For eit resultat! 163.000 kr til Gaza! 🕊

For eit resultat! 163.000 kr til Gaza! 🕊

Det er så fantastisk å  fortelle at Vossabia no skal donere 163000 kr til Gaza takka vere dykkar handel i forrige veke som gav 125.000 i donasjon 🤩, og så kom min nydelege leverandør med det store hjartet: Sunvita, med eit ekstra bidrag til donasjonen på 38.000kr! 💚 Dermed ein total på 163.000kr som me sender til UNRWA som har mange mange tiår med erfaring med å gje livreddande humanitær hjelp til palestinarar med livsviktig mat og matdistribusjon, helsehjelp, skule og utdanning og mange fleire essensielle tenester.
Våre glade ansikt etter me fekk nyheiten frå Sunvita og summen av donasjon etter handelen dykkar forrige veke! ❤️
 
Medan nyheitene frå bakken i Gaza og Vestbredden framleis er av det ekstremt grufulle slaget, trass i FN’s sikkerhetsråds resolusjon om våpenkvile, så gir det fornya tru på påskens eigentlege bodskap om håp, framtidstru og fornya start når så mange millionar vanlege menneske over heile verda engasjerer seg for humanisme og medmenneskelegheit for eit folk som har vore okkupert i 76 år, og opplevd konstant undertrykking og brutalitet. Ved å donere til dei som har erfaring, folk på staden og gode system for nødhjelp får me i alle fall gjort noko her frå Norge og. ❤️🖤🤍💚 Takk takk takk alle de godhjarta folk! Og er det nokon som vil fylgja dei eg kvar dag fyl med på på Instagram, så sjå liste nederst.
Eg sender nemleg 30% av Vossabias omsetnad dei neste 3 dagane til UNRWA
No senkar påskefreden seg over Vossabiagarden nokre dagar. 🏃‍♀️ Dagen starta med fullt køyr med pakking av ordrer før me jammen fekk oss eit par timar deilig utearbeid. Det har vorte saga i skogen, laga flis som skal brukast i åker og dyrkingsbed (karbontilførsel), rydda i eldhuset og satt ut nyspirte ringblomst i drivhuset for vidare vekst, og straks er det sådd meir i plantekjellaren 🌼 Me fekk også hyggeleg besøk av bergensarar som ville handle rett frå kjelda, og det er alltid koseleg. Dei tilsette har no reist heim til velfortente fridagar, og me her i familien ser fram til å kvile litt, gjere hage- og tunarbeid og ta nokre deilige turar på fjellet og ved fjorden 🧑‍🌾🏔
🐣 Håpar kvar og ein får gode påskedagar, og hugs å gje godsaker til huden din i både uteliv og inneliv, i sol og ruskevær! 💚 Har du forresten sett den fine Vårpakka vår, med både super-solkremen og miniar av Emils favorittar? Eg diggar denne pakken, og saman med reisesettet også så er du klar for det meste 👌
vårpakke
Me satsar i alle fall på bollebaking i fjæra i Hardangerfjorden i år og, med god solbeskyttelse og anna digg «mat» for huden i tillegg. Goooood påske!! 💛
solkrem
Stor klem frå Renate
Dronningbia 🐝 i Vossabia
P.S. her er nokon av dei eg følger på Instagram som blant anna gir rapporter direkte frå Gaza:
@khaledbeydoun@wizard_bisan1@motaz_azaiza@monaa__e98@dr.haya.gaza@queenofpalestine@wearthepeace@middleeasteye@aljazeeraenglish@ajplus, @gazamedicvoices, og dei gode norske: @la.barna.leve og @marthe__valle.
 
🔈 Eg følger også kringkastingskanalen Daily Updates: https://ig.me/j/AbZXhCHKgod1rjEq/