Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Det er heilt vilt korleis det veks ute no! 🌿 Alt kjem på ein gong, og kjerringrokken er plukkeklar i alle fall tre veker før vanleg! Det er fantastisk, for her var det så og seie tomt på lager no!! Det hadde vore kriiiiiise for sjampoproduksjonen 😅 Kjerringrokk er nemleg, saman med brennesle, superplanten delux til sjampoen. Det blir for det fyrste ALDRI ein skikkeleg god sjampo utan urter, og det blir ein knallgod sjampo om det er med masse kjerringrokk! 👇 Berre sjekk alle dei utrulege eigenskapane til denne ganske unnseelege, forhistoriek planten under her! Kjerringrokk ruler!!

🙋‍♀️ Men, først liten stemningsrapport. Frysningar i varmen-rapport! For det var nettopp det som skjedde! Jonatan og eg skulle opp i stien me kallar Buføringsstien (der dyrene går frå innmark til fjells og utmarksbeite), og dette er ein magisk fin og spennande sti som me berre elskar! 300 meter frå huset. Sprøtt mangfald, som ein jungel, og nye ting å oppdage heile tida. Me skulle gå gjennom eng-teigen vår som heiter Haugen, opp i stien for å grave opp nokre stiklingar av min oldefars humleplanter som eg skulle plante rundt den nybygde tipien i hagen 👩‍🌾Den nybygde tipien i hagenSå me gjekk no der då, med kun humle i tankane mine. Og der, i det eg kallar Sjampoåkeren min, så såg eg Kjerringrokk som stod og strutta høg og grøn og småfrekk! 🤩 Hallo! I all verden! Den skulle berre vere litt større ein ein asparges no, og der står den og gjer seg til, dansar med greinene og lokkar meg til seg! 🙌 Helledussen, eg fekk frysningar og jubla og spratt litt rundt der 🥳 medan Jonatan fekk eit langt foredrag om kjerringrokkens utrulege eigenskapar, tidleg vekst, varmen som får alt til å kome tidlegare, og eg måtte vise han detaljane i denne lille buskelusken av ein plante! Han var mest opptatt av bilane han hadde med seg 😆 men eg er heilt sikker på at han no kan masse meir om kjerringrokk enn dei fleste andre nesten-5-åringar (og 50-åringar for den saks skuld!).

Jonatan klatra opp på traktoren utan at eg merka det for eg var djupt nedi kjerringrokkenga mi 😂

SÅ! Det betyr at her på garden er me no i gang å hauste inn Kjerringrokk til den store gullmedaljen! For me må ha masse, enormt masse faktisk! For sjampoen er sinnsjukt populær, og det er vilt kor mykje kjerringrokk og brennesle det har gått siste året i sjampokoking 👏 ! Så her er det berre å kalle inn ekstra folk til å vere med å plukke sjampofavoritten! Og ja, det er ikkje rart sjampoen er så populær, for når du les meir om kjerringrokkens eigenskapar så fell brikkene på plass! Og med ein sjampo med kjerringrokk, nesle og ryllik så blir det berre ekstremt bra pleie for hår, hodebunn og til og med hormonar! 😉Jepp, du las rett!Sjampo med ville urter
👉 Kjerringrokk lagar me også tinktur av forresten, og det har me i hårserum. Så det er ikkje berre rosmarin som er supermat for hår og hodebunn, men absolutt ALLE ingrediensane i våre hårserum og sjølvdagt sjampoen er det, blant anna altså: KJERRINGROKK!

Og NO skal du få sjå kor rå denne planten er!
 
 
💆‍♀️ Kjerringrokk ruler ved hårtap: Kjerringrokk blokkerer hormonet DHT som forårsaker tynt hår og hårtap! Dihydrotestosteron (DHT) er eit steroidhormon som er sterkare enn testosteron og viktig for hårvekst og pubertet hjå menn. Seinare i livet kan DHT ha ei negativ effekt ved å krympe hårsekkane, og det er ein årsak til at ein mister hår og blir skalla. Hormonet kortar også ned hårvekstfasen, slik at hårene blir tynnare, kortare, og færre over tid, noko som fører til merkbar tynning av håret. Kjerringrokk blokkerar for danning av DHT og er dermed super å bruke i sjampo for å førebygge hårtap. Det er også brennesle og ryllik som også er i vår supergode ville urtesjampo!
Kjerringrokk og nesle koker lenge for å få ut fantastisk silisium som styrker håret og gjer det glansfullt i den aller beste sjampoen!
  
 
💪 Planten er ein av dei rikaste kjeldene til kiselsyre/silisium som er superviktig for styrking og støtting av bindevev og hår! Kjerringrokk kan gjere håret merkbart sterkare, meir glansfullt, og planten hjelper og med å få bort overflødig feittstoff frå hud og hår. Dette er nok med å forklare kvifor den fungerer så godt på «tenåringshår» også, som me har fått tilbakemelding frå frisørar på, då tenåringar i puberteten ofte får raskt feitt hår.
 
✨ Kjerringrokk inneheld minerala selen og som nevnt, silisium, og begge styrkar bindevevet og hårsekkane, og dei styrkar og keratinet som stimulerer til gjenvekst av hår. Silisium bidreg og ved å betra blodsirkulasjonen i hodebunnen, noko som gir mykje oksygen og næringsstoff til hårsekkane!
 
🫧 Kjerringrokk renser! Planten har antioksidant eigenskapar og kan dermed bidra som ein rensande urt for både hår og kropp. Planten er så rik på mineraler, ulike organiske syrer og flavonoider og andre næringsstoff at den er også ein super urindrivande og blodrensande urt. Eg anbefaler å bruke kjerringrokk til renseformål både utvortes og innvortes. Så bruk den i olje (hårserum til hår og test gjerne den deilige sunne oljen på kroppen), i tinktur og sjølvsagt som te ☕️
 
👉 Kjerringrokk mot kvite flekker på neglene! Ja, det indikerer kalsiumubalanse, og der er kjerringrokk fin til å gjenopprette den balansen, for kiselen støtter kroppens opptak og omsetnad av kalsium! Det er så tøft og fantastisk, spør du meg!
 
💅 Kjerringrokk som neglestyrkande middel! Planten gjer fingernegler sterkare på grunn av sine supernæringsstoff. Så. Har du negler som brekker lett, prøv dette: Kok opp 50 gram frisk eller tørka kjerringrokk i 9 dl vatn, la småkoke i 30 minutt, kjøl ned og stikk fingrane oppi. Sit og slapp av og gled deg over neglepleien! Etterpå kan du skylle håret med avkoket så får du dobbel nytte av det!
 
🤩 Kjerringrokk ved urinveisinfeksjonar, sårheling og som fordøyelsesfremmande middel! Nyrene kan ha veldig godt av kjerringrokk-te! Det er ideelt for å skylle gjennom utskillingsorgana våre, og med den i tillegg urindrivande effekten, så har mange opplevd kjerringrokkens gode effekt ved blærekatarr blant anna. Planten er og samantrekkande, god på blodårene, og kan fungere godt som sårhelar. Det gjeld forresten enormt mange planter. Ein grunn til for å drikke kjerringrokk-te: den stimulerer appetitten, virker galledrivande og lindrar betennelsar i fordøyelsessystemet, og som sagt støtter opp under kalsiumopptaket i kroppen! 🤯 WOW!

💚 Kjerringrokk for 350 millioner år sidan! Kjerringrokk har ei dokumentert historie som går heilt tilbake til Devon-perioden. På den tida var planten like høg som eit palmetre er i dag! Utruleg tøft at her går me 100 skritt ut av døra, plukker denne forhistoriske planten og skaper hår og hudprodukt av ein urt som har gitt og gitt i 350 millioner år. Gisp! 😱
 
 
Så dagens tips er: bli kjent med kjerringrokk, bruk den i te, lag deg tinktur, test vår kjerringrokksjampo og hårserum med superplanten, og la heretter kjerringrokk bli ein del av ditt liv og! 🌿🌟💚
 
 
 
 
 
  
  
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia