Solkrem faktor 20 med ny oppskrift vart flittig brukt i påsken ved sjøen. Så deilig og lett å smøre utover, mindre kvit i huden og berre gyllenbrun og fin etter å ha vore i sola. Me pakkar masse solkrem med til Hagemessen!
🌿 Velkomen til Hagemessa på Lillestrøm!
Fredag til søndag denne helga finn du Linda, Ylva og meg på vår faste plass under Hagemessa. Me gler oss vilt til å møte dykk alle igjen!
🎁 Gode tilbod
💆🏼♀️ Gratis nakkemassasje med Panterbalsam
🌸 Knakande gode botaniske produkt til hud og hår
Ylva og eg har med Panterbalsam og dei sterke hagehendene våre – så det er berre å skrive seg på lista og ta ein liten velværepause i messemylderet. Me lovar både nytelse, velduft og ei skikkeleg deilig stund!
- Trillebårer med kompost, flis og larvegjødsel i drivhuset 🧑🌾
- Såing i rekordtempo inne i oppalsrom og drivhus + noko frø ut på friland 🌱
- Lage vatningsinstruks til dei som er heime 💦
- Gjennomgang av kvar tilsette skal plukke brennesle til å tørke medan eg er borte 🍃

🏁 Når motorsport møter mold
Midt i alt dette kaoset dukka det opp besøk – og ikkje kven som helst!
🏎️ Hedda Hosås, motorsportstjerna og den tøffaste vossajenta, kom på garden. Me i Vossabia er stolte av å sponse ho, og denne dagen vart ho og ein ekte hagehelt.
Eg sette ho rett og slett i arbeid, med trillebår og flytting av kompost og mold, og me fekk i tillegg sådd både ringblomst, solsikker og nokre grønsaker 🌼🌻🥬 Det blei ei fantastisk økt – og eit litt lettare hjarte og hovud for meg. Og forhåpentlegvis ikkje den verste oppladinga før Hedda deltek på Hyrox Fitness Racing i Barcelona til helga 😅
✨ Sitrusskrubb og Hagen på hendene – for glade hagehenderEtter ei sånn økt ute i molda er det éin ting som gjeld: Sitrusskrubb!
Svart under neglene og jord i kvar hudfold – men med ein runde med denne kraftige, friske og ekstremt deilig duftande skrubben blir hagehendene som nye 👐
|
Og etter skrubbing? Då er det heilt fantastisk å smøre inn hendene med Mjuke hender, vår magiske handbalsam som trekk djupt inn og gir næring heilt inn til knokane 🤩 Eg tyr til denne fleire gonger om dagen – spesielt no som hagearbeidet verkeleg tørkar ut huda.
I tillegg er både Ringblomstsalve og Kamillebalsam heilt supre å bruke på hagehender. Desse to små universalheltene lindrar, roar og beskyttar – kan brukast til mangt og mykje - og dei små krukkene er så superpraktiske at eg har dei med meg overalt: i hageforkledet, jakkelomma eller veska 🎒
👉 Difor har me no samla desse tre favorittane i pakketilbodet: Hagen på hendene! 🙌
Du får:
🌸 Mjuke hender 15 ml 🌼 Ringblomstsalve 15 ml 🌿 Kamillebalsam 15 ml 💚 Alt til 15 % rabatt, så hendene dine får det dei treng – og du sparar litt i same slengen. Dette er pakken for deg som vil ta vare på hendene gjennom vårens hagesjauing og sommarsyslar – og som likar å ha herlege, effektive botaniske produkt lett tilgjengeleg, uansett kor du er. 🍃 Vårrensekur frå hagen
Eg tipsa forresten Hedda om ein enkel og kraftfull vårrense-te – med urter som spirer rundt oss no. Desse plantane er så full av helsekraft og verkeleg fine å bruke på så mange måtar. Dei renser kroppen skånsamt, set fart på tissinga, styrkar kroppen og så er det er veldig enkelt å lage te av vårens favorittar: 🌱 Oppskrift Vårrense-te med løvetann, brennesle og bjørkeblad
Du treng: - 1 neve kvar av: løvetannblad, nesle og bjørkeblad
- 1 liter vatn
- Gjerne litt frisk peppermynte for smak og effekt
Slik gjer du:
1 - Kok opp vatnet. 2 - Ha i plantene og slå av varmen. 3 - La trekke under lokk i 10 minutt. 4 - Sil og nyt! Eg drakk to koppar på morgonen før Hedda kom – ein skikkeleg vårboost for kroppen.
|






