Komplett reisepakke - sjampo, kroppssåpe, minideo Skog og mini Kroppsbalsam 🌼 15 %
Komplett reisepakke - sjampo, kroppssåpe, minideo Skog og mini Kroppsbalsam 🌼 15 %

Komplett reisepakke - sjampo, kroppssåpe, minideo Skog og mini Kroppsbalsam 🌼 15 %

Tilbud187,20 kr Ordinær pris220,80 kr
Spar 33,60 kr

Komplett reisepakke, no med den nye mini-Kroppsbalsam også! 💚 Så her har du alt du treng til hud og hår, vaske seg, og smøre seg med ville vekster i fløyelskonsistens!
Minisjampo, mini kroppssåpe, minideo og mini kroppsbalsam! 🐝🌼 Og alle produkta inneheld planter frå gardens enger og skog! 💚🐝🌼 Kjærleik og næring frå naturen til deg!

URTESJAMPO - Gje næring og pleie til hår og hodebunn med denne sjampoen! Få i tillegg bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og for dei fleste: ein treng ikkje balsam etter bruk, kor bra er ikkje det!?

SKOGSÅPE - skogsåpe til kropp! Milde såpestoff og sunne gode ingrediensar som pleier og tek vare på huden din. Kokt på fantastisk helsebringande einer, henta fersk frå skogen vår! 🌲

KROPPSBALSAM med ville urter - Vår supersmidige, daglege fuktgjevande balsamkrem til heile kroppen, og på hud- og muskelplager. Kroppsbalsam er herleg mjukgjerande og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia, plukka av Vossabia sjølv.

DEODORANT SKOG - Duften har eit hint av furu i seg: litt krydra, litt bitter, definitivt frisk, og aromatisk og ein duft som har fått gode tider i moderne botaniske parfymer for begge kjønn.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring. Pakken blir sendt med sporing frå Bring. Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Komplett reisepakke


Sjampo 25 ml + Kroppssåpe 25 ml + Minideo Skog + Mini Kroppsbalsam

Ut på tur, ut og reise, eller berre fint å ha eit lite sett med sjampo, kroppssåpe, kroppsbalsam og deo i treningsbagen, til overnattingen, hytteturen eller i gymbagen på skulen? Med friske, deilige dufter som går så fint saman, har du det du treng i ministørrelse. Super også til å fylle på frå større flasker og krukker når det er tomt 💚👍

Bruksanvisning

Sjampo kokt på gardens planter kjerringrokk, brennesle og ryllik, er enormt populær for hår og hovudbotn! Med einer eterisk, som gir den gode duften og samstundes fyller hår og hovudbotn med sine anerkjente helseeigenskapar.

Kroppssåpe kokt på einer frå skogen vår er så oppfriskande og rensande at eg berre smiler når eg bruker denne i dusjen! P.S. den er faktisk fabelaktig i håret og!

Kroppsbalsam med fantastisk ryllik, rødkløver og perikum frå engene våre, her foredla til magisk tinktur og vidare inn i dette deilige kroppssmøret! Og med den gode og helsebringane eineren som eterisk olje. Eg elsker den skogduften den gir! Diskret, men digg!

Minideo med skogens superplante EINER - SÅ oppfriskande OG effektiv! Deilig og litt forsiktig duft som løfter deg og samstundes held deg fresh.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Bittelitt lei vinter no? Det er eg! Altså, eg likar snø, men i 4 månadar? 😅 Eg vil ha fargar, og bier og blomar no!🍀🐝🌼 Men ok, med vinter som framleis ikkje slepp taket på ei stund er det på tide å...
💚 Naturlege deodoranter for alle anledninger, aktiviteter og humør

💚 Naturlege deodoranter for alle anledninger, aktiviteter og humør

Versågod! Eksklusivt pakketilbod på 4 minideoer til kvardag og fest! Kun denne veka: fram til onsdag 21.2 kl 23:59.
Vossabia kjem endeleg til Bergen sentrum, og vil stå hjå Reindyrka i Strandgaten 21 fredag og lørdag frå 12-18 🐝🌻

Vossabia kjem endeleg til Bergen sentrum, og vil stå hjå Reindyrka i Strandgaten 21 fredag og lørdag frå 12-18 🐝🌻

Me er så glad for å få oss ein bytur at me feirar me å gje gåve til gode kundar 🤩 🎉  Handlar du for minst 500kr blir det deilig gåve på deg: mini-Ringblomstsalve, perfekt til lomma eller reise og t...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring