Ei veke full av utfordringar og opplevingar – konkurranse, piratar, slangar, bratte fjell og Vossabia i sekken! 🐝🎒

Ei veke full av utfordringar og opplevingar – konkurranse, piratar, slangar, bratte fjell og Vossabia i sekken! 🐝🎒

Sjekk desse tøffingane!! 💪 Innsmurt i Panterbalsam og Kamillebalsam svømte og sprang dei i halvanna time frå Lillesand sentrum ut til Saltholmen fyr og tilbake, og det med strålande innsats og supergode resultat 🤩! Og heile tida med Vossabia på huden og på ryggen! Heia Team Vossabia! 📣🐝
🏃 Panterbalsam på musklane før trening og konkurranse er smart! 😉 Den får fart på blodsirkulasjonen, og når desse tøffingane skulle svømme i 15 graders sjø så var det ekstra viktig å få blodet til å suse. Kamillebalsam hjelper litt på kulden og ikkje minst: brennmaneter! 🪼
 
🏊‍♀️ Swim Run Challenge i Lillesand er blitt eit fast arrangement for oss, og for ein folkefest det er blitt! I år hadde me tre deltakarar med, som deltok for Team Vossabia 🐝🎽 Ylva har vore med fleire gonger, og har no svømt gjennom sjøen og sprunge over holmar og øyar ut til Saltholmen fyr tre gonger 👏! Emil og Marius deltok for fyrste gong, og det var det mange som gjorde! Det var rekorddeltaking på dette fantastiske arrangementet under Sup&Stup-festivalen og 183 deltakarar i konkurranseklassen!
 
Emil og Marius imponerte skikkeleg som SwimRun-noviser, og spesielt Marius som avanserte frå 67.plass ved fyrste passering til 27. plass totalt! 😱🤩 Knallbra!!
Emil avanserte godt gjennom løpet frå 93. til 72. plass, noko mamsen synes var fantastisk, men han var veldig misfornøyd med løpet sitt 🤷‍♀️ Han hadde eit fæla strev med å stange bort brennmanetar faktisk, skli og tryne på svaberga, han sprang feil på stiar, svømte lengre enn naudsynt, og så streva han med å få svømmebrillene til å sitte (og mange andre unnskyldninger 😉 haha). Men, faktisk, eg synes synd på han for han blei skikkeleg brent av manetar! Og der kjem Kamillebalsam inn! ⛑️🪼 Redningen når brennmaneter har slått til!
kamillebalsam against jellyfish
💪 Så er det denne RÅ vetlajento mi då! I ein knallhard konkurranse, der både fleire profilar frå TV-serien Norges Tøffeste var med, OG mange proffe, voksne triatlonatletar, så klarar Ylva det vanvittige: å bli 4. beste dame, og 39. plass totalt!! 🙌🏅🥹
🥹 Vossabiamamsen med tårer i augene og klump i halsen, for ho her er så tøff og imponerer stadig! ✨🙌 For eit lag! No er Team Vossabia klar for nye atletiske utfordringar 😌
Før Emil drog tilbake i militæret og Marius måtte tilbake på jobb i Vossabia, fekk me oss ein obligatorisk tur i Dyreparken 🐨🐍🐘🦁
 
Dyreparken er alltid moro, og for oss er det faktisk også som ein stor botanisk hage! 🌱💚 Dei er knallgode med planter der, og piraten Ylva fann nydeleg ringblomst blant anna, og det gjer jo oss glad, me som elskar ringblomst og som ALLTID har Vossabias enormt gode ringblomstsalve med i sekken, uansett kvar me er! 🌼🎒
Emil prøvde bakholdsangrep på mora si 🗡️ medan eg stod og kosa meg med synet av vakker planting i Kardemomme by. Føler meg aldri heilt trygg på kva han her finn på, hahaha 🤣
For Ylva var Swim Run Challenge startskotet for ei veke full av aktivitetar og andre opplevingar og utfordringar. Og sjølvsagt har Ylva og eg hatt deilige morgonbad kvar einaste morgon! 🫧 Me har faktisk ikkje dusja ein einaste gong på ei veke, for det er jo utruleg mykje meir deilig å bruka Skogen på kroppen og Sjampoen ute i det fri! Og med kun reine og milde ingrediensar som er gode med både folk og natur 💚, så må me berre nyte det og nytte sjansen! 😉
skogen
Det er så mykje flott å oppleve på Sørlandet, og me er alltid på utkikk etter nye opplevingar 🔍 Og så ser me stadig etter små lokale og unike butikker og bedrifter. Og jammen dumpa me borti fleire fantastiske.
 
