Pakketilbod: Den sensuelle dama ❤️
Pakketilbod: Den sensuelle dama ❤️

Pakketilbod: Den sensuelle dama ❤️

Precio de venta351,20 kr Precio normal413,60 kr
Ahorra 62,40 kr

Ei deilig pakke med intimsalven Sensuell som gjer susen på soverommet eller til kroppsmassasje. Den eksotiske og forførande duften av ylang ylang og kardemomme og glatte, deilige konsistensen pirrer sansane skikkeleg. Sensuell deo lar deg dufte eksotisk og spennande dagen og kvelden lang, og med litt Huldrelepper i tillegg blir det heile perfekt, spør du Renate i alle fall 💗

SENSUELL 50 - Til massasje og nærheit, til pleie av kropp og parforhold. Til leik og lidenskap.

MINIDEO SENSUELL 15 ml - Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr!

HULDRELEPPER - Herleg leppepomade med naturleg farge og granolje!

Les meir om kvart produkt på dei respektive produktsidene.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Den sensuelle dama


Sensuell 50 ml + Minideo Sensuell 15 ml + Huldrelepper

Ei herleg pakke med produkt som sprer om seg med sensuelle dufter, av kardemomme og ylang ylang, i både den erotiske herlegheita Sensuell salve (fantastisk glidemiddel og massasjesalve), og i deo'en Sensuell.

Bruksanvisning

Sensuell er ein næringsrik massasjesalve som kan brukast over heile kroppen. Den egnar seg spesielt godt til intimmassasje for større lyst og lidenskap. Sensuell er glidande silkemjuk og glatt, og stimulerer sensualitet og aukar sensitivitet. For han og henne, aleine og saman. Anbefalt som glidemiddel av både Vossabia og av gynekologar.

Huldrelepper den er nydeleg på leppene, gir ein flott rødmande kvardagsfarge på leppene, og så smaker og dufter det skikkeleg deilig gran og skog!

Deo SENSUELL dufter nydeleg, djupt og sensuelt av kardemomme og ylang ylang. Du kjenner igjen duften frå den deilige erotiske Sensuell-salven vår. Ein av dei mest populære duftene. Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane, og dette kallast Pit Paste i USA blant anna. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Det er heilt vilt korleis det veks ute no! 🌿 Alt kjem på ein gong, og kjerringrokken er plukkeklar i alle fall tre veker før vanleg! Det er fantastisk, for her var det så og seie tomt på lager no!!...
Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Erik, faren til Ylva og Emil, fortener nemleg å bli hylla. Hadde det ikkje vore for han hadde eg kanskje ikkje blitt frisk når eg var kjempesjuk i starten av tjueåra. Hadde det ikkje vore for han h...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring