstett.
👉 I frisk hud tek det 28 dagar for keratinocytter å modnast og flasse av, men ved psoriasis skjer dette på berre 3–4 dagar.
👉 Umodne keratinocytter dannar plakk som blør lett og ikkje fungerar som ei effektiv barriere, noko som fører til kløe, irritasjon og sårheit.
 
Inflammatorisk syklus:
👉 Psoriasis skapar ein vond sirkel av hud- og systemisk betennelse.
👉 Pro-inflammatoriske cytokiner (kjemiske budbringere) aktiverar immunceller som fører til unormal vekst av keratinocytter og fleire betennelsesreaksjonar, noko som forsterkar problemet.
Kjelde: https://www.herbalreality.com/condition/psoriasis/
Så kva er våre supre salver som har hjelpt så mange med psoriasis? 🐝
produkt for psoriasis og eksem
💛 Kamillebalsam
Fyrst og fremst må eg nevne Kamillebalsam! Den har eg blitt rørt av så ekstremt mange gonger etter folk har fortalt kva som har skjedd av lindring og betring. Endå meir rørande er det når eg kjenner på at den lille grøne boksen faktisk påverkar liv til enkeltpersonar i ei slik grad at det aukar kvardagsgleda og sjølvkjensla 💚 ved å fjerne ubehag ein trudde kanskje aldri ville sleppe. Fy flate, det er så fantastisk det! 🤩
 
For ca 17 år sidan fekk eg fyrste meldingen om ein kar som hadde fått vedtak frå NAV på å få dekka ein større sum pr år til Kamillebalsam, då hans hudlege såg at den var det som virka best for hans plager 🫶 Eg var heilt sjokka då han sindig og roleg fortalde om dette, denne eldre mannen frå Hardanger. Eg berre: oj, dette er jo faktisk stort! 😱 Det er litt av eit nålauge å få det til, sa eg. Jaudå, sa han, men då treng eg kvitteringane, kan du sende meg dei? Haha, roleg harding!
 
Det har vorte mange slike historiar, og Kamillebalsam sluttar aldri å imponere. Kamille er, som kjent, særs beroligande, noko som er viktig ved psoriasis. Men, det er mange fleire eigenskapar ved kamille som gjer vår grønne godsak ein go-to ved psoriasis.
 
Korleis Kamillebalsam kan virke på psoriasis:
👉 Antibakteriell og betennelsesdempande: Kamillebalsam kan redusere betennelse og beskytte huden mot infeksjonar.
👉 Beroligande og helande: Kamille kan dempe kløe, lindre smerte, og gje raskare heling av sår hud.
👉 Kamilleplanten har elles ei næringssamansetting som kan hjelpe spesifikt med dei typiske plagene ved psoriasis:
· Karoten: Glattar ut huden.
· Eteriske oljer: Virkar betennelsesdempande og antibakterielle.
· Alkoholer (f.eks. kolin): Dannar ein beskyttande film på huden og motvirkar irritasjon, og støttar hudens helingsprosess.
· Flavonoider: Beskyttar huden mot ytre påverknad.
· Salisylsyre: Har antibakterielle, betennelsesdempande og smertestillande egienskapar.
 
Kamillebalsam kan altså redusere psoriasis-symptoma, men bidreg og til å bygge opp att hudens naturlege balanse og beskytte mot ytre påkjenninger 💛
kamillebalsam
🌼 Ringblomstsalve
Ringblomstsalve inneheld den sårhelande knalloransje blomen, som eg i dag har plukka på akkurat 500 m.o.h. hjå ei av mine nye samarbeidspartnarar, Nina.
ringblomstsalve
Ringblomstsalve har eg og fått kjempemange tilbakemeldingar på når det gjeld kløande, plagsam psoriasis 🌼 Ringblomsten sjølv har vore brukt i mange hundre år for sine kraft og helande evner. I tillegg er blomen mest brukt for og kjent for dei lindrande og særs sårhelande eigenskapane 🩹 Makan til kjapp sårheling, og det med mindre arrdanning enn du kan tru! 🧡 Og når det gjeld psoriasis, så er det desse helande og anti-inflammatoriske eigenskapane som hjelper. I tillegg har vår Ringblomstsalve MASSE ringblomst i ulike former, samt den fantastiske lavendelen 🪻 Lavendel er nemleg og ein plante typisk nevnt i urtelæren ved psoriasis.
ringblomstsalve
💚 Kroppsbalsam
Kroppsbalsam med ville urter inneheld ein del kamille, noko som straks gjer den interessant for psoriasis, noko og mange tilbakemeldingar syner. I tillegg er det rødkløver, perikum og ryllik i den, som alle er urter kjent for å vere god ved eksem og psoriasis ❤️‍🩹
kroppsbalsam
🌿 Sjampo
Sist, men absolutt ikkje minst: SJAMPO MED VILLE URTER!!
Altså, alle dei hodebunnane som har fått det betre rundt om i landet!! 💚 Eg er utruleg glad for at sjampoen har hjelpt så mange, og det har berre rent inn med tilbakemeldingar i høve psoriasis i hodebunnen i mange år. Alle urtene er gode for eksem og psoriasis, men brennesle i sjampoen er superbra! Den kan lindre godt på psoriasis, men kvifor det? 🤔 Jo, fordi næringsrike urter som er særs mineralrike, som brennesle, er viktig fordi den akselererte produksjonen av keratinocyttersom skjer ved psoriasis krev eit høgt mineralinntak og kan dermed tappe kroppen sine mineralreservar. Samtidig støttar brennesle lymfesystemet.
 
Så eg ville i tillegg til å bruke Vossbia sjampo, laga TE av nesle ☕️ Ha og i klengemaure og løvetannblad, som er tilsvarande mineralrike og gode for lymfene.
sjampo
💡☕️ Te av gode urter er faktisk eit av tipsa eg ville gje i dag. Te av peppermynte, rosmarin, salvie, lavendel, kamille og sitronmelisse, er nokon tips som kan støtte kroppen og lindre psoriasis. Soppen chaga er og noko å ta i bruk! Den har i fleire studier synt gode resultat ved psoriasis 🙌
Få i bruk urter som motvirker kløe, då desse også ofte hjelper mot betennelser og fremjer heling. Kamille, peppermynte, legestokkrose og lavendel er gode alternativ der. Ringblomst i te er også å tilrå på grunn av den sårhelande effekten, samt at ringblomst kan gjenopprette celleprosessen til ein meir passande syklus. Ringblomst er og lymfestimulerende og hjelper kroppen med å eliminere avfallsstoff.
Brennesle er lurt å bruke både i sjampo og i te og mat om ein er plaga med psoriasis.
 
💡 Eit anna tips er å lage seg eit urte-vatn, dvs avkjølt te, og ha det på ei sprayflaske når psoriasisutbrotet gir aktive, væskande sår. Då kan eit urtevatn fungere betre enn ein salve, då den vassbaserte urtesprayen vil kunne virke umiddelbart kjølande og kløedempande 😮‍💨 Når den fasen er over, og det ikkje væskar, så er det berre å smøre med dei anbefalte produkta 😉🐝
deodorant
Det er sjølvsagt mykje meir å seie om psoriasis, men det vitkigaste er å få i gang den ytre lindringa, og så begynne å sjå på heilheten som påverkar gjennom livsstil, andre sjukdomar eventuelt, psykisk helse, kosthald, ytre påverknad i arbeid osv 😔
 
Eg vil i alle fall gje dei tipsa eg kan gje, og håpe at fleire får urtebasert lindring etter desse tipsa! 🙏🫶💚🐝
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia