Ekstremsportveko er ekstremt gøy, kul, tøff og tung og ikkje minst skummel! Vossabia gjorde det lettare for meg å kome meg gjennom ei slik veke! Eg er så glad i desse fantastiske produkta mamma har skapt, og det er det mange andre som også er. Under Veko fekk mamma nok ein gong bekrefta dette.
Det er moro å vere publikum, men endå kjekkare å gjere som meg i år: å delta! Eg deltok i 6 konkurransar i 4 sportar – konkurranse kvar dag! Og mammas produkt var faste følgesvener på alle aktivitetane! 🐝
🧗🏼 Måndag: Speedklatring
Eg starta Ekstremsportveko med ein tøff speedklatrekonkurranse – og det var skikkeleg gøy! To og to klatrar opp ein høg vegg i full fart, med bjelle på toppen og tidtaking. Dette var min aller første Vekokonkurranse, og eg kom jammen heilt til finalen!
Eg smurde armar og bein med Panterbalsam før start for å få i gang blodsirkulasjonen – og det kjentes! Fart og futt i kroppen, og eit adrenalinkick utan like. I finalen møtte eg blant anna sjølvaste norgesmeisteren i speedklatring, så ja – eg var nervøs. Munn og lepper vart knustørr, men heldigvis hadde eg med Myntelepper. Redninga!
Eg var så nervøs før finalen at eg vart heilt tørr i munnen og på leppene – men hallo, det gjer jo ingenting når ein har Myntelepper!
Det er rart å tenkje på at eg for berre få år sidan ikkje hadde prøvd klatring med tau og sele ein gong. Først då eg begynte på Villmarkslinja fekk eg skikkeleg innføring i klatreteknikk – og brattkort. Det har gitt meg både styrke og tryggleik i veggen.
Men interessa for klatring kom tidleg. Då eg var lita, tok bror min Emil meg med opp i trea og på store kampesteinar i skogen. Han elska å utfordre meg. Då eg var 8 år, sa han at me skulle på ein «liten tur», men det vart bratt klyving opp ei lang og glatt fjellkløft! Eg grein heile vegen – 90 % av redsel og 10 % gledestårer for at eg kom meg opp i live. Men den turen lærte meg noko viktig: Uansett kor skummelt det kjennest, så kan du klare det – og den meistringskjensla etterpå er verdt alt!
10 år etter tårene i kløfta vart det finaleplass og 4. plass i speedklatring – det gjorde susen med Panterbalsam utanpå og adrenalin inni kroppen! Foto: Ekstremsportveko
🌊 Tysdag: Riverboard
Ny dag, ny konkurranse: River board. Ein sprø og kaotisk konkurranse der ein ligg på eit lite elvebrett og fyk nedover ei stri elv utstyrt med hjelm, våtdrakt og symjeføtter. Med denne utrustinga fekk ein eit «lykke til» og vart sendt ned den buldrande elva. I konkurransen var det fyrst og fremst om å gjere å kome seg ned i live, men og sjølvsagt fyrst.
Sidan eg er konkurransesymjar tenkte eg at denne konkurransen kom til å gå lett. Eg tenkte det ville vere som på heimebane. Å ligge med brett og sparke med symjeføtter har eg jo gjort tusen gonger før! Men der tok eg feil!
Riverboard var heilt vilt. Eg vart dratt med i ei valse, blødde naseblod og fekk kutt i ankelen – men Ringblomstsalven redda meg! Foto: Ekstremsportveko
Dette var ikkje som i roleg klorvatn i bassenget! Straumen tok meg i full fart nedover elva og eg prøvde for harde livet å klamre meg fast til elvebrettet. Plutseleg vart eg, saman med ein annan, ført inn i ei valse!
Ei valse er ein type bølge som går oppover mot straumen, og det var som å vere inni ei brutal vaskemaskin! Eg gispa etter luft, og etter noko som kjentest ut som ei evigheit kom me oss ut av valsa, og eg prøvde for harde livet å klamre meg fast til elvebrettet. Eg snudde meg og såg på ein av konkurrentane mine som sa "You're bleeding from your nose, but it's fine!".
Elvebrett var absolutt den mest brutale og ekstreme konkurransen eg deltok i på veko! Foto: Ekstremsportveko
Ringblomstsalve kan vere effektivt pleiande og helande ved sår.
🤸🏻Onsdag: Dødsekonkurranse
Tredje dag var pausedag, trudde eg. Eg skulle berre sjå Emil i Dødsekonkurranse. Eg og Gard, sonen til Vossabias gode tilsette Hildegunn, var på veg for å sjå på desse galningane kaste seg ut frå alt for høge høgder med og utan full kontroll.
