Rosmarin  for håret

Rosmarin for håret

– endeleg oppdaga og blitt ein trend!
              
Her på tunet har den aromatiske busken rosmarin vore viktig, in og «trendy» lenge😆 Den har vore fast ingrediens i Panterbalsam i 19 år (panterbalsam i mitt hjerte!), og lenge har eg hatt planar om hårprodukt med rosmarin. Og endeleg fekk eg realisert den planen i haust, akkurat i tide til at «alle» oppdaga kor fantastisk rosmarin er for hår og hodebunn. Og me elskar vårt 🧡Rosmarin hårserum!
Me bruker det som hodebunnskur (og, vil du ha fint hår: start med hodebunnen, der er røttene og starten til eit sunt, tjukt hår), og me bruker den i hår og tupper. Men altså, rosmarin har tatt av med TikTokere som jubler:

🙌 Rosmarin for hårvekst
🙌 Rosmarin mot hårtap
🙌 Rosmarin for meir fyldig og friskt hår
🙌 Rosmarin mot kløe og flass i hodebunn
🙌 Rosmarin for auka blodsirkulasjon
🙌 Rosmarin for meir skinn og glansfullt hår

Kan alt dette verkeleg stemme? Mange blir skeptisk, meg inkludert, når noko tek av på TikTok, slik rosmarin for hårvekst har gjort no. Men, endeleg noko som trendar og går fullstendig viralt som eg kan nikke og klappe i hendene for 😉
                         
           
For rosmarin ER FANTASTISK, altså sånn skikkeleg superbra. 🌱🧡
Og det er fleire studier opp gjennom dei siste åra, som viser god effekt for både hårvekst, mot hårtap og hodebunnsplager elles (og mange andre ting som hukommelse og konsentrasjon..) Så kva går dette ut på, kva er greia med rosmarin?

Det er mange årsaker til hårtap, blant anna hormonelle, genetiske årsaker, infeksjoner, stress, aldersrelatert, reaksjonar i immunsystemet..
Det mest vanlege er hormonelle årsaker, og då spesielt den typen hårtap som skjer når eit biprodukt av testosteron, kalla DHT (dihydrotestosterone) krymper og minsker hårfolliklane. Studier frå blant anna 2013 og 2015 viste at rosmarinolje massert i hodebunnen over tid kan hjelpe til å blokkere hormonet DHT som er vanlegaste årsak til hårtap hjå spesielt menn, men det rammer og kvinner.
Rosmarinolje stimulerer også blodsirkulasjonen og forbetrar slik også forholda for hårvekst. Flass og tørr hodebunn kan også forbetre seg med rosmarin pga den auka blodsirkulasjon kombinert med at rosmarin er sopphemmande, antibakteriell og ein god antioksidant. Så her er det fordel på fordel med å ta i bruk denne oppkvikkande planten!
                         
 

 

Bildet av rosmarin frå Nord Kypros, då Emil, Ylva og eg var der i fjor. Det var hekkar av rosmarin overalt, og den nydelige aromaen fulgte oss på vegen! Til høgre: Ylva tester Rosmarin Hårserum ⭐️

Men, det er ikkje slik at noko fungerer som mirakel, så man kan ikkje forvente auka hårvekst på ei veke og to. Studiene synte at det oftast tok frå 3 – 6 mnd, så her gjeld det å få gode vanar med å massere hodebunnen med fantastisk rosmarinolje, eller eit heime-alternativ er å lage sitt eige rosmarinvatn og skylle håret med etter vask. Eg synest det lettaste er å ta nokre pump frå håroljen vår i hodebunnen om kvelden ved leggetid, massere inn, sove med det og vaske ut om dagen. Heidi, søstera mi, og eg snakka om det i helga, og var entusiastisk einige i at det har også gitt oss meir glans og eit mjukare og deiligare hår. Me masserer hodebunnen, men drar også oljen ut i håret så det glinser godt 😊

Eg mista ein del hår etter siste fødsel og barseltid, og mykje av fylden er tilbake, men ikkje slik som før.. MEN NO! Med tålmodighet masserer eg hodebunnen og stimulerer hårfolliklane mine, så eg ser for meg dei smiler og rører på seg og våknar opp att, så ved neste telling satser eg på eit langt høgare tal hårstrå 😊

Rosmarin hårserum
Tilbud207,20 kr

               

Korleis bruke?