"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!" [Les meir i bloggen]

🎃 Bruk HEILE gresskaret! På huden og i magen👍

I dag vil eg snakke om kor fantastisk GRESSKAR er! Det er haust og det dansar oransje lauv gjennom lufta og fargelegg bakken, til glede for store og små. Det nærmar seg Halloween, kanskje mest til glede for dei små? 😉  Er du som meg og ikkje bryr deg om Halloween, så er uansett gresskarfokusen noko å juble og rope eit halloi og hurra for!

For i tillegg til å vere ein fin dekorasjon, morsom aktivitet for barna med å lage gresskarlykt, så er det SUPERMAT! Jepp! Innvends og utvends! Og her kjem ein liten overdose gresskarkjærleik og oppskrifter til deg! 😊🧡🎃

Familiens haust- og vinterpakke kjem i eit nydeleg og særs anvendeleg gjenbruksnett (kåra til Danmarks mest miljøvenlege nett), og inneheld 3 favorittar frå vår eigen familie sitt husapotek- deluxe: 

🌼Ringblomstsalve 50 ml  ❄️Kuldekrem 50 ml 🐝 Panterbalsam 15 ml!

Sunnhet, skjønnhet, smidig og sterk hud – ja gresskaret kan verkeleg vere med og bidra, OG det er med å understreke det viktige poenget: sunnhet og skjønnhet byrjar innanfrå, så her handlar det like mykje om å ete supersunn fullspektra mat, som å påføre dei beste næringsstoff på huden. Her får du oppskrifter med gresskar til mat, drikke og hud, så gled deg til å leike med gresskaret!

Frå frø til kjøt, og heilt ut til skinnet på gresskaret – så er det fullstappa med viktige næringsstoff som hjelper huden. Gresskarets næringssamansetting kan bidra til alt frå å halde på fukt i huden til å reparere skader i huden. Ikkje så rart kanskje, når den er full av alt dette: Vitamin A, vitamin C, Betakaroten, Magnesium, Sink, Vitamin E, Omega 3.

Enzymer i gresskar er med å bryte ned døde hudceller, noko som styrkar den normale cellefornyinga. Dette kan gje meir smidig hud. Og så er det vitamin A og C som er rike antioksidanter, og som også er kjent for sine effektar på alt frå kviser, arr og rynker. Betakaroten, som me også finn i gresskar, kan og hjelpe ved skader i huden og styrke kollagenproduksjonen. Magnesium og sink, er saman med antioksidantene, med å førebygge aldersteikn i huden ved å auke elastisitet. Så her er det berre å få gresskar inn i kosthaldet, OG i DIY hudpleierutinen, for det vises jo på huden kva me et og kva me smører på oss 🧡🎃

Så kvar startar me?

Vil du og ungane skjære ut gresskarlykt så ta vare på alt det oransje kjøtet, eller om du ikkje bryr deg om lykt og halloween, så enten bruk sjølvdyrka eller kjøpt gresskar slik for på lage basen til mat, drikke og hudpleie: GRESSKARPURÉ:

👉 La anten stå i kjøleskap over natta og renne av seg gresskarvatnet (som du kan bruke i smoothie eller som jus),eller bruk med ein gong og lag puré slik: ha kjøtet i stavmikser og la det bli ein smooth purè som du no kan bruke til alt mogleg!

Så er det berre å slå seg laus!

Ansiktsmaske med gresskar og honning

Kombiner to eineståande råvarer for huden i denne supersunne og effektive ansiktsmaska. Passar perfekt om du er ung med kviser, eller voksen med linjer og rynker, for her er det vitaminer, mineraler og antioksidanter som kan bidra til mykje! 

Ylva testa ansiktsmaska, og synest det var både morsomt (for den klatta og rann litt 😉), men også utruleg deilig på huden. Ho kjente ei kjølande effekt, og så den gode kjensla av å vite at gresskar har evna til å trekke djupt inn pga dei små molekylstrukturane. Nydeleg å kombinere med 🌼Ringblomstsalve i ansiktet etterpå.

Gresskarskrubb

Bland ½  kopp gresskarpurè med 1 kopp finmalt sukker (eventuelt havremjøl dersom sart hud). Skrubb forsiktig og kjenn den gode peelingeffekten. Dersom du brukar med sukker i ansiktet, så ikkje press hardt, men lette sirkelbevegelsar.

Skyll med lunka vatn og ha på ein deilig mjukgjerande salve, som for eks Tindved og Nesle.

Gresskarvaflar 

Server til gjester eller kvelds.


Slik gjer du det:

Sett på vaffeljernet. Bland alt det tørre. Visp saman egg, melk, smør
og gresskarpurè, og deretter pisk inn det tørre til alt er smidig og
klumpfritt. Pensle vaffeljernet med smør eller olivenolje, og steik
vaflane!

Tips: la tynne skiver norskprodusert Brie (for eks Thorbjørnrud brie
eller frå Jørns Brie frå Ostegården i Bergen) smelte på vaflane, og ha
på delte/grovknuste valnøtter og sprinkle med honning eller
lønnesirup (me brukar eigen Vossabiahonning 🐝😉

Gresskarkjeks

Cookies med digg kremostglasur. 
Desse gresskarkjeksene er ein favoritt! Krydra med tradisjonell gresskarkrydderblanding og toppa med himmelsk glasur – oj oj!  

Slik gjer du:

Set ovnen på 200 grader, lag klar steikebrett med bakepapir.

Bland det tørre og set til sides. Visp så smør og sukker med stavmikser til luftig og lett. Ha i gresskar, egg og vanilje i smørblandingen. Skjær forsiktig tørre ingrediensar i blandingen med ein slikkepott.

Bruk spiseskje til å helle klatter på bakepapiret og flat klattene litt (fordi desse kjeksene har ein tendens til å puffe seg opp i motsetnad til å flate seg ut ved steiking).

Bak i 15-20 minutt, ha over på rist for kjøling.

Ha så på digg glasur: Bland kremost, smør og vanilje med ein stavmikser og ha gradvis i melisen til alt er blanda og smidig.

Og då kan me vaksne (og faktisk ungdomane) slå til med ekstra kos med ein god varm kopp Gresskar Latte ved sida av 🧡


Slik gjer du:

Ha melk, gresskarpurè og sukker i pannen på middels varme. Den skal

ikkje koke, men bli skikkeleg varm. Ta panne av plata, og rør inn

vanilje, krydderblandinga og kaffe. Hell i to fine kaffekoppar, og

server med krem på toppen, og eventuelt sprinkle med

gresskarkrydderblanding.

 

Eller kva med ein fykdig suppe til middag, full i supermat og smakfull i lange banar? Vår favoritt:

Gresskarsuppe med ingefær og kokos

Varmande og fyldig suppe til turmat, middag eller kvelds.

Slik gjer du det:

1. Skjær gresskaret med skalet på, og skjær i terninger. Ta ut frøene (og spar gjerne til seinare, dei er gode å ete etter du har rista dei i pannen med litt god olivenolje og salt)

2. Skrell og skjær søtpotetene i terningar. Hakk løk, kvitløk og chili (fjern eventuelt frøene hvis du vil ha ein mildare chilismak).

3. Varm ein god klunk ex. virgin olivenolje i ein mellomstor kasserolle eller panne. Fres løken til den begynner å bli mjuk utan at den får farge.

4. Tilsett ingefær, chili og kvitløk. Fres vidare i eit par minutt under omrøring. Ha i gresskar og søtpotet og fres vidare i eit minutt.

5. Hell over kraft/. Kok opp og la det småkoke til grønnsakene er heilt møre, ca. 30 minutt.

6. Bruk stavmiksar og køyr suppen glatt og jevn, og tilsett så kokosmelken.

7. Gje suppen eit nytt oppkok og smak til med limesaft, salt og kverna pepper. Server med eit dryss av hakka koriander, kokos og gjerne granateplekjerner om du får tak i.

Gresskar kan du og ha i smoothien (væska etter avrenning som sagt, eller den superanvendelege puréen), lag dipp av den, hummus, eller skjær av skiver av gresskarkjøt før du baker den og lag chips, eller som siderett til middagen: bakte biter av gresskar med litt malt koriander og honning på! Nam! Og ikkje gløym å bruke frøene! Det er ein superenkel måte å få i seg gullpakken med vitaminer og enzymer: spis som snacks, eller sprinkle over salaten.

Er du no mett og god etter all matlaging så er ein deilig 🍁hausttur tingen. Hausten riv litt ekstra i oss etter ein mild sommar, så då kan det vere me treng påfyll av pleiande planter til huden i den første kulden. Eg anbefaler denne fine basispakka til huden for haustens turar og kvardagar, perfekt for heile familien, og produkta kjem i eit fint gjenbruksnett som også passar til tur og kvardag 🧡.

Familiens haust- og vinterpakke inneheld 3 favorittar frå vår eigen familie sitt husapotek- deluxe:

🌼Ringblomstsalve 50ml ❄️Kuldekrem 50ml 🐝 Panterbalsam 15ml   

Ha herlege haustdagar med masse god mat, drikke og pleie til hud og kropp!

Hausthelsing frå Renate
🐝 Vossabia


Dejar un comentario

Por favor tenga en cuenta que los comentarios deben ser aprobados antes de ser publicados