Men, når me kom dit sa eg litt ivrig og ironisk til Gard: Me skal ikkje berre bli med då? Før eg visste ordet av det, stod me begge med startnummer på armen! Gard hadde tydelegvis ikkje fått med seg ironien min 😉
"Skal me bli med?" spurde eg på tull. Plutseleg hadde me startnummer.
Foto: Vidar Herre, Avisa Hordaland
Eg var den siste som skulle hoppe så eg hadde god tid til å grue meg. Etter å ha stått å grua meg ei stund tenkte eg på den gongen med Emil opp i fjellet heime - det var rett og slett berre å hoppe i det!
Foto: Vidar Herre, Avisa Hordaland
💦 Torsdag: Deep Water Solo + prisutdeling
Torsdag var det ny utfordring i ein 8 meter høg klatrevegg over Utebassenget. Deep Water Solo: fyrstemann opp til toppen utan sikring, og dei som glapp taket og falt ned fekk eit forfriskande bad! Det vart mange plask denne dagen, for den veggen var vanskeleg!
Sol, klatring og plask – Vossabias naturlege solkrem var ein lifesaver.
Mens eg gjorde meg klar for finale i Deep Water Solo var heile Vossabiagjengen på eit arrangement der den gjeve Bedriftsprisen i Voss Herad skulle delast ut.
Mamma fortalte at ho fekk tårer i augene og klump i halsen når ho der vart tildelt Bedriftsprisen for 2024, spesielt på grunn av den fine talen til Håvard Skattum, utvalsleiaren, som blant anna sa at dei beklaga at dei hadde forsømt seg, for Vossabia burde fått prisen for lenge sidan. Det var utruleg rørande for oss alle!
Vossabia vann Bedriftsprisen for 2024! Foto: Avisa Hordaland
Etter prisutdelinga kom heile Vossabiagjengen til bassenget for å heia på meg i finalen. Det var så koseleg, for det er jo som om dei alle er ein del av familien. Ikkje så rart kanskje når dei «henger» nesten like mykje i huset mitt som eg gjer.
Dessverre vart det ein kort finale for meg, før eg traff vatnet. Veggen var endra og gjort endå meir avansert, og eg kom meg ikkje opp! Eg har så stor respekt for dei klatrarane som «lett» klatra opp til toppen, imponerande!
🪨 Fredag: Buldring i regn og knott
Neste dag var det buldrekonkurranse. Langt inni skogen ved eit berg med svære kampesteinar, og MASSE knott og mygg skulle me klatra opp så mange bulder me klarte på nokre timar!
Mygg, knott og regn – Panterbalsam & Kamillebalsam til unnsetning.
Knotten tok kun pause i regnskurene som gjorde buldresteinane superglatte og veldig vanskelege, men straks det letna, sverma knotten på nytt.
Myggen plaga mange klatrarar og publikum i skogen, og det vart eit par stikk på meg òg før eg fekk plukka Panterbalsam opp frå sekken. Men, det er jo heller ingen problem: Kamillebalsam roar jo kjapt ned kløe og irritasjon! Hehe, eg føler meg alltid beredt, og deler sjølvsagt med andre og!
Ei dame kom springande bort til meg medan eg smurte på Panterbalsam: "Er det den insektssalven frå Vossabia? Kan eg vere så snill å få litt? Den er supergod!"
Allereie bitt av myggen? Kamillebalsam roar ned kløe raskt og naturleg.
🚣 Laurdag: Kajakk
Siste dagen på Veko var eg i vakre Raundalselva. Head to Head kajakk-konkurranse for alt frå nybegynnar til ekspert. Eg var sjølvsagt ganske så nybegynnar her som i alle dei andre konkurransane under Veko. Takka vere Villmarkslinja har eg fått litt erfaring i elvekajakk, og det var nok det som hjalp meg til finalen. For finale vart det her og! Johoo!! Så gøy å rase nedover i fossande stryk!
🎉 Laurdagkveld: Konsert og heimespa
Siste kvelden kom og eg var klar for konsert, sjølvsagt med den nye favoritten Bringebærlepper på både lepper og kinn! Høgdepunktet var bandet Kakkmaddafakka.
Dansande publikum vart til hoppande publikum når ItaloBrothers kom på med låta «Stamp On The Ground». Konsertteltet vart ei svært folksam og livleg badstove etterkvart. Eg kan garantere at mange inne i konsertteltet kunne trengt ein god dose av Vossabias deilige deo, hehe.
Etter ei slik fantastisk, men også hard og hektisk veke var det himmelsk å stenge døra til badet og berre unne seg eit herleg heimespa! Kroppsskrubb, ansiktsskrubb, kroppsbalsam – you name it! Perfekt avslutning før Vossabia-sommaren min byrjar for fullt.
Heimespa-pakke med 3 herlege produkt!
Deilig å avslutte Veko med vask i elva, med sjampo med ville urter!