Sensuell styrkar samlivet! ♥️

Sensuell styrkar samlivet! ♥️

For ei stund sidan dukka det opp ein mann på trappa mi. Med blomar i handa spurte han etter meg 💐 Om det var eg som var Vossabia. Ja, det stemmer det sa eg, og trudde han kom frå blomebutikken med ein leveranse. Ja, då var han kome rett, og han ville så gjerne gje meg blomar sa han, som takk. Takk for Sensuell! 🙏🔥

Historia om Sensuell endar ikkje der, og den er ikkje unik i seg sjølv heller. Mange er takksame for denne deilige saken 🥰 Men, det unike er at denne mannen kjøpte blomar, køyrde ut av byen og inn i bygda, langt av garde, heilt opp på denne fjellhylla oppi bratte bakkar, for å takke 🥹 Det er så rørande og så sterkt. Og historia hans sit difor spikra hjå alle oss her oppe, og me er takksame for hans openheit og evne til å dele ærleg og nydeleg. Og no delar me den vidare, etter oppfordring frå mannen ❤️

Den gode mannen fortalte så nakent og ærleg ute på trappa mi om korleis samlivet hadde endra seg etter at kona fekk plager i forbindelse med overgangsalder. Slimhinnene vart svært tørre og såre, og det var meir vondt enn godt med sex 😖 Dette vedvarte, og seksuallivet leid meir og meir under vonde plager. Dei prøvde alt dei kom over og alt dei fekk råd om av ulike typar glidemiddel. Dei fleste hjalp ikkje i det heile, og nokon gjorde vondt verre 😞
 
Etterkvart var det ikkje berre seksuallivet dei sleit med, men heile samlivet vart prega av dette. Ekteskapet var ikkje lenger slik det hadde vore.
 
Men, så fekk dei tips om å prøve ut Vossabia Sensuell 🔥❤️

Eg ser han for meg på trappa der, korleis han lyste opp når han fortalte vidare om korleis det gjekk frå vondt til vakkert og Sensuell endra alt. Han satte skriftlege ord på det også, då denne fine eposten kom i etterkant:

"Vi har erfart at det ble utfordrende med tørre og såre slimhinner etter
overgangsalderen. Sexlivet ble ikke som før og det ble negativt for
ekteskapet. Da vi prøvde Sensuell trodde vi nesten ikke det var mulig 🤔
Ingen plager eller smerter etter vi begynte å bruke den 😱 helt
fantastisk! Den føles naturlig, behagelig og etterlater huden og
slimhinner silkemyk. Andre glidemidler har vi opplevd som klissete,
limaktig og tørker fort ut.
Veldig takknemlig for et fantastisk produkt som har betydd veldig mye
for oss 🙏"

Dette gir meg så utruleg glede og drivkraft, dette er kjernen i kvifor Vossabia fins ♥️ Det at folk oppdagar kor fantastisk hjelp ein kan få av det nære, enkle og naturlege 💚🌱
 
Den gode mannen var opptatt av å dele dette med flest mogleg:
"Dette produktet må alle i heile verden få vite om! Alle gynekologar og sexologar må få vite om Sensuell og anbefale det, og du må reklamere for Sensuell overalt, det er viktig!"

Det er ikkje alltid nok med ei krukke 😅 
 
Og det er jammen sant! Det er berre ikkje så lett å reklamere for Sensuell, for til og med navnet gjer at Meta/Facebook går heilt i lås og set på alle bremsar og avviser annonsa 🤨 For det er jo forkasteleg og uanstendig å snakke om intimitet og sensuelle saker må du vite! Det er faktisk umoralsk får eg streng beskjed om frå Meta 🙄 Javel ja. Å sukk og stønn! 😤

Men heldigvis har så mange fine folk rundt i landet oppdaga denne herlegheita vår, som straks har vore ein viktig del av Vossabias sortiment i 18 år 🫶
 
Eg utvikla Sensuell i 2007, og det er ikkje berre mine nattbord som har blitt pynta med den raude boksen, og Sensuell er absolutt ikkje berre for dei med plager knytt til overgangsalderen 🥰 Sensuell finn ein på nattbord og i skuffene til dei under 20 og dei over 80 og alt i mellom:

Heldigvis fortel mange kundar at det er fleire gynekologar 👩⚕️ som har fått augene opp for Sensuell etter mange nydelege tilbakemeldingar frå pasientar og brukarar av denne magisk deilige saken 💖 Den gode mannen og kona hans har delt sin viktige historie i håp om at andre også oppdagar Sensuell, og det er så herleg å lese dei ærlege og direkte tilbakemeldingar folk deler 👇

I går var eg invitert på lunsj med Erna Solberg som var innom Voss ein liten tur på valkampsturne på Vestlandet. Ho ville møta nokre få gründarar, blant anna Vossabia 🐝 og høyre litt om ulike utfordringar knytt til å vere gründer og drive bedrift i distriktet 😮💨 Det er ikkje berre lett det, men når eg driv med noko så meiningsfylt som eg meiner Vossabia er så går det bra, og det er lett å hente ny energi og motivasjon frå naturen som omfavnar meg, frå dei magisk gode produkta våre, og frå dei fantastiske kundane 💪💚🥰
Det var så moro å posere med Sensuell i vinden på fjellet at knappen på puppen spratt opp! På meg altså, ikkje Erna😅😂
Eg tenker det kanskje  er tøffare å vere politikar. Så i eit forsøk på å gjere kvardagen og kvelden lettare og kjekkare så hadde eg med ein Sensuell til Erna 😉 Så no håpar eg at den raude boksen vil gje Erna masse glede og ekstase framover, både saman med Sindre og aleine! For det er det den er meint for: For ho og han aleine og saman! 💕
Få meir Sensuell og sensualitet inn i livet 💖
Pakketilbod: til kjærasten ❤️
essensiell sensuell Pakketilbod: Den sensuelle dama
deodorant sensuell
essensiell sensuell
Vil du auke opplevinga ytterlegare så tilrår eg denne lille nydelege Essensiell Sensuell, med gylne dråpar som forfører! Drypp på bryst eller mage, eller bruk som parfyme 💕

Helsing frå Voss,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia