Naturens helbredande kraft

Naturens helbredande kraft


Å tilbringe tid i naturen, eller å ta naturen inn i kvardagen kan gje utruleg mange fordelar og helsegevinstar både mentalt og fysisk. Å dyrke mat eller blomar og urter, bevege seg og trene utandørs, vere rundt dyr ute, eller berre ligge i graset eller tusle rundt i skogen. Humøret stig, tunge tankar lettar, stress vert redusert, og eg føler i alle fall at eg blir meir på plass i meg sjølv, meir i balanse.

Naturen gir meg og dei beste råvarer til mat, drikke, hud, hår og velvære. Ingenting stimulerer alle sansane mine slik naturen gjer.

Eg prøver å vere mest mogleg i naturen, sjølv om det er for lite no for tida (skjerpe meg), og eg elsker å fylle lungene med den friske lufta, ta inn dei mange ulike og deilige duftene, å lytte til lyder, sjå meg rundt med våkent blikk, å vere berre her og no.


Mot stress, for rørsle, kondisjon, styrke, og for stimulans, for sjela mi, hjartet mitt, for svolten min etter lærdom og tilstadeværelse. Og ikkje minst treng eg, og me alle i heile verda, naturen for rekreasjon, næring, kvile, leik og sosiale opplevingar.

Her på Voss famnar naturen om oss uansett kvar me er, den er synleg overalt, og det finst vel knapt det vindauga her på på Voss som ikkje har utsikt til ei naturscene. Dette gjer oss rusta til å leve gode og lukkelege liv. Heldige oss som bur i naturnære Noreg! Det seier Noha, mi egyptiske venninne som eg fortel meir om lenger nede.

Me har alle den intuitive opplevinga av at det gjer oss godt å vere i naturen, dette er noko me berre veit. Me har opplevd det sjølv, og så har me høyrt historier om vener eller familie som har hatt konkret helsenytte av å ta seg ein tur på fjellet eller i skogen. Stresset etter den lange arbeidsdagen forsvann, hovudpinen løyste seg opp, irritasjonen over noko lite eller stort vart avløyst av nye idear for kvart steg som sank nett litt ned i den våte mosen eller det ulendte fjellterrenget. Me har kjent ryggen løyse seg opp frå stiv datarygg til smidig skogsrygg etterkvart som steinar og røter vart forsert, og tunge tankar har stige til værs og løyst seg opp som morgontåka på fine haustdagar.

Denne intuitive kunnskapen vår om naturens helsekraft er det også forska mykje på. Det fins eit stort tal studier som stadfester og konkretiserer det me alltid har visst: naturen har enormt mange helsefordelar både mentalt, emosjonelt og fysisk. Treng me å få høyre dette frå forskarane også, det som er så opplagt? Eg trur det er viktig for alle å bli minna på det, uansett kor heldige ein er med staden ein bur.


Eg, som bur i paradis, verkeleg paradis, har dei siste månadane mista dei gode rutinane eg har hatt, med å gå tur kvar einaste dag oppover i mine helande kulturlandskap, skogar og fjell. Eg skal berre jobbe litt til og litt til, og så er det middagstid, og trenarjobb og ungar og så er det kveld og litt meir jobb…. Nokon som kjenner seg igjen? Det er ikkje berre lett å få det til, sjølv når ein bur midt i det. For det gjer eg, eg bur så midt i naturen som det er mogleg.


Fullstending utan negative biverknadar, kun positive effektar på kropp, sjel og sinn. Å helledussen så mange ulike typer plager naturen har fiksa, balansert og hjelpt meg med: sterk sorg etter mamma og pappa som døde så unge, angst og tomhet og andre psykiske saker som kjem forbi og set ein meir eller mindre ut av spel, vonde hofter og rygg, dårleg kondis og titusen andre ting. Og sjeleroen! Av luktene, fargane, lysa, og ikkje minst lydane i naturen. Bekkesildring, fossefall, knirking i grantrea i vinden, biene som summar i vakre blomar, hjorten sitt brunstbrøl om kveldane, uglene som eg kan prate med i frå tunet mitt og får svar av, reven som bjeffer utanfor soveromsvindauga mitt…

Ja, lydane i naturen har også blitt forska på, og det er funne, nett som eg opplever, gode effektar på stress blant anna. I Japan utførte dei ei studie i 2013 der dei undersøkte kor vidt lydar frå naturen hadde liknande effektar som synsopplevingane i naturen. Forskarane på Nippon Medical School samanlikna også effektane det hadde å gå ein skogstur med å gå i byen. Dei fann at ”skogsbading”, som dei kalla det, førte til minska stresshormon, men faktisk også at immunsystemet sine soldatceller auka og dermed vart betre rusta til å kjempe mot potensiell sjukdom.

Noha, mi egyptiske venninne frå storbyen Kairo, gjorde lydopptak av stega våre i nysnø på Volafjellet. Ho klarte ikkje å la vere, lyden måtte bli med tilbake til Kairo. Lyden og synet av fossefall, av mose med eit tynt frostlag som knekk i det foten synk nedi, surklande bekkar, grasstrå som svaiar i vinden...

Noha gjekk på to typar hjartemedisin når ho kom hit, ho hadde også fått sovemedisin sidan ho ikkje hadde sove ordentleg på månadsvis, og ho hadde fått beskjed om at desse medisinane måtte ho gå på ut livet. 35 år og lenka til pilleboksane. Når ho kom hit var ho deprimert, trist, lei og med lite energi. Ho hadde fæle opplevingar frå fem år med revolusjon i Egypt i bagasjen, og sterke opplevingar der ho var med i redningsgrupper som redda ut omringa kvinner utsett for seksuell trakassering av gjengar med hundrevis av menn. Ho har sett vener dø, ho har opplevd lammingar etter at politi gassa demonstrantane med langt sterkare saker enn tåregass. Ho har, saman med medsøstre i Kairo hatt svart menstruasjonsblod i månadsvis etter politets gassinger av demonstranter. Noha hadde mista gneisten og gleda.

Så kom Noha til Norge. Ho såg skog for fyrste gong, og fyrste dag på Voss måtte ho springe i skogen etter kyrne våre på buføring, ho som aldri hadde sett ein skog, ein sti, og i alle fall ikkje gått på røter og skogsbotn. Etter det fyrste sjokket kom meir og meir energi, noko skjedde litt og litt.

Naturen fiksa Noha. Naturen erstatta pilleboksane. Naturen gjorde Noha frisk og gav attende glød, gneist og glede. Naturen balanserte Noha, sjølv då ein grønkledd jeger kom tuslande nedover stien med geværet over skuldra, og Noha fekk hjartet i halsen for ho trudde det var militæret (som ho er van med er meir skummel å møta på i Egypt enn i Noreg..).


Heldige meg som ofte må ut for å hauste frå det naturen så raust gir. I dag blir det tur i snøen og opp i skogen for å hauste fantastisk einer til skogssåpa vår. Saman med einer i sekken, vil eg også dermed få mindre stress, meir sjelero, meir lukkekjensle, betre rørsle i kroppen og litt styrka musklar og kondis!

Blir du med ut og?