Så då gjeld det å stelle fint med seg sjølv og sine, få litt varmande mat på bordet (sjekk deilig oppskrift lenger nede 🥣) og ikkje minst smøre seg med beskyttande og pleiande saker frå naturen🌿. Me anbefalar dette steike deilige nye pakketilbodet: «Herleg haust- og vinterpakke» 🍁❄️ med to prisvinnande produkt (Ringblomstsalve og Panterbalsam), saman med den rågode Kuldekremen og ikkje minst den magiske Mjuke Hender med rose og rosenrot! Pakka i eit flott og fargerikt gjenbruksnett!
Så er det berre å kome seg ut i all slags vær og nyte haustdagar og dagslys som blir mindre og mindre av, og kanskje til og med sanke inn endå meir frå naturen der ein bur 🏡. Eg plukkar framleis ringblomst, den tåler jo alt! Og mynte, sitronmelisse og salvie frå hagen er jo nydeleg å hive i tekanna 🍋🌿☕️. Og så fant eg ein skatt! Eg hausta physalis i drivhuset, og oppdaga at der var det kome opp masse fersk brennesle! Johooo! Det er jo fantastisk!! 🤩
Liten og stor vil ha godt av å smøre beskyttande bivoks 🐝 og nærande plantekraft 🌱 på ansikt og hender i tida framover. Eg passar i alle fall på å gje huden litt ekstra pleie no på denne tida🧡 Haust og vinter betyr ofte tørrare hud, raude parti, hjå nokon kan eksem blusse opp eller fingertuppar sprekk og hender og vert ekstra tørre. Og så er det smart og godt å beskytte våre fine ansikt mot den kalde røffe vinden. Me tilbyr difor dette «Herleg Haust og vinterpakke» som er perfekt for både dei minste og eldste, og med små nette størrelsar som gjer det meir praktisk å ha dei med i lommer eller sekk.
Med beskyttande og pleiande natur på huden er du og dine klar for eit aktivt uteliv! Og har du, som oss, tilgang på skog og fjell så er det kjempekjekt med seinhausttur og få med seg modne einerbær heim att, og så tørka dei til krydder for viltgryter framover.🍃🍁 På slike turar er det og moro å knekke med seg nokre greiner med einer på veg heim, koke opp ein panne med einerlåg og ha til damp eller hive i badekar eller fotbad for litt eigenpleie 🛁
Om hausten får mange av oss ekstra tørr hud, spesielt i ansiktet og på hendene 👐 Ikkje berre er Ringblomstsalven perfekt som dagkrem og håndkrem, den hjelper også mot skrubbsår, brannsår, eksem og kviser, utslett, sprukken hud, og mykje meir. 💫 Uavhengig av sesong, ringblomstsalven er alltid ein reddande engel!
❄️ Kuldekrem 50 ml
Den beskyttar godt mot både kulde og røft ver som vind, piskande regn og snø (og faktisk sol med naturleg fysisk faktor 8). Mange fortel at kuldeeksem har blitt historie etter bruk av Vossabia kuldekrem. Det synes jeg er skikkelig stas! Salven inneheld spesielt utvalde pleiande urteoljer, slik at du får ikkje berre beskyttelse på huden frå kulde og røft ver, men du får næring og pleie til både hud OG kropp. 💖 Og ja, den er forresten til og med testa i piskande iskalde bølger under surfing i Stadhavet i januar! Hud som ikkje tålte kulde, tålte iskaldt hav med Vossabia Kuldekrem! Det er testen sin det.
🖤 Panterbalsam 15 ml
Eg har putta den lille panterbalsamen (15ml) i pakken for at det skal være praktisk å ha med på tur i haustferien.
Når me skal ut på fjelltur, er denne det første eg pakkar i sekken. 🥾⛰️ Vår ven ved vondt og verk! I bratte nedoverbakker kan i alle fall eg få skikkeleg vondt i knærne. Men smører eg på Panterbalsam, så aukar det blodsirkulasjonen og fjerner smertene 👍. Den er og heilt super før og etter fysisk aktivitet. Den kan og virke effektivt mot mange vanlege plager: Ømme ledd og muskler, vondt og anspent i nakke og skuldre, voksesmerter hjå barn, hodepine, tett nase, sprukne lepper, hovne bein og krampar.. og ja, mykje anna faktisk!
🌸 Mjuke hender med rose og rosenrot
Du skal leite lenge etter ein handsalve som gir meir intens fukt og smidig hud enn denne altså! Me her er frelst! Perfekte, silkemjuke hender kvar dag! Og alt mange tilbakemeldingar på dette nye produktet, om hender som blir hela frå sprekker og plager, og ei godkjensle som berre kan skildrast som magisk! Ja, denne må vere med overalt.
Når me fyrst har kome oss på tur er det jo aldri feil å ha med seg deilig og varmande suppe 🥣, og det er ikkje noko problem å ha med suppe i skogen, så lenge me har den i en stor mat-termos. Slik blir det kos i pausen 😌.
Varmande og fyldig gresskarsuppe, ute i haustklar luft! Ja, eller inne til middag eller kvelds då 😉
Her er vår favorittversjon:
🎃 Gresskarsuppe med ingefær og kokos:
- 800 g hokkaidogresskar (eller ditt favorittgresskar)
- 2 dtk. søtpoteter
- 1 stk. raudløk
- 1 ss ingefær, finreven
- 3 fedd kvitløk
- 1 stk. rød chili
- 8 dl kyllingkraft
- 4 dl kokosmelk
- 1 stk. lime
- 2 ss solsikkeolje salt og pepper, etter smak koriander
- 2 ss kokosflak
🥣 Slik gjer du det:
1. Skjær gresskaret med skalet på, og skjær i terninger. Ta ut frøene (og spar gjerne til seinare, dei er gode å ete etter du har rista dei i pannen med litt god olivenolje og salt)
2. Skrell og skjær søtpotetene i terningar. Hakk løk, kvitløk og chili (fjern eventuelt frøene hvis du vil ha ein mildare chilismak).
3. Varm ein god klunk ex. virgin olivenolje i ein mellomstor kasserolle eller panne. Fres løken til den begynner å bli mjuk utan at den får farge.
4. Tilsett ingefær, chili og kvitløk. Fres vidare i eit par minutt under omrøring. Ha i gresskar og søtpotet og fres vidare i eit minutt.
5. Hell over kraft/. Kok opp og la det småkoke til grønnsakene er heilt møre, ca. 30 minutt.
6. Bruk stavmiksar og køyr suppen glatt og jevn, og tilsett så kokosmelken.
7. Gje suppen eit nytt oppkok og smak til med limesaft, salt og kverna pepper. Server med eit dryss av hakka koriander, kokos og gjerne granateplekjerner om du får tak i.
🍲 Håper det smaker!
P.S. Du kan jo og lage deg ei maske av litt av gresskarkjøtet, slik som Ylva! 👇 Mos og bland med honning og havremjøl!
Dronningbia 🐝 i Vossabia