Ofte Stilte Spørsmål
Generelt
Ja, Vossabia har eksistert sidan 2004, og me held til på ein liten gard på Voss, der me har bier og høner, og ikkje minst: me brenn for å ta vare på jordlivet (økosertifiserte enger), det enorme plantemangfaldet på våre gamle slåtteenger, og kretsløpet her. Me elskar å ta i bruk dei rike naturressursane våre for å skape nyttige produkt å nyte frå naturen.
Me har ikkje eigne fysiske butikkar, men me har mange fantastiske forhandlarar i det meste av vårt langstrakte land. Sjekk under Forhandlarar.
Me har fleire flotte forhandlarar på Voss, så det er lett å få tak i produkta i, akkurat no, 3 butikkar på Voss: Sunkost Amfi Voss, Floke frisør, Voss turistinformasjon.
Sjå under Forhandlarar for adresse.
Me har ikkje ein gardsