đŸ’ȘđŸŒMeir fokus pĂ„ kvinnehelse NO!

đŸ’ȘđŸŒMeir fokus pĂ„ kvinnehelse NO!

Kvinnehelse, underliv og fĂždselshelse fortsatt er tabutema Ă„ snakke om.. SĂ„ nettopp derfor vil eg ta opp (igjen) dette temaet 😅😉
SĂ„ rart at kvinnehelse, underliv og fĂždselshelse fortsatt er tabutema Ă„ snakke om, til og med ofte kvinner i mellom.. SĂ„ nettopp derfor vil eg ta opp (igjen) dette temaet😅😉.  Og samstundes informere om nokon produkt kundar har meldt om i Ă„revis som gode hjelparar pĂ„ ulike kvinneplager. Med fantastiske ingrediensar frĂ„ planteriket kan salvane betre plager som pĂ„virkar kvardag og livskvalitet, sjĂžlvtillit og relasjonar. Eg har eit stort behov for Ă„ informere og formidle om dette, slik at fleire fĂ„r mulighet til Ă„ prĂžve om det og kan funke pĂ„ dei. SĂ„ la oss gĂ„ nĂŠrare inn pĂ„ tema me vanlegvis unngĂ„r 😉 
   

I dag vil eg snakke om tĂžrre slimhinner, klĂže, eksem, sopp, hemoroider, rifter i underlivet og tette melkegangar for Ă„ nevne noko. I tillegg vil eg snakka litt om den forferdelege hudsjukdomen lichen sclerosus, som dessverre rammer fleire underliv enn me trur. Til slutt vil eg koma med eit godt tips om brystmassasje! Noko absolutt alle burde begynne med🍒 👍  Kor ofte hĂžyrer du at kvinner bĂžr ta meir pĂ„ brystene sine? Veldig sjeldan, og det er nettopp difor eg vil prate om det!

Eg vil koma med tips og info om nokon av Vossabia sine naturproduktsom eg personlig har erfart er knallgode mot ulike kvinneplager, og som kundar har meldt meg om i mange Är. Eg hÄpar denne informasjonen vil vere nyttig for mange av mine flotte kundar!

Min kjĂŠre kamillebalsam💖, av og til lurar eg pĂ„ kva denne ikkje er god mot! Men, i denne samanhengen vil eg snakke om dei gode eigenskapane den har mot vaginal- og analklĂže, underlivssopp, strekkmerker, underlivet fĂžr og etter graviditet, tunge og svette bryst, og ikkje minst lichen schlerosus.

Kamille er jo kjent for sine soppdrepande og klÞdempande eigenskapar, og vÄr supersunne kamillebalsam kan trygt brukast i underlivet. Eg har fÄtt sÄ mange tilbakemeldingar frÄ kundar som fortel korleis klÞe i underlivet har forsvunne, og dette er noko eg sjÞlv og har opplevd. PÄ slutten av forrige graviditet og etter fÞdsel opplevde eg ein intens klÞe i underlivet, og den gjorde meg heilt sprÞ! Like fÞr eg holdt pÄ Ä klikke kom eg pÄ at eg lagar jo produkt folk brukar mot klÞe, kvifor bruker eg ikkje dei no? Eg kasta meg over kamillebalsam og smurte meg inn, og som det hjalp! SÄ kombinerte eg den med panterbalsam, begge deler smurt rundt i herligheten foran og bak og det funka knallbra med stor lettelse frÄ den sprÞ klÞen! Kamillebalsam er ogsÄ god for Ä fÞrebygge revner under fÞdsel: smÞr deg godt og ofte inn med denne i svangerskapet, sÄ er underlivet ditt forberedt pÄ sÄ og seie alt. Eg vil ogsÄ tÞrre Ä pÄstÄ at kamillebalsam er hovudgrunnen til at jeg ikkje har revna under nokon av mine tre fÞdslar. Og, viss du har fÄtt vaginal sopp kan denne trygt brukast bÄde utvendig og innvendig, den har i alle fall hjelpt meg mot kjedeleg underlivsopp.

Som nevnt har eg fÄtt svÊrt rÞrande og gode tilbakemeldinger pÄ at kamillebalsam ogsÄ kan vere til hjelp mot den kroniske hudtilstanden lichen sclerosus. Den rammar som oftast huden i underlivet med intens klÞe, hud som blir tynnare, stivare og etterkvart nÊrast krÞller seg. Kvinner fÄr ofte sterk klÞe pÄ kjÞnnsleppene, klitoris og rundt endetarm, medan menn (som ja, ogsÄ kan fÄ dette), fÄr endringar i huden pÄ penishovud og forhud (sÄ eg anbefaler menn ogsÄ Ä smÞre kjÞnnsdelene med kamillebalsam for Ä fÞrebygge (eventuelt forbetre) problem med for trang forhud og smerter ved ereksjon). Kvinner kan oppleve smerter ved samleie pÄ grunn av irritasjonane i huden og eventuelle problem som kan kome med samanvoksninger pÄ grunn av arrdanninger, men heldigvis blir ikkje slimhinner berÞrt. Men, alt i alt skikkeleg forferdeleg med ein kvardag prega av ein slik plagsom hudtilstand i underlivet.

Dette er ein typisk tabu-tilstand som eg ikkje hadde hÞyrt om fÞr ein kunde spurte om rÄd, og eg anbefalte Kamillebalsam pÄ grunn av symptomene ho skildra. Legar og gynekologar gir oftast ut kortison for denne sjukdom (som er sterke saker med innhald man burde vere forsiktig med, etter mitt syn), og kunden fekk lite effekt av kortisonbehandlingane.

Etter kun nokre veker fekk eg ein veldig rÞrande tilbakemelding frÄ den unge dama, berre sjÄ her:

Fleire kundar har no fĂ„tt tips om kamillebalsam pĂ„ denne fĂŠle hudsjukdomen, og takk og lov, rask effekt pĂ„ same plage. Eg blir sĂ„ enormt glad for at min produkt kan hjelpe andre sĂ„ mykje! Klump i halsen og tĂ„rer i augene rett og slett 💚

 

Kamillebalsam
Precio de ventaDesde 143,20 kr

 

Som nevnt er kamillebalsam ogsÄ veldig god mot svette, sÄr og sopp under bryst. Dette gjelder kanskje spesielt for dei med tunge bryst, men ogsÄ for dei som er i svangerskap eller ammar. I slutten av forrige graviditet brukte eg sjÞlv mykje kamillebalsam, for Ä fÞrebygge og forbetre plager som fulgte med klam og varm hud under brystene. Her kan eg og tipse om mine naturlege deodoranter, som hjelper med Ä halde omrÄdet under brystene tÞrt og er derfor super for Ä fÞrebygge.

Psoriasis

Eg har fĂ„tt utruleg mykje tilbakemeldingar om at Kamillebalsamhjelper mot psoriasis for mange, no gjennom 18 Ă„r. Mi gode veninne 💖(og kunde) Wenche har fĂ„tt god  hjelp av Kamillebalsam spesielt (men og ringblomst og hĂ„rserum), pĂ„ psoriasis i hovudbotnen og skorpene som kjem av det. Psoriasis i hovudbotnen kan ogsĂ„ vere veldig skjemmande og tabu for spesielt kvinner, dĂ„ hĂ„rtap er noko som kan bli ein konsekvens ved stĂžrre utbrot.

Herlege Wenche med Kamillebalsamen sin 💖

Kamillebalsam er kanskje det produktet eg fÄr mest tilbakemeldinger pÄ nÄr det gjeld plager knytta til kvinnehelse. Eit anna produkt som og hjelper mot mykje er ringblomstsalve. BÄde kamillebalsam og ringblomstsalve er supre for strekkmerker, som er noko kanskje alle kvinner vil fÄ i lÞpet av livet. Me skal gjennom mykje med vÄre fantastiske kroppar, med svingande vekt pÄ grunn av hormonar, graviditetar, fÞdslar og amming, sÄ strekkmerker kjem nok til Ä dukke opp. Viss du smÞrer deg inn med desse salvene pÄ mage, hofte og rumpe, sÄ er det med pÄ Ä fÞrebygge og minske synligheten av strekkmerker, ved hjelp av dei nÊringsrike, sunne urtene, som ogsÄ er superoppmjukande.

đŸŒŒRingblomstsalve er ogsĂ„ knall mot sĂ„re brystvorter, ved brystmassasje, eller bruk den ogsĂ„ under svangerskap i underlivet til Ă„ styrke huden fĂžr fĂždsel. BĂ„de Kamillebalsam og Ringblomst er supre til det. Det er ogsĂ„ eit stort pluss at det ikkje er farlig for babyen Ă„ fĂ„ Ringblomstsalve (eller vĂ„re andre produkt) i seg ved amming. Difor kan du heilt trygt smĂžre inn sĂ„re brystvorter under amming, for Ă„ tilfĂžre litt supernĂŠring og rask og effektiv sĂ„rheling.

Eg fÄr og mange tilbakemeldingar pÄ god effekt mot hemoroider, noko som ikkje er sÄ rart, og stemmer heilt med det som stÄr skrive om ringblomst i urtelÊren.

❀Sensuell

❀Sensuell er eit must have i nattbordskuffen, spĂžr du meg. Dette er orginalt eit opphissande, naturleg og supersunt glidemiddel (trur eg snart skriv eit nyhetsbrev om dette 😉), men som ogsĂ„ har utruleg mange gode helsefordelar.

