Krydra kroppsskrubb
Krydra kroppsskrubb
Krydra kroppsskrubb
Krydra kroppsskrubb
Krydra kroppsskrubb
Krydra kroppsskrubb

Krydra kroppsskrubb

Precio de venta279,20 kr

Volum: 255 ml

Denne skrubben er ei sanseoppleving for krydderelskaren. Den stimulerande aromaen frå økologiske krydder som kanel, muskat, ingefær, kardemomme og nellik heng i lenge etter at skrubben er skylt av. Ein skrubb som passar godt for både damer og menn, unge og gamle (dotter Ylva sin favoritt 💗) Den renser huden effektivt, etterlet huden deilig og særs mjuk, og gir og tek vare på fuktighet.

Basert på gode økologiske planteoljer, honning frå eigne bier, fantastiske økologiske krydder (utruleg bra for huden) og ikkje minst økologisk rårørsukker som peeler og tilfører mange fordelar for huden! Med stort innhald av glykolsyre kan rårørsukker skånsamt få bort døde hudceller og bane veg for at sunnare og meir glødande hud får kome til overflata. Rårørsukker stimulerer kollagen ved hjelp av glykolsyra (AHA) og kan dermed bidra til å redusere linjer, rynker, og ru hud.

INNEHELD:
øko rårørsukker, øko honning (får eigen bigard), øko mandelolje, øko solsikkeolje, øko krydder: kanel, kardemomme, muskat, ingefær, nellik, eterisk øko. kardemommeolje.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Gjenskap naturens magi på ditt eige baderom. Sett av tid til deg sjølv (eller ta ein kjapp skrubb og opplev raskt auka blodsirkulasjon, nydeleg aroma og mjuk hud) og gje kroppen og huden ein buffét av fantastiske økologiske krydder blanda i vår eigen honning og herleg skrubbande økologisk rårørsukker. Det blir det superdigg heimespa av.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Kvifor bruka Krydra Kroppsskrubb?

Med honning frå biene våre, økologisk rårørsukker og nydelege planteoljer blir det ikkje berre ei nydeleg dusjoppleving, men og fantastisk mjuk hud som dufter himmelsk!

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Mat for huden


Krydder gir det lille ekstra til måltida dine, men mange krydder er også perfekt for huden. Spis krydder, men skrubb deg gjerne også med dei! Krydder er fullstappa med beskyttande og styrkande vitamin, antioksidantar og har sterke anti-inflammatoriske eigenskapar. Krydder kan og styrke huden sin naturlege heling og bidra med å halde huden ung og smidig. Så, et masse krydder OG skrubb dei rett i huden 💗

Ingredienser

Krydra kroppsskrubb er stappfull av godsaker for huden din 🌼🍯
Kven skulle trudd at sjølv økologisk rårørsukker har mange fordelar for huden! Med stort innhald av glykolsyre kan rårørsukker få bort døde hudceller og bane veg for at sunnare og meir glødande hud får kome til overflata. Rårørsukker stimulerer kollagen og kan dermed bidra til å redusere linjer, rynker, og ru hud.

Blanda med supersunn honning, gode planteoljer og fantastiske krydder! Les meir om tre av dei her:
Kanel - varmande krydder som har evne til å auke sirkulasjon (essensielt for hudforynging) og samstundes eit kraftfdull anti-inflammatorisk og anti-bakterielt krydder.
Ingefær: øsnker du deg ein meir glødande og strålande hud? Då er ingefær saken! Full av antioksidanter, mineral, og næringsstoff som kan hjelpe til ei friskare, jevnare og flottare hud.
Muskat: eit naturleg antiseptisk middel som er ei fabelaktig kjelde til vitaminer, antioksidanter og mineral. Kan redusere irritasjon i huden og auke fukten i huden, blant anna!

  • Øko Rårørsukker
  • Øko Honning
  • Kanel
  • Kardemomme

Kvifor bruka ein Krydra kroppsskrubb?

Med krydra kroppsskrubb blir du skikkelig rein, då du får rensa vekk både døde hudceller og tilført mykje næringsstoff. I tillegg får du ein fantastisk deilig lukt og supermjuk hud!

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vossabia donerer til Gaza igjen! 🇯🇴 Blir du med?

Vossabia donerer til Gaza igjen! 🇯🇴 Blir du med?

Eg sender nemleg 30% av Vossabias omsetnad dei neste 3 dagane til GAZA og den solide og største hjelpeorganisasjonen UNRWA, som dei siste 75 åra har levert ekstremt viktig livreddande humanitær hj...
🐝 Vossabia kjem til Håjen kafé! Søndag kl 18 er eg superklar til å inspirere folk til å bli skikkeleg våryre!

🐝 Vossabia kjem til Håjen kafé! Søndag kl 18 er eg superklar til å inspirere folk til å bli skikkeleg våryre!

Bli med på foredrag om ville vekstar til bruk i mat, drikke, hud-og hårpleie, og gjer deg klar til å lære mange nye måtar å bruka plantane rett rundt oss! 💚
Gje ekstra omtanke til påskehuden - og kanskje blir du den heldige vinnar av Påskepakka ✨❄️☀️

Gje ekstra omtanke til påskehuden - og kanskje blir du den heldige vinnar av Påskepakka ✨❄️☀️

✨ Me køyrer på med trekning av heldig vinnar av vårt nye Påskepakketilbod denne veka, for med påsken rett rundt hjørna så er det tid for å gjere huden påskeklar! 🌞 Dei fleste av oss er ganske vinte...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring