🛀🌲 Kva seier du til å få skogen på kroppen?

🛀🌲 Kva seier du til å få skogen på kroppen?

Det er stadig mykje moro som skjer her på garden, og no, endeleg, blir det kroppssåpe som mange har spurt om. Ei skikkeleg skogsåpe! 🧼🌲
 Lansering av kroppssåpe og give-away 🎉


Det er stadig mykje moro som skjer her på garden, og no, endeleg, blir det kroppssåpe som mange har spurt om. Ei skikkeleg skogsåpe🧼🌲Her blir det einer rett frå skogen vår, og så kombinert med nydelege økologiske eteriske oljer av furu og eukalyptus, med ein herleg frisk sitrus på toppen. 

Det feirar me med å gje vekk eit aldeles superskjønt reisesett med URTESJAMPO og SKOGSÅPE til alle som bestiller i nettbutikken for over 600 kr den neste veka

👉👉 Skriv SKOG  i melding/merknad til ordrer over 600 så legg me to slike skjønnaser oppi pakken🎁.

Dei er perfekt å ha med på tur og reise, kort eller lang! Her vart dei med på treningane, på foredragsdagar på Karmøy, symjestevne i Nordfjordeid og i sekken til min gode mann på kompistur til København i helga.


OG: så har det heile vorte sparka i gang av at Myrkdalen hotell på Voss ville ha sjampo og kroppssåpe til hotellromma! Så utruleg flott med ei lokal reiselivsbedrift som vil samarbeide med andre bedrifter i området, og samstundes vise at dei vil bruke kortreiste, handlaga og etiske produkt 😊👍

Det er bærekraft på mange måtar, og ei grøn satsing som gjer godt på hud og hår og helsa til både gjester på hotellet og milø og natur der skyllevatnet havnar til slutt ♻️💚 Kudos til Myrkdalen hotel!


🌲🌿Skogen på kroppen!

Det er så deilig å berre tenke på det for meg, at eg faktisk får skogen på kroppen ved kvar vask. Og dei duftene av både norske trær og meir fjerne skogar med all sin kraft og duft (eukalyptus i mitt og pandaen sitt hjarte). 

Men, eg har vore så treig på det, men endeleg fekk eg sparket bak som eg trengte, med etterspurnad frå både kundar og Myrkdalen hotell! Så takk for det 🙏

Så etter grubling på oppskrift og planteval til beste for hud og kropp, så bar det oppover her i skogen på ski, med greinsaks og sekk, og me klypte ned litt av den fantastiske eineren som veks her i lange banar! Så var det koking av einerlåg, og så nyte og kjenne ikkje berre nydelege dufter fylle rommet, men også historisk sus og dus😊💫. Einer er jo ein av dei mest brukte plantane i Norge i folkemedisinen, og einerlåg har blitt kokt i hundrevis av år her til lands, av så utruleg mange grunnar. Nokon kokte einer for å brygge øl (som min oldefar Brynjulv gjorde her på garden), og andre for å lage kompress mot gikt, eller einerlåg kokt for hårvask eller til badevatnet pga alle dens spennande innhaldsstoff. Eller til damping ved forkjøling og hoste blant anna, men einer har vore brukt til alt frå å fjerne onde ånder, strøssel utover golv i heim og likhus for å freshe opp lufta, til snop og matlaging, og til å vaske og rense kar og koppar! Antiseptisk, rensande, stimulerande innhald gjer susen til enormt mange bruksområde, OG den veks rett utanfor her!


Den veks faktisk heilt opp til 1700 moh i Jotunheimen⛰️, og har vore kjent i meir enn 3000 år som medisinplante, noko som har vore skrive om av kinesiske filosofoar, oldtidens Egypts Papyrus Ebers nevner einer som legeplante, og det gjorde også antikkens legar og naturvitskapsmenn som Hippokrates.  Eg synest det er sprøtt spennande når ein tenkjer på det! Korleis folk har brukt dei same plantane rundt om i verda i enormt lange tider, sidan oldtida, altså lenge før noko som helst kommunikasjon mellom folk eller kontinent. 🤔 Ingen kunne google einer og få rett opp i fleisen alt om denne og andre plantar. Likevel fann dei ut mykje det same, og kunne dra nytte av både einer og tusenvis av andre plantar sine eigenskapar og innhald. Eg bøyer meg i støvet! 

❄️ Vinter og no seinvinter er ei tid der mesteparten av naturen er i dvale, og me kjenner det me folk og. Behov for å ta det litt meir med ro, litt ettertanke og refleksjon slår inn, og det gjer godt å sige litt saman framfor å sprinte rundt. Men, det er ikkje all natur som kviler no! Det gjer aldeles ikkje einer! Den gir og gir året rundt, og det er så nydeleg! For den er klar når me treng den som mest. På turen din i skog og li, knekk med deg nokre greiner, eller pitle av nokre blå einebær og bruk! Det kvikkar opp, løfter sinnet og humøret (faktisk🤩) og du kan berre glede deg over alle måtar å bruke på og korleis det fyller deg opp med positive saker.

Det er og andre fantastiske saker å hauste frå naturen på denne tida, og heile året: Furu, gran og ikkje minst skjegget på gamle bjørker! Eller strylav (usnea på latin), som det heiter. Det legg eg på sprit og har som ein viktig del av medisinskapet mitt. Eit kraftig antibiotikum frå naturen, utan biverknadar, og spesielt bra for luftvegane! Eit lite tips der altså! Så får skogturen endå ei meining💚🌲


Men, dagens nyheit:

No er det ikkje berre den fantastiske 🌿💚SJAMPO med VILLE URTER som renser og vasker deg, men og 🌲🛀SKOGEN PÅ KROPPEN! Den er så lett og deilig, utruleg dryg, og nydeleg oransje av einerlågen, OG skogens heilt utruleg deilige dufter! Rein og fresh med denne!


Du finn dei i vanleg størrelse i nettbutikken no,  
Sjampo 250 ml & Såpe 250 ml.   Og berre sjå kor fine dei er saman, dei gjer seg godt i badehylla altså🤩

Og så det supergøye med reisesett, som altså er 🎁GIVE-AWAY denne første veka, men så kjem i vanleg sal i nettbutikken.


Give-away fram til søndag 13.mars
🧡helsing frå Renate
🐝 Vossabia