Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️
Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Precio de venta479,00 kr Precio normal578,00 kr
Ahorra 99,00 kr

Solkrem og Augebalsam (som motvirker/fjerner hovne auge) passar perfekt saman! Augebalsam, som funker fabelaktig bra (for meg og mange) på blant anna hovne, posete auge, med kinderegget av ein herleg, naturleg solkrem (beskytter mot UVA + UVB sjølvsagt, naturleg, nærande og pleiande) Voila! Gyllen og fin hud. Null poser! Happy face i vårsola 🌞

SOLKREM FAKTOR 10 - med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar, beskytter mot UVA og UVB-stråler, gir fuktighet og næring til huden.

AUGEBALSAM 15 ml - Ein herleg pleiande augekrem. Den er super ved hovne auge og blant anna ved sår hud.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Perfekt i sol og vind


Solkrem f. 10 + Augebalsam 15 ml

Eg utvikla både Solkrem og Augebalsam under morspermisjonen med Ylva i 2007-2008, og fyrst no gjekk det opp for meg at SOLKREM + AUGEBALSAM er perfekt i sol OG vind, der vinden skikkeleg rusker og augene hovner litt opp.
Korleis kunne eg ikkje sjå denne perfekte kombo!

Bruksanvisning

SOLKREM med naturleg fysisk filter (ikkje-nano titandioksid, sunt og heilt ufarleg for folk og miljø), veldig pleiande planteolje, bivoks og beskyttande lanolin. Her får du eit skikkeleg kinderegg av ein solkrem som ikkje berre beskytter godt mot UVA og UVB (faktor 10 beskytter også lenge og godt når det er naturleg fysisk filtet! 👍☀️), men som også pleier og gir næring til huden, og mange melder om god hjelp på soleksem også.

AUGEBALSAM som me elsker rundt augene (eller øynene for dei bokmålsfolk som ikkje skjønar det fine ordet auge 😉) om kvelden, då den er stappfull av supermat med planteoljer rik på antioksidanter (granateple), essensielle fettsyrer (hamp bl a), mineral og vitamin frå blant anna solblom (arnika) som også er DEN superplanten på å forhindre/redusere/minske HOVNE AUGE! Og difor: dette gjer den til superkombo med solkrem i d-vitaminrik solskinn og rivande vind! 💚

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vossabia fekk utmerkinga Excellence Award og endå meir 🏆🥳!  For ei vill veke🤩!

Vossabia fekk utmerkinga Excellence Award og endå meir 🏆🥳! For ei vill veke🤩!

Stockholm leverte så det susa i gallakjolen 💃! Så utruleg moro og superstas å bli anerkjent i dette pionérmiljøet som European Natural Beauty Awards har samla og representerer.
Full fart i Stockholm med 6 nominerte produkt og Vossabia 20 årsfeiring med tilsette - freshe dag og natt med våre gode reise-deo’er! 🌿✨

Full fart i Stockholm med 6 nominerte produkt og Vossabia 20 årsfeiring med tilsette - freshe dag og natt med våre gode reise-deo’er! 🌿✨

Full fart på Vossabiene denne veka, der me fyk avgarde til Stockholm heile gjengen 🛩️! Vossabia er nominert med 6 produkt til European Natural Beauty Awards, saman med dei beste merkene i heile Eur...
Vossabia vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 for Vestland! 🏆🎉  Takk for at du er med på reisa 💚

Vossabia vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 for Vestland! 🏆🎉 Takk for at du er med på reisa 💚

Kjære alle saman,Eg har ei stor nyheit å dele med dykk! Vossabia har vunne Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland 2024 i dag 👏!! Eg har nettopp motteke prisen på Fylkestinget for Vestla...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring