Lansering av nytt magisk produkt til hendene, på sjølvaste Dyrskun!

Lansering av nytt magisk produkt til hendene, på sjølvaste Dyrskun!

🎉 Hurra og dobbelt hurra!! Me skal til Dyrskun no 12.-15. september, og det blir 💫 LANSERING 💫 av vårt heilt nye superdeilige produkt: MJUKE HENDER med rose og rosenrot. Og det er akkurat det du får! Heilt utruleg, litt sjokkerande deilige MJUKE HENDER faktisk 💖 Les meir nedanfor og få med deg lanseringstilbodet! 👇
🚗 Torsdag rullar Vossabia av gårde mot Seljord og den historiske og likevel alltid dagsaktuelle Dyrskun-messa. Me har vore spent på om me kom til å ha kapasitet til å dra, og om me klarte å produsere nok 😅 No er me så letta og glade for å kunne fylle bilen med alle våre fargerike og mangfaldige og sunne naturprodukt, og dermed kunne tilby NATUREN PÅ HUDEN for liten og stor og for alles daglege behov 🌈💚🌱🌸 Alt saman HANDLAGA, NATURLEG, ØKOLOGISK og med OMTANKE for både jorda råvarene kjem frå og den langsiktige helsa til alle de gode som smører dykk med Vossabia. Eg sluttar aldri å «mase» om dette, for det er kjernen i alt me driv med! 🥰
 
👉 På Dyrskun finn de oss, som vanleg, i det store Matteltet som står rett etter den store hovudinngangen.
Dyrskun-messa
Der inne er det godt å vere for der er me ein stor familie med produsentar innan lokale mat- og drikkeprodukt som alle er ganske besatt av å formidle om, og tilby knallgode produkt laga av unike råvarer i våre flotte regionar, handlaga på gardar og små stadar, av folk som ikkje kvir seg for å gå i motbakke og stå på ekstra rundt kvar sving 💪🤩 Så eg anbefalar verkeleg å rusle roleg rundt der inne og få med seg masse ut att! Vossabia har jo også hatt «tradisjonell» mat på bordet der, som honning og urtete og blomedrikkar av ville blomar 🍯🍶🪻🌷 Men, det som får mest plass på bordet hjå oss er det som dei fleste ikkje tenker på som mat, men som kosmetikk.
🐝 Vossabia har no i 20 år vore enormt oppteken av å prøve å endre tankegangen rundt dette med huden. Eg ser vårt største organ huden som ein inngang til kroppen for næringsstoff, til blodet, til alle livsviktige system, på same måte som munnen er ein inngang for mat og næringsstoff 😌 Så eg gir meg ikkje på å mase om og fremje eit sunt og naturleg og helst lokalt kosthald gjennom både munn og hud. Eg vil aller helst ha økologisk lokalmat laga frå botnen av inn munnen min, OG inn i huden min. Difor stiller me i Matteltet på Dyrskun og kan servere deg, og hjelpe å tilpasse for deg, det beste kosthaldet for akkurat deg og din hud! 👏 Og det elskar eg! 🥰

🥳 Og så er det produktlansering!! Wiiii!​Eg gler meg heilt enormt til å vise dykk denne skjønningen, det nye familiemedlemmet og alt ein favoritt!
👉 MJUKE HENDER med rose og rosenrot 🌸
 
 
Mange av dykk har alt prøvd denne då eg kalla den ‘handbalsam’ og hadde den som ein test og give-away for ei stund sidan 😉 Og det har faktisk rent inn med nydelege og nyttige tilbakemeldingar! Fleire har omtrent krevd at den måtte kome til sal snarast, og det var akkurat det alle me som har testa denne over ein god periode har tenkt og 💕 For makan!!
 
 
🤲🌸 MJUKE HENDER gir ikkje berre mjuke hender, men ein sånn ekstra herleg følelse. Den trekker kjapt inn med ørliten mengde, ingen fare for å bli klissete, og du får umiddelbart gode hender, til og med dei med hudproblem i hendene ❤️‍🩹 Berre høyr kva ei av våre gode ekstrahjelper seier, som slit med eksem, sprukne fingre som stadig blør av den minste ting: "Den trekker så kjapt inn, blir ikkje klissete, og det eg merka var stor forskjell frå andre eg har prøvd er at når eg våkna om morgonen så var eg ikkje ru og tørr på hendene men faktisk mjuk og fin i huden, for eg pleier å sprekke og blø berre eg bøyer og bruker fingrane. Denne skilte seg skikkeleg ut frå alle produkt til hendene eg har prøvd."
 
Duften av rose og lavendel er nydeleg synes me. Den er litt tydeleg i starten, før den roer seg heilt ned til ei aning av digg duft etter kort tid. Men, det viktigaste er alle dei supre plantane og råstoffa frå naturen som får virke på hendene dine! Det er som alltid nøye utvalde plantar, alle er med av ein god grunn. Dei skal nemlig ikkje berre gje mjuke hender, men også tilføre deg næring, den ypperste pleie, og bidra med sine supre samansettinger. Sjekk eigenskapane til nokon av ingrediensane, og så er det berre å vinke FARVEL til tørre hender!
 
 
👉 Og til slutt må eg nevne den heilt utrulege rosenroten, som eg i årevis har brukt for oss i familien til å styrke immunsystem, fjerne stresshormon, og auke energi og humør ✨
 
Men, så har den magisk gode eigenskapar på hud og hår og, og no kjem fyrste hudprodukt frå Vossabia med denne supermedisinske planten 🙌 Frå før har me hårseruma våre som begge inneheld vill rosenrot, gravd opp av Renate oppi berg og fjellknausar 👩‍🌾
Her haustar eg inn og grev opp rosenrot, og Jonatan vaskar rosenrot og hendene sine etter ei god innhausting av denne supermedisinen.
 
Rosenrot er ein allsidig plante som ikkje berre betrar hudens helse, men og fremjar generell velvere. Ved å inkludere Rosenrot i hudpleierutinen, enten topisk som ein salve eller eit serum, eller som kosttilskudd, kan du styrka hudens naturlege forsvar, betra tekstur og tone, og beskytte mot aldringsteikn.
 
💚 Det er gode grunnar til at rosenrot frå fjellet rundt oss er med i  MJUKE HENDER MED ROSE OG ROSENROT:
 
Mi svenske venninne Anky, som fylte 60 år på torsdag (og ser ut som ho er 40!!) brukar masse Vossabia og har også prøvd Mjuke hender! Ho var superbegeistra! Magisk god, sa Anki!

😉 Sååå, kom til Dyrskun då!! Få gode messetilbod, prøv nye produkt og slå av ein kjekk prat med oss damene som kjem! 🥰

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia