🛀đŸŒČ Kva seier du til Ă„ fĂ„ skogen pĂ„ kroppen?

🛀đŸŒČ Kva seier du til Ă„ fĂ„ skogen pĂ„ kroppen?

Det er stadig mykje moro som skjer her pĂ„ garden, og no, endeleg, blir det kroppssĂ„pe som mange har spurt om. Ei skikkeleg skogsĂ„pe! đŸ§ŒđŸŒČ
 Lansering av kroppssĂ„pe og give-away 🎉


Det er stadig mykje moro som skjer her pĂ„ garden, og no, endeleg, blir det kroppssĂ„pe som mange har spurt om. Ei skikkeleg skogsĂ„pe!Â đŸ§ŒđŸŒČHer blir det einer rett frĂ„ skogen vĂ„r, og sĂ„ kombinert med nydelege Ăžkologiske eteriske oljer av furu og eukalyptus, med ein herleg frisk sitrus pĂ„ toppen. 

Det feirar me med Ă„ gje vekk eit aldeles superskjĂžnt reisesett med URTESJAMPO og SKOGSÅPE til alle som bestiller i nettbutikken for over 600 kr den neste veka

👉👉 Skriv SKOG  i melding/merknad til ordrer over 600 sĂ„ legg me to slike skjĂžnnaser oppi pakken🎁.

Dei er perfekt Ä ha med pÄ tur og reise, kort eller lang! Her vart dei med pÄ treningane, pÄ foredragsdagar pÄ KarmÞy, symjestevne i Nordfjordeid og i sekken til min gode mann pÄ kompistur til KÞbenhavn i helga.


OG: sĂ„ har det heile vorte sparka i gang av at Myrkdalen hotell pĂ„ Voss ville ha sjampo og kroppssĂ„pe til hotellromma! SĂ„ utruleg flott med ei lokal reiselivsbedrift som vil samarbeide med andre bedrifter i omrĂ„det, og samstundes vise at dei vil bruke kortreiste, handlaga og etiske produkt 😊👍

Det er bĂŠrekraft pĂ„ mange mĂ„tar, og ei grĂžn satsing som gjer godt pĂ„ hud og hĂ„r og helsa til bĂ„de gjester pĂ„ hotellet og milĂž og natur der skyllevatnet havnar til sluttÂ â™»ïžđŸ’š Kudos til Myrkdalen hotel!


đŸŒČ🌿Skogen pĂ„ kroppen!

Det er sÄ deilig Ä berre tenke pÄ det for meg, at eg faktisk fÄr skogen pÄ kroppen ved kvar vask. Og dei duftene av bÄde norske trÊr og meir fjerne skogar med all sin kraft og duft (eukalyptus i mitt og pandaen sitt hjarte). 

Men, eg har vore sĂ„ treig pĂ„ det, men endeleg fekk eg sparket bak som eg trengte, med etterspurnad frĂ„ bĂ„de kundar og Myrkdalen hotell! SĂ„ takk for det 🙏

SĂ„ etter grubling pĂ„ oppskrift og planteval til beste for hud og kropp, sĂ„ bar det oppover her i skogen pĂ„ ski, med greinsaks og sekk, og me klypte ned litt av den fantastiske eineren som veks her i lange banar! SĂ„ var det koking av einerlĂ„g, og sĂ„ nyte og kjenne ikkje berre nydelege dufter fylle rommet, men ogsĂ„ historisk sus og dusđŸ˜ŠđŸ’«. Einer er jo ein av dei mest brukte plantane i Norge i folkemedisinen, og einerlĂ„g har blitt kokt i hundrevis av Ă„r her til lands, av sĂ„ utruleg mange grunnar. Nokon kokte einer for Ă„ brygge Ăžl (som min oldefar Brynjulv gjorde her pĂ„ garden), og andre for Ă„ lage kompress mot gikt, eller einerlĂ„g kokt for hĂ„rvask eller til badevatnet pga alle dens spennande innhaldsstoff. Eller til damping ved forkjĂžling og hoste blant anna, men einer har vore brukt til alt frĂ„ Ă„ fjerne onde Ă„nder, strĂžssel utover golv i heim og likhus for Ă„ freshe opp lufta, til snop og matlaging, og til Ă„ vaske og rense kar og koppar! Antiseptisk, rensande, stimulerande innhald gjer susen til enormt mange bruksomrĂ„de, OG den veks rett utanfor her!