Det er eit deilig, smidig, nydelig glatt og afrodisiak glidemiddel, oh jess!

Men, i tillegg er dette produktet heilt fantastisk mot tĂžrre slimhinner. Dette er noko mange kvinner i overgangsalderen kan oppleva, men og unge kvinner opplever dette problemet. Ved Ă„ smĂžre deg med denne vil det bli glatt og godt i skjede og slimhinner. Det er med andre ord eit produkt alle kvinner burde ha!

SĂ„ er det 🧡panterbalsam dĂ„! Denne mangfaldige venen vĂ„r! Den er perfekt mot klĂže i underlivet, og er veldig fin Ă„ blande med kamillebalsam. Denne fĂ„r eg og tilbakemeldingar pĂ„ nĂ„r det gjeld hemoroider. Panterbalsam er bĂ„de varmande og kjĂžlande pga kombinasjonen av urter, og difor veldig god i kombinasjon med Sensuell i erotiske samanhenger. Den er, som du kanskje veit, knallgod mot vondter og verk, og kan difor og vere ein livreddar pĂ„ menstruasjonssmerter. SmĂžr inn der det gjer vondt, og du vil merke at det demper dei mĂ„nadlege smertene.

Eit anna bruksomrĂ„de panterbalsam er veldig godt for er ved tette eller sprengte melkeganger i bryst. Ved massasje lĂžsnar den dei tette og klumpete melkegangane pĂ„ ein fantastisk mĂ„te, og kan ta bort smerte og hindra betennelse. Ein ganske smertefull, men morsom historie er dĂ„ eg drog pĂ„ yoga retreat for blant anna Ă„ kome meg vekk frĂ„ Jonatan (dĂ„ nesten 2 Ă„r) for Ă„ slutte Ă„ amme. Brystene heldt pĂ„ Ă„ sprenge etter eit dĂžgn, med tettare og tettare melkegangar, og det var kjempevondt. Heilt desperat, og ganske nervĂžs for Ă„ fĂ„ infeksjon, sĂ„ satte eg meg topplĂžs ute pĂ„ eit svaberg og begynte Ă„ massere, fĂžrst med Kroppsbalsam, sĂ„ med Panterbalsam – og dĂ„ tok det av! Alt lĂžsna, og kort fortalt: eg spraya svaberget kvitt! 😂😂 Sikkert ekkelt Ă„ lese for mange, men so what.? SĂ„nn er dette livet 😂 Det endte forresten med at Jonatan heiv seg rett pĂ„ puppen nĂ„r eg kom heim, og heldiggrisen fĂ„r framleis melk 😂

SÄ var det brystmassasje! 

NĂ„r jeg var 22 Ă„r gjekk eg pĂ„ eit brystmassasjekurs (ja du leste rett) der eg lĂŠrte meg ayurvediske massasjeteknikkar (av same fantastiske Devika, som holdt yoga-retreraten der svaberget bada i melk 😂). Denne brystmassasjen gjekk ut pĂ„ Ă„ massere brystene i sirkler, 36 gongar begge vegane. Dette skal kunne bidra til Ă„ stramme opp og lĂžfte brystene, og er i tillegg med pĂ„ Ă„ fĂžrebygge sjukdom som kan fĂžrekomme.

Men, det viktigaste fyrst og fremst, synest eg, er at me kvinner rett og slett bÞr ta meir pÄ eigne bryst. Ikkje berre i dusjen for Ä kjenne etter unormale klumper (viktig!), men massere brystene vÄre og sjÄ dei som ein like viktig del av kroppen Ä pleie og ta vare pÄ som alle andre stader. Kor ofte har me fÄtt hÞyre det? SÄnn ca aldri?! Eg vil fremme brystmassasje, bli kjent med eigne bryst, stimulere vevet, muskulaturen rundt, og utivde massasjen til Ä inkludere bÄde musklar og lymfer utanfor brystene.

Mange kvinner har dessverre opplevd vanskelege og kompliserte ting bÄde fysisk og emosjonelt nÄr det kjem til bryster, slik som operasjonar eller kreft. Brystmassasje kan og i desse tilfellene vere eit gode og emosjonelt forlÞysande. I ayurvedisk indisk medisin blir brystmassasje fremma av mange grunnar:

Fantastisk spÞr du meg, og sÄ godt Ä gje 5 -10 min av dagen til seg sjÞlv slik. Alle produkta eg har nevnt i dette nyhetsbrevet er fantastiske Ä bruke til dette, men eg vil og nevna  Kroppsbalsam med ville urter.  Den er fantastisk god og smidig, og inneheld mange urter som er knallgode for kvinnehelse, som rÞdklÞver og ryllik frÄ bakkane mine.

Oppfordring: Av med gensar og BH, og sett i gang med brystmassasje! 😘 💚

Hausthelsing frÄ Renate

🐝 Vossabia

Â