"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!"

"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!"

Vossabia regenererande nattkrem er ein skikkeleg eksklusiv hudbalsam til ansiktet 🍯⭐ Den inneheld plantar som alle er nøye vald ut til å få vere med i krukka grunna deira rike innhald av antioksidantar, vitamin C, A, og B i tillegg til knallviktige essensielle fettsyrer (omega 3, 6, 9 og den sjeldne omega 7).

🤩 Superpopulære Tindved og Nesle nattkrem!

Ein botanisk buffet av ein hudbalsam 🧡🌿

Vossabia regenererande nattkrem er ein skikkeleg eksklusiv hudbalsam til ansiktet 🍯⭐ Den inneheld plantar som alle er nøye vald ut til å få vere med i krukka grunna deira rike innhald av antioksidantar, vitamin C, A, og B i tillegg til knallviktige essensielle fettsyrer (omega 3, 6, 9 og den sjeldne omega 7). Eg diggar den! Eg er faktisk heilfrelst på den, og det er til og med mine ungdomar Emil og Ylva.  Så då varmar det godt når det er så utruleg mange fine tilbakemeldingar som renn inn frå herlege kundar. Sjekk nokon av tilbakemeldingane eg får:
   

Til deg som ikkje har prøvd - dette får du: 

Den regenererende kremen inneheld næring som trengs for å gje meir elastisitet og fukt til huden, noko som betyr meir fleksibilitet i alle typar vev. Om då sluttresultatet blir ei frisk, glødande og sunn hud som held seg ung lenger, så er det ikkje meg i mot 😉 Eg likar ikkje ord som anti-age/anti-rynke, så er det slik at vitamin C og A, antioksidantar og essensielle fettsyrer er viktig å få i seg (gjennom munn OG hud) for å halde huden smidig og sterk, og alle ingrediensane/råvarene i Tindved og Nesle har fått vere med i oppskriften fordi dei har akkurat desse eigenskapane og næringsstoffa!

Så dette er absolutt mat utanfrå og inn! Som alle Vossabiaprodukt. Det er jo det det handlar om her hjå oss, og har gjort no i snart 19 år! Her handlar det alltid om å gje eit supersunt tillegg til det å ete sunt og «smøre huden innanfrå» med næringsrike matvarer. 🍯 Med Tindved og Nesle nattkrem (perfekt om natta og super når som helst!) får du dei beste næringsstoff utanfrå og inn, med blant anna granateple, nypefrø, hamp, tistel, og tindved, samt tinktur av tindved og nesle frå garden vår. Og huden tek villig i mot denne botaniske supermatbuffeten! 🤩

Det er forresten ikkje berre moden hud som vil elske denne herlege saken, men også ung hud, urein hud, eksemhud og ved andre forstyrringar i huden. Men, eg digger den også av velværegrunnar, den er SÅ nydeleg å ha på huden 💕 Og den duften! 🌸🌿 Eterisk olje av Rose og Rosmarin flørtar med sansane dine, og eg blir i alle fall forført! 💗 Det tok halvanna år berre å utvikle denne herlege salven, men jammen var det verdt tida!


Emil, min son på snart 19 elsker denne:

"Eg likar godt følelsen når eg smører den utover, og eg brukar den faktisk både natt og dag. Eg synes det er så fint med den gløden eg får i huden, og den passar skikkeleg godt til ungdomshud, merkar eg. Eg synest forresten at det er kult at den inneheld omega 7, som er skikkeleg sjelden! Og så er det digg at den er så dryg at eg har ei krukke kjempelenge."

Bruksanvisning:

💡Sjå kor lite du treng om gongen, ta bittelite, smør ut i handa og masser inn i ansiktet. 
💡Sjå kor fin glød du får i huden, og du blir IKKJE oransje sjølv om den er knalloransje (då har du tatt for mykje på!)


☝️Vossabia plukker tindved i Lærdal hjå Marco Neven som dyrkar superplanten.

Har du lyst til å prøva?

 

Tindved- og nesle til ansikt
Precio de ventaDesde 219,00 kr

Passar saman med:

🌼 Ringblomstsalve 100 ml

Min favoritt dagkrem🧡 Ringblomstsalve er verkeleg heilt uunnværleg då den passar til alt frå perfekt dagleg ansiktspleie til kvardagens hudpleiebehov: ein universalsalve til kvardagen, og redningen ved problem i huden som sår, kviser, utslett, eksem og mykje meir.

Augebalsam - 30 ml

Ein herleg pleiande augekrem, perfekt rundt augene ved hovne auge, sår, raud hud, eksem med meir. Tistelolje og hampeolje tilfører huden dei essensielle omega 3- og 6-fettsyrene, som er viktig for hudens vitalitet, granateple tilfører viktige antioksidanter (mot linjer og rynker), og arnika er med for å forebygge og hjelpe mot hovne auge.

Helsing frå Renate

🐝 Vossabia