Den veks faktisk heilt opp til 1700 moh i Jotunheimen⛰, og har vore kjent i meir enn 3000 Ă„r som medisinplante, noko som har vore skrive om av kinesiske filosofoar, oldtidens Egypts Papyrus Ebers nevner einer som legeplante, og det gjorde ogsĂ„ antikkens legar og naturvitskapsmenn som Hippokrates.  Eg synest det er sprĂžtt spennande nĂ„r ein tenkjer pĂ„ det! Korleis folk har brukt dei same plantane rundt om i verda i enormt lange tider, sidan oldtida, altsĂ„ lenge fĂžr noko som helst kommunikasjon mellom folk eller kontinent. đŸ€” Ingen kunne google einer og fĂ„ rett opp i fleisen alt om denne og andre plantar. Likevel fann dei ut mykje det same, og kunne dra nytte av bĂ„de einer og tusenvis av andre plantar sine eigenskapar og innhald. Eg bĂžyer meg i stĂžvet! 

❄ Vinter og no seinvinter er ei tid der mesteparten av naturen er i dvale, og me kjenner det me folk og. Behov for Ă„ ta det litt meir med ro, litt ettertanke og refleksjon slĂ„r inn, og det gjer godt Ă„ sige litt saman framfor Ă„ sprinte rundt. Men, det er ikkje all natur som kviler no! Det gjer aldeles ikkje einer! Den gir og gir Ă„ret rundt, og det er sĂ„ nydeleg! For den er klar nĂ„r me treng den som mest. PĂ„ turen din i skog og li, knekk med deg nokre greiner, eller pitle av nokre blĂ„ einebĂŠr og bruk! Det kvikkar opp, lĂžfter sinnet og humĂžret (faktiskđŸ€©) og du kan berre glede deg over alle mĂ„tar Ă„ bruke pĂ„ og korleis det fyller deg opp med positive saker.

Det er og andre fantastiske saker Ă„ hauste frĂ„ naturen pĂ„ denne tida, og heile Ă„ret: Furu, gran og ikkje minst skjegget pĂ„ gamle bjĂžrker! Eller strylav (usnea pĂ„ latin), som det heiter. Det legg eg pĂ„ sprit og har som ein viktig del av medisinskapet mitt. Eit kraftig antibiotikum frĂ„ naturen, utan biverknadar, og spesielt bra for luftvegane! Eit lite tips der altsĂ„! SĂ„ fĂ„r skogturen endĂ„ ei meining💚đŸŒČ


Men, dagens nyheit:

No er det ikkje berre den fantastiske 🌿💚SJAMPO med VILLE URTER som renser og vasker deg, men og đŸŒČ🛀SKOGEN PÅ KROPPEN! Den er sĂ„ lett og deilig, utruleg dryg, og nydeleg oransje av einerlĂ„gen, OG skogens heilt utruleg deilige dufter! Rein og fresh med denne!


Du finn dei i vanleg stÞrrelse i nettbutikken no,  
Sjampo 250 ml & SĂ„pe 250 ml.   Og berre sjĂ„ kor fine dei er saman, dei gjer seg godt i badehylla altsĂ„đŸ€©

Og sĂ„ det supergĂžye med reisesett, som altsĂ„ er 🎁GIVE-AWAY denne fĂžrste veka, men sĂ„ kjem i vanleg sal i nettbutikken.


Give-away fram til sĂžndag 13.mars
🧡helsing frÄ Renate
🐝 Vossabia