I Lillesand blei eg heilt vill i ånden og fekk kjøpt eit par nydelege keramikklampar hjå Lillesand Design AS, der Lise og mannen designer og lager alt sjølv, og dei har den skjønnaste butikken i sentrum 😍 Lise og mannen er også eldsjeler og driv ein flott fridykking- og snorkelklubb for ungar i Lillesand 🤿 Sjekk her:
Lillesand Design
Søndeled gårdsbakeri var og ei nydeleg lokal bedrift me var så glad for å oppdage! Sjekk det ut, seier berre eg! Fantastisk bakst frå eit lite tun 20 min frå Risør. Ylva og eg var i hundre, sjølvsagt, og me fekk både nydeleg bakst og veldig koseleg prat med den driftige dama som starta opp for 4 år sidan med dette lille sjølvbetjente bakeriet 👩‍🍳👏
sondeled gardsbakeri
Ho synes det var morsomt å få Vossabia på besøk, for ho hadde planar om å stoppe hjå Straumebui i sommar og handle litt gode naturprodukt frå oss! 🤩✨😁 Så nydeleg å møte slike entusiastar som me deler verdier og glede over å få skape lokale produkt med! 
 
På kveldstur etter deilig bakstemåltid måtte det mykje Panterbalsam til! Opp til Gullåsen (passande tur med denne gulljenta mi!) var det sååååå mykje 🦟 mygg OG FLÅTT! Ylva er populær blant myggen, og eg trur dei ser på ho som eit skikkeleg godt måltid overalt kvar me er 😣 Men, ho kom seg jammen opp og ned Gullåsen med like mykje blod i kroppen som når me starta! Dagen etter vart det mange stikk, då ho gløymte å smøre seg. Så det var no beviset sitt ja!
panterbalsam
🐊🦎🐢 Neste dag var Ylva i hundre, då me fekk klappe babykrokodillar, skilpadder, øgler og ha kvelerslange rundt halsen!! 🐍 Til og med eg hadde ein slange som kveila seg rundt nakken min! Fascinasjon meir enn frykt, utruleg nok. Og Ylva synes det var heilt fantastisk!
Og frå slange rundt halsen vart det sommarfugl på nasen 🦋! Den Lille Dyrehagen i Gjerstad var nydeleg og den nærkontakten me fekk med planter og dyr var heilt spesiell ✨ Nok ein spennande dag! 😃
🌊 Havet kallar sjølvsagt når man er på Sørlandet! Så Ylva fekk seg skipperlue, me leigde båt, og solkrem og fiskestang vart med ut i skjærgården 🎣 Nøgde vossingar og landkrabbar smurte seg inn med solkrem og hekta dei beste slukane på stengene. Det vart ikkje uttelling på korkje soling eller fisking, då skyene kom og fisken var vel på Vestlandet eller noko.
solkrem
Då var det berre å kome seg lenger ut i havet, og Jettegrytene på Sild! Og dei leverte! ✨ For ei magisk naturoppleving! I vind, sol og bølgesprut vart det mykje latter og mange WOW! Ylva hoppa sjølvsagt i det! Rett oppi jettegryta, medan sjøsprøyten frå havet fylte og skylte jettegryta. Å bade i alle slags omgjevnadar gir så sterke naturopplevingar! 💖
❀ Overalt har me sett ryllik, som me no er på veg heim for å plukke store mengder av. Eg har fått bittelitt vondt av å ikkje plukke på turen, og til og med Jonatan går rundt og seier: «sjå mamma! Ryllik!» 🥰 
 
🚍 Så no er me snart heime, men så insisterte Ylva på ein stopp til! Valle i Setesdal har ein fjellvegg som er populær blant klatrarar og det går ei spektakulær og ganske krevande Via Ferrata-rute opp Nomedalsfjellet, og der ville absolutt Ylva opp 🥾! Ja, då var det berre å sjå på rylliken litt til, og sende ho og Olav oppover det ekstremt bratte fjellet ⛰️! Sjølvsagt Panterbalsam på, og solkrem smurte ho visst midt i fjellet hengande nesten i lause lufta!!
solkrem og panterbalsam
På tide med Solkrem høgt oppi det stupbratte og glatte fjellet! Sjå kor lite mengde du treng for å kome langt på huden.
 
Ja, men då avsluttar me denne spennande veka, og eg sit no her i Valle og mimrar 💭 medan Ylva tek seg nokre siste sprell på elvebredden. Me har hatt fantastiske dagar 💕 og det har mange digge Vossabiaprodukt i sekken vore med og sørga for også 🐝💚 Så, heim og plukke og produsere meir grønne godsaker! 🥰
konglelepper
Leiken helsing frå oss to med Konglelepper fast på leppene denne sommaren! 🐝🌼
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia