Vossabia solkrem: Bra for folk og miljø! 🌼🐝🌍

Vossabia solkrem: Bra for folk og miljø! 🌼🐝🌍

Denne veka er det meldt fantastisk varme og mykje sol! 🌞 Endeleg kjem den skikkeleg gode våren og forsommaren og eg ser fram til utedagar i hage og åker! 🌺🌼 Så herleg det blir å plante ut oppalsplantar av kamille og ringblomst i steikande sol! Og då er det sjølvsagt tid for å tenke på solbeskyttelse. Såååå: få med deg 17% rabatt på pakketilbod med solkrem i høve 17 års-jubileum på vår naturlege solkrem, og det varar sjølvsagt til 17. mai! 🌞🇳🇴
Det er mange måtar å beskytte seg mot sola på, og personleg er eg oppteken av at det ikkje berre er beskyttelse eg treng, men også næring frå denne livgjevande glødande stjerna ✨ Eg lærte for nokre år sidan av ein heilskapstenkande, kunnskapsrik lege at ein bør vente med å smøre seg til etter ca 30 min i sola, for at kroppen skal kunne ta opp sitt dagsbehov av D-vitamin. Det praktiserer eg på meg og ungane, då me her i nord som regel er i manko på dette viktige vitaminet. 
 
Etter det smører me oss med det fantastiske kinderegget av ein solkrem 🤩 som eg utvikla for snart 17 år sidan, etter eg las fleire studier om korleis kjemiske solfilter (vanlege solkremar) blant anna forstyrrar hormonane 🙅‍♀️ Det har eg ingen planar om å gamble med eller utsette meg og mine for. Halloen! Så me har ikkje rørt kjemiske solkremar på ca 18 år.
solkrem
Fast følge på tur til Nord Kypros, både ved stranda og på fjelltur.
 
Eg utvikla solkrem i 2007,  då eg ikkje fann andre naturlege og samstundes gjennomtenkt pleiande og nærende solkremar, og eg brukte tilrådingane eg las i nokre svenske studier, som anbefalte fysisk naturleg filter som den einaste trygge solbeskyttelsen. I tillegg brukte eg lang tid på å velge nøye kva andre planteoljer og ingrediensar som skulle få bli med i resepten, då det var, og er, superviktig for meg, at alle ingrediensane spelar på lag og gir mest mogleg til den som får den på seg: Solbeskyttelse sjølvsagt, pleie til huden OG mest mogleg næring 💛
 
På desse åra har det vore så utruleg mange som har meldt korleis dei blir gyllenbrune og fine, og som faktisk har blitt hela av solbrenthet etter bruk av kjemiske solkremar av laaaangt høgare faktor, og mange har meldt at soleksem og andre sol- og solkremrelaterte plager har forsvunne 🤩 Dette er så nydeleg og min aller største drivkraft er at eg veit at kvar og ein som har smurt seg med vår solkremdarling har fått sunne saker inn i kroppen og ut att i naturen 🌱💚 Love it! Og så er den så steike dryg i bruk. Du kjem langt med lite, og det er både praktisk og økonomisk spør du meg.
solkrem
Elles veit me vel alle etterkvart at den beste solbeskyttelsen er å dekke seg til og ikkje vere for lenge i sola om gongen. Men, så er det berre utruleg deilig å slikke sol, sola gir oss så mykje godt! Nyter du sola under hagearbeidet 👩‍🌾, på ferietur på strand eller ved basseng 👙, på den lange fjellturen ⛰️ eller når ein slumrar i hagemøblane 😎 ja då er det godt å vite at ein kan smøre seg med ein solkrem som på naturleg vis beskyttar mot UVA og UVB-stråler frå det øyeblikket du har smurt deg (det gjer ikkje kjemiske solfilter), som tilfører deg nærande planteoljer som reparerer hudceller utsett for mykje sol (tindved), pleier huden med planter som er rik på essensielle fettsyrer og antioksidanter (shea, kokos, jojoba, tindved) og er god mot eksem, utslett, tørrhet og mykje meir 💯
Pakketilbod med solkrem
Det er dette eg meinar med at den er som eit fantastisk kinderegg! Denne snart 17-årige ledsagaren vår demonstrerer Vossabias konsept perfekt: her handlar det om helse og heilskapleg tenking rundt helse, natur, økologi og mangfald 🍀💚 Eg vil ha næring inn i munnen og næring inn i huden og vidare frå munn og hud til kropp, blod og organ og heile økosystemet inni oss. OG eg vil beskytte økosystemet me er ein del av med naturen og havet. Det er difor viktig med hud- og solprodukt som tek omsyn til korallrev, livet i elvene, og i det heile mangfaldet til lands og til vanns 🪸🐬🦑🐠
Kvifor naturleg solkrem?
For di- og miljøet si helse! 🌍
 
Konvensjonelle solkremar med kjemisk filter har i mange studier synt seg å ha skadeleg innhald for både folk og miljø 🚫 Det er faktisk forbudt på Hawaii, på grunn av skaden det gjer på korallreva! Kva då med helsa til oss menneske, dyreliv, fisk og anna i miljøet og kretsløpet som får i seg restar frå dette? 😰
 
👉 I naturlege solkremar får du umiddelbar fysisk beskyttelse frå anten sinkoksid, eller ikkje-nano titandioksid som me brukar. Mineralet virkar ved å legge ei hinne på huden, som reflekterer og spreiar UV-strålene og slik beskyttar huden, og det er nevnt i fleire studier dei siste 17 åra, som dei einaste trygge og sunne solfilter for folk og miljø, inkludert i ein rapport frå det amerikanske helsedirektoratet FDA (2019). Desse to minerala, i ikkje-nano partikkelform, er også dei to einaste ‘coral reef safe’-solfiltera 🌞🪸
 
Viss du vil lese endå meir om solkrem og faktor og slikt, så finn du meir informasjon i tidlegare blogginnlegg frå oss her.
Pakketilbod med solkrem
😄 Eg er så glad for at mange har blitt meir merksame på dette med solkremar og deira innhald dei siste åra, det er heilt fantastisk! Fleire og fleire bryr seg, og mange kjenner forskjell når dei har brukt naturleg og pleiande solkrem kontra kjemisk solfilter 🙌 Eg har ikkje tal på alle som anten har skrive eller kome til meg og fortalt korleis soleksem, rennande auge og andre plager har forsvunne etter dei slutta med kjemiske solkremar og gjekk over til Vossabias solkrem. Eller alle dei som kjenner på kor viktig det er å ta vare på natur og miljø og ikkje minst kroppen vår.
☀️ Mange har den seinaste tida også blitt meir merksame på at me faktisk treng solstrålene for helsa si skuld, og ikkje berre snakke og skrive om kor farleg sola er. 
 
Som nevnt treng me vitamin D, men det er og andre store helsefordelar med sola. Me veit jo alle at folk i uminnelege tider har reist til solrike varme strøk for å lindre plager i ledd og ved smerteutfordringar. Men, det er mange andre mindre kjente, men viktige helsefordeler å hente i sola. Margit Vea skreiv nettopp eit veldig interessant blogginnlegg om kor viktig sola er for mikrobiomet i huden og dermed tarmen vår og, då alt heng saman 💫
 
🌱💚 Økosystemet i huden og kroppen vår er noko Vossabia er svært oppteken av, og for dei som er interessert så vil eg absolutt tilrå å lese Margit Vea sitt innlegg. Ho skriv blant anna om korleis sola er effektiv for humøret og til og med depresjon, for tarmfloraen vår, i høve hjernen vår, effektiv mot smerter og mykje meir. Ho henviser til ein del forsking, så her er det mykje muligheit til å fordjupe seg i solas positive helsefordelar. 🌞 Margit nyt sola mykje utan solkrem, og ein del med Vossabias solkrem! Det kan eg like! Les hennar spennande innlegg her.
solkrem
Så la oss nyte sola, ta til oss dei positive helsefordelane og ikkje demonisere og halde sola borte frå huden, men beskytte oss fornuftig med sunn solkrem, lette klede, caps og hatt, skygge, pauser, spise gulrøtter og tindved og anna a-vitaminsrik mat, så går me ein herleg sommar i møte 🥕😎! Nyt dei fyrste varme forsommardagane folkens! 🌼🐝🧡
perfekt i sol og vind
Den komplette sommarpakke
varpakke
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia