🥾 Eg har gått eit par turar i skogen og opp til stølen siste veka, og då får eg alltid rom til å reflektere, til å observere og til å vere kreativ. Og der på stien møter eg alltid denne vidunderbusken. Busken frå julesongen 🎄 Stikkebusken som har så vilt mange helseeigenskapar og som er brukt på utallige måtar gjennom kulturhistorien, over heile verda. Og det einaste bartreslaget som veks vilt og naturleg over så og seie heile den nordlege halvkule. Eg snakkar om einer sjølvsagt! 💚 Eller sprake, som me seier her. Og apropos kreativiteten: no har eg nye, spennande planar med einer!! 💡🤩 Så det er berre å glede seg!
Einer er sentral i ei rekke produkt her, sjølvsagt, for den er jo så råbra! ✨ Og det produktet med aller mest og heilt ureist einer er Skogen på kroppen. Mange har oppdaga denne sikkert verdas best kroppssåpe 😉 (som og er knallgod i håret), og det krev difor mange turar i skogen! Så no møter eg eineren fleire gonger i veka. Ja det er så gale at nokon trur at dei er ein Einar eg møter oppi skogen, haha 😂 Men, nei då, eg er berre på jakt etter sprake for å koke lenge og vel og få ut maks med superstoff til Skogen på kroppen 🫧 Spennande det og!
Eineren har skikkeleg stor plass i hjarta mitt 🌿💚 Og det har den nok hatt i mange sine hjarter i heile verda i tusenvis av år! Den er jo rå! Og det hadde dei naturlegvis fått med seg i oldtidas Egypt og Tibet blant anna. Dei medisinske eigenskapane har altså vore hylla og nytta i tusenvis av år ❤️🩹 At me bruker einer som veks rett oppi bakkane her, rett der stølsstien startar, det er jo sjølvsagt. Ureist råvare full av medisin og helsebringande kraft! Det er perfekt 🤩
Noko av det magiske med busken er at den byr på så mange bruksområde og assosiasjonar, og påverkar oss ved å berre stå nær den med sine heilt magiske dufter 😌 (tenk gin: frisk og oppkvikkande duft, med hint av furu: litt sevjeaktig, ein aning bitter, men heilt klart frisk og kraftfull, krydra og pepperaktig). Det er jammen mange korger som har blitt hausta inn rett oppi skogen her. Og sånt reflekterer eg over der eg vandrar 💭 Tenk så fantastisk det er, absolutt alle produkt frå Vossabia er produsert 100% på garden, og i tillegg er mange råvarer ureiste! Det er ganske unikt! Gu, så eg elskar det! 😍 Så det er med stolthet faktisk, at eg kan vise fram den fantastisk deilige kroppssåpa vår 🫧 Skogen på kroppen, produsert med ureist råvare 💚
Men, det er ikkje berre kroppssåpa som nyt godt av einerens magi. Fantastisk einebær eterisk olje er ein viktig del av andre godprodukt som Sjampo med ville urter, Kroppsbalsam, og Skog deodorant 🌿💚 Så her kan du få ein komplett einer-serie faktisk! Ja, som det skjønar: Eg elskar einer til huden! Og sjølvsagt, for den er svært skånsam og støttar hudens naturlege evne til å fornye seg ❤️🩹 Og så er den ein bit av heimen og skogen vår, gitt ut i det ganske land, som ei påminning om korleis ein røff stikkebusk kan nære og forvandle og by på seg sjølv.
I alle desse pleiande og effektive produkta har einer har fått ei rolle av mange grunnar: 🌲 Anti-inflammatoriske og antioksidant eigenskapar som gjer busken meget fordelaktig for huden. Antioksidanter som a-Pinene, b-Pinene og Sabine kan for eksempel fungere som naturleg heling som og avgifter huden 🌲 Renser og toner huden 🌲 Antibakterielle og antiseptiske eigenskapar, som er perfekt i ei kroppssåpe 🌲 Balanserer produksjon av talg i huden ved å redusere overflødig oljeproduksjon, noko som reduserer blokkering av porer og dermed førebygger kviser
🌲 Einer er også super for å hindre flass og gir blankt hår, så gjer som oss og prøve Skogen på både kropp og HÅR 🧖♀️
Til Skogen på kroppen kokar me eineren i over 1 time ♨️ så det blir ein kraftfull einerlåg, omtrent som om me skulle brygge øl på gamlemåten. 😌 Den duften som sprer seg under koking, og som trer spesielt tydeleg fram om du dukkar hovudet ned i pannen etter siling, ned på einerbuskene som ligger igjen der… 😍 å du å du, det er som å bli i eitt med eineren! 😄 Hahaha, eg blir salig og mo i knærne.
Kokt einer blir forresten heilt oransje! Så difor er Skogen på kroppen knalloransje! 🧡 Ganske stilig, synes eg.
Å pynte med einer til jul har vore gjort i mange generasjonar. Kransar vart hengt opp for å beskytte mot vondskap, og opphakka einer vart strødd på nyskura golv, og einergreiner hengt opp på utedoen for godlukt og pynt 🌲 Å lage einerkrans kan bety litt stikk på fingeren, men pynt den med sløyfer, julekuler, kongler og litt lav for eksempel. Den vil visualisere sjølve juledraumen, med den deilegaste aroma som bonus 💫
Eller kva med å prøve å lage SKOGSPEPPERKAKER! 🍪🌿 Her er det berre å kome seg i skogen altså, og få med deg både modne blå einebær og litt granbar 🧺
🍪 SKOGSPEPPERKAKER 🌿
Einer og gran gir deilig skogs- og julesmak og her kan du imponere med nokon ganske ville pepperkaker, eller kva med å gjere det til eit heilt opplegg med skogstur og innhausting saman, før de bakar saman neste dag?
Ingrediensar: - 150 gram smør - 5 dl økologisk rårørsukker - 2 dl økologisk lønnesirup - 2 dl vatn - 900 gram økologisk speltmjøl - 1 ss natron - 1 ts kanel - 1 ts nellik - 1 ss finhakka/malt einebær - 2 ss finhakka/malte grannåler (uten kvist)
👉 Slik gjer du: Bland saman det tørre og kryddera. Smelt smør og bland med sirupen. Hell oppi det tørre, rør saman og kna til du har ein fast deig. Set deigen i kjøleskapet til dagen etter. Rull så ut deigen og stikk ut pepperkaker. Steik i 5-6 minutt opå 225 grader.
💖 Frå djupet i hjarta, TAKK! Tusen takk til alle som handla på den internasjonale solidaritetsdagen for Palestina forrige fredag (som samanfalt med Black Friday), og var med og bidrog til vår donasjon til born i Gaza gjennom Plan Norge 🇵🇸 Saman er me skikkeleg sterke, og kvar og ein som handla støtta og gjorde ein forskjel! Vossabia donerer 105.000 kr til Plan Norge sitt arbeid i Gaza på grunn av dykkar engasjement! 🥹
|
|
Hugs å bruke rabattkoden FRIFRAKT for gratis sending på alle ordrer frå 4.12-8.12.
NB! Bestill før 13.12 for å vere garantert at pakken kjem fram til jul! 😉
Nyt skogens dufter og smaker no i førjulstida! 🎄🍪
Varm helsing, Dronningbia 🐝 i Vossabia
|
|
|
|
|
|
|
|