Dette er meg som blir grønn i trynet 😂👆🏻
Mattilsynet har i år gjennomført eit meget grundig tilsyn hjå Vossabia 🐝🌼 og alt er sjølvsagt på stell 🌟
Det er veldig bra me har eit kontroll- og sikkerhetsorgan som prøver å passe på at produsenter, distributører og importører følger lover og regler. MEN ☝🏻 det er nokre reglar som er latterlege etter mitt syn, og det er nokre endringar eg har blitt pålagt som eg er sterkt ueinig i. Fordi det kan kvele små produsentar, og det går ut over forbrukaren til sjuande og sist! 🙁
Altså, sjekk dette då, og vurder samstundes om du meiner målet med alt dette held vatn: Desse reglane skal gjere at forbrukaren kan ta meir og betre informerte val! I tillegg skal prinsippet om sannferdighet og ærlighet følgast.
«Testing av kosmetiske sluttprodukter på dyr ble forbudt i 2004 og siden 2013 har det Påstandsmerking kosmetikk Side 2 av 3 vært et totalforbud mot å selge kosmetikk der sluttproduktet eller ingredienser er testet på dyr (med visse unntak). Dette vil derfor være en negativ påstandsmerking.»
For meg er dette heilt utruleg 🤷🏼♀️ for det første er det visse unntak som får lov å teste på dyr!! For det andre: veit egentlig den vanlege forbrukaren at det er totalforbud (med visse unntak, OMG) på testing på dyr av kosmetikk i Norge? Og kva med unntaka? Må dei egentlig merka at dei tester på dyr kanskje? Og har me full kontroll på alt som blir importert frå andre sida av kloden, og som ikkje behøver å følge dei norske forskriftene (ja faktisk, sånn er det).
Vossabia blei etablert på eit grunnfjell og solid fundament av heilskapleg helsetenking, der eg ville og framleis like sterkt vil, fremme god helse, fremme økologi og eit sterkt og sunt kretsløp, mindre drit i avfallsvatnet som renn ut i naturen etter dusjing og tissing og bæsjing, og ikkje minst: auke bevisstheita på alt det fantastiske naturen har å by på av næringsrike, skånsame og superpleiande eigenskapar, som gjer at me stort sett finn det me treng i naturen for ei god hudhelse! 💚🌼🐝👩🌾
Her på garden er sjølvsagt alt 100% naturleg, og oppskriftene har eg utvikla for nær 20 år sidan med tanke på heilskapleg og langsiktig førebyggande helse, ved å ta i bruk kun nøye utvalde urter med eit vell av gode eigenskapar 💚 Og eg har vore opptatt av å skrive ingrediensane på NORSK, slik at forbrukaren lett skal kunne sjå og ikkje minst skjønne kva som er i produkta. Eg har visst at dette ikkje er heilt lov, men eg har ikkje brydd meg. FOR det har vore viktigare å få spre kunnskap og informasjon til folk.
🚫🤢 Men, no er eg altså innhenta og blitt pålagt å endre alle etikettar!!
Mange har kanskje lagt merke til at ein del av Vossabiaprodukta no har fått endra innhaldslista på etiketter og produktsider. Etikettane har altså ikkje lenger norsk og forståeleg innhaldsliste, men såkalla INCI-liste. Det er vitskaplege, vanskelege og for det meste uforståelege navn på innhaldet, pluss at det ser ut som det er fleire ingrediensar enn det er, fordi kjemikar må bryte opp ein ingrediens i kanskje 5-6 navn for å tilfredsstille kosmetikkforskriftene i Norge og EU.Ein praktisk konsekvens er at der det før har stått for eks økologisk lavendelolje, står det no Lavandula Angustifolia Flower Oil, Linalool, Geraniol, Limonene. Så no ser det ut som lavendelolje er 4 ulike ingrediensar, men så er det berre naturlege komponentar i eterisk olje som må merkast også. Det gjer meg skikkeleg oppgitt 🤷🏼♀️ for fleire kundar har alt reagert og skrive at her er det noko muffens, kva er det eg prøver å skjule i den norske innhaldslista (som eg kun har lov å ha separert i frå INCI-lista på produktsida). Nokon har trudd at eg har tilsett syntetisk linalool og limonene for eks, då det er mogleg å få syntetiske versjonar av det. Men, dette er berre naturlege komponentar i lavendel blant anna… å så frustert eg blir. Med det har Mattilsynet tvinga meg til å gjere innhaldet meir uforståeleg, som jo er det motsette av det som i snart 20 år har drive Vossabia: høgkvalitets naturprodukt med lett forståelege ingrediensar skriven på norsk som dermed forbruker raskt oppfatter og kan orientere seg i forhold til.
(Solkremetikett før endring pga forskriftene)
(Solkremetikett etter endring pga forskriftene)
Berre for å forsikre dere, epostane vil framleis vere like informative som før - enkle, forståelege og tydelege, og les gjerne i teksten på produktsidene for å få vite endå meir om ingrediensane 🤩
No stikker eg til Osterøy og gleder meg til å halde foredrag for hagelaget der! 👩🌾🌼
Er du med i eit hagelag? Eg kjem gjerne og held foredrag og tek med produkta for salg!🐝💚
Helsing, Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia,