🐝 Vossabia kjem til Håjen kafé! Søndag kl 18 er eg superklar til å inspirere folk til å bli skikkeleg våryre!
Bli med på foredrag om ville vekstar til bruk i mat, drikke, hud-og hårpleie, og gjer deg klar til å lære mange nye måtar å bruka plantane rett rundt oss! 💚
Det nærmar seg tida for å så, og snart begynner det å sprette opp att ville planter, smekkfulle av næring og til ulike bruksområde 🌸🌱 Eg tek blant anna for meg nokre ville plantar som er å finna rett i nærleiken der me bur!
Eg vil og fortelja om utvklinga av Vossabiaprodukta, og du får teste heile serien med naturen på huden! 🤩
🎁 Dei som kjem skal også få med seg heim det nyaste Vossabiaproduktet som gåve, nemleg ein ny leppepomade kalla Konglelepper (med eigenutvikla «nude» farge – skikkeleg fin og samstundes diskret).
Eg har med alle Vossabiaprodukta, og dei som ønskjer det kan handla etter møtet 🌼🐝
Kjem de kl 17 så har Else diska opp med mat og drikke som kan kjøpast i den koselege gardskafeen! ☕️💚