Gje ekstra omtanke til påskehuden - og kanskje blir du den heldige vinnar av Påskepakka ✨❄️☀️

Gje ekstra omtanke til påskehuden - og kanskje blir du den heldige vinnar av Påskepakka ✨❄️☀️

✨ Me køyrer på med trekning av heldig vinnar av vårt nye Påskepakketilbod denne veka, for med påsken rett rundt hjørna så er det tid for å gjere huden påskeklar! 🌞 Dei fleste av oss er ganske vinterbleike og litt tørre i huden no, men med sol i sikte og deilige påskedagar kan det bli andre kinn! 🌤  Eg ser fram til nokre påskeskiturar under blå himmel og steikande deilig sol, med hua langt oppi hårfestet. 🌞⛷❄️ Og så kanskje nokre dagar i tunet eller ved fjorden, der eg og har bestilt knallblå himmel, tørr veg, og gode sykkel- og hageforhold. Så med desse ønskene sendt ut skjønar de at det blir ein knallpåske på Voss i år!
Men, altså. Etter ein lang vinter så har huden behov for ekstra omtanke, næring og glød ✨ Huden og kroppen roper etter D-vitamin og solstråler no ☀️ og påskefjellet, sydenreisa eller terrassen kan kanskje bidra med det. I tillegg vil Ylva og eg kome med nokre innsidetips frå Vossabiagården om kva me gjer for å rense og mate og pleie huden no. 🌱 Her går me blant anna for litt morsomme heimespa i førebuinga frå vinterbleik til påskebrun💚 Ylva har fått mamsen med på å smøre oss inn med nye ansiktsmasker som me driv og tester ut, til eventuelt nye produkt. Sjekk lenger nede for fleire deilige tips 🌼 👇
Denne næringsrike maska med økologisk hibiskus, honning og leire gjorde huden heilt nydeleg smooth!!
 
Men, påske betyr fyrst og fremst solkrem! 🌞 Har du ein sunn Vossabiasolkrem frå i fjor sommar, så er den framleis fin og beskyttande til årets påske. Har du ikkje prøvd den (hæ?? 😉😂), eller er tom, så vil me tipse om eit nytt pakketilbod som inkluderer solkrem! 
👉 Sjekk Påskepakka! ☀️ Her finn du superprodukt som vil pleie og beskytte deg gjennom påsken og vidare i livet og er perfekt både til fjellferie og sydenferie, til soling og deilig velvere etterpå.
 
Påskepakka består av:
 
☀️ Solkrem f 20 - som er perfekt på skitur eller på stranda i påskesol. Då kjem du gyllenbrun og skjønn heim att, og huden nyt godt av pleiande og nærande innhald samt god beskyttelse mot vårsterk sol. Denne er så mykje meir enn ein solkrem med god, naturleg og trygg solbeskyttelse.. Det er ein luksussolkrem som verkeleg struttar med sine supre planteingrediensar 💚🍀 blant anna den fantastiske planten tindved 🧡
👉 Les meir spennande og interessante ting om vår kjære, sunne, naturlege solkrem frå bloggen vår her.
 
🖤 Liten Panterbalsam – essensiell og sterk ven som er god på ømme musklar etter skituren/fjellturen, faktisk perfekt før nedstigning frå bratte fjell 🏔 smør på knær før du begynner nedover bratte bakkar så blir slitne, ømme og såre musklar veldig glad for å få panterbalsam på 💪 Eg elskar Panterbalsam høgt og intenst til alt mogleg 💚 men stikkande insekt og blodsugande kryp HATAR den 🦟 Endå ein grunn til å ha den med i reiseveska til sørlegare strøk kanskje?
 
🌼 Liten Ringblomstsalve - som er alles universal uansett kva me driv med eller kor me er i verda, og så praktisk den er i denne reisestørrelsen! 🙌 Ansiktspleie, etterbarbering, til sår og skader, eksem og utslett, til velvere og smidig rein hud, lista blir alltid lang med Ringblomstsalven!
 
💛 Liten Kamillebalsam – praktisk reisestørrelse på den beste after sun ever! Roer ned huden, lindrer kløe, super for dei med sensitiv hud. Kamillebalsam roer ned solbrenthet fort for dei som gløymde å smøre seg 🌼 Og blir det mykje svetting under tunge pupper eller klamme varme rumper 😂 jadå her snakker med rett frå levra, haha, ja, så er det nydeleg å smøre med Kamillebalsam.
Påskepakka
😊 Vår gode Jorunn her hjå Vossabia kommenterte tvert: det der er jo ei perfekt påskepakke! Den har alt me treng gjennom påsken! Og eg er heilt einig, Jorunn! 💚
PÅSKEKONKURRANSEN 🥳
Jorunn vart så gira på denne nye Påskepakka at ho foreslo at ein heldig kunde som kjøper pakketilbodet blir trekt ut og får sendt eit skjønt påskeegg med påskepakka gratis! (me refunderer kjøpet) 🥰 SÅ, då blir det som Jorunn vil:
Dei som kjøper Påskepakka mellom onsdag 13.3 og søndag 17.3 er med i trekning på GRATIS PÅSKEPAKKE (verdi: kr. 711,-). Me trekker mandag morgon kl 0800, og den heldige vinnar vil få ein hyggeleg mandagsmelding 😘
Påskepakka
🐝
 
Tips for å gjere huden klar
til sol og vår! 🌸
 
Ylva og eg førebur huden til påske og vår med både ansiktsmassasje med rosequartz stein og ikkje minst skrubb med Rose-og rødkløverskrubben vår. Ylva er spesielt god på å bruke den, medan eg er litt sløv og gløymer ofte.. Men, wow! Når eg bruker den tenker eg berre ÅÅÅÅ SÅÅÅ GODT! 🤩 Og så blir eg så fin i huden, gløder med smidig og rein fin hud! ✨
Rose- og raudkløverskrubb til ansikt
Elles begynner eg no på min vårrenseTE-kur 🫖 Det er bra for heile meg, og dermed og huden. Med lik mengde nesle, bjørk og løvetann får du SUPERBRA vårrensekur, som også er snill med lymfer og lever. Før hadde eg fleire urte-teer til salgs, men no er det nokre år sidan. Kanskje me skulle begynne med det igjen? 🤔
Vossabia Vill Te var med på marknadar med Heidi og meg på den tida eg laga ulike mat og drikkeprodukt av honning og blomar og urter 🍯🌱
 
Serverer du huden din Tindved og Nesle etter forrett med roseskrubb, ja, då garanterer me faktisk glød! Så om været blir dårleg i påsken, eller om du må jobbe når andre er ute og blir gylne og fine, ja då er trikset å bruke himmelske Tindved og Nesle som dagkrem! 🧡 Då blir du like glødande flott som alle solslikkarar! 😉

Har du forresten vore ein av dei heldige som fekk Konglelepper i gåve for litt sidan, så er den tipp topp på leppene i sola, for den har litt solbeskyttelse og! ☀️ Elles vil solkrem beskytte leppene også, og så kan du ta litt leppepomade oppå der igjen, så blir du så smaskefin! 😍
kamillebalsam
No i dagane før påske skal 🙋‍♀️ eg ut og halde nokre foredrag og prøve å lære bort og engasjere folk til å ta i bruk fantastiske planter og ville vekster som straks popper opp rundt oss 🍀🌿 Så om du er i Bergensområdet torsdag 14.3 eller i Førde/Naustdal søndag 17.3 så kjem eg til Fana Hagelag på Nesttun i Bergen, og Håjen kafe forbi Naustdal på søndag.
 
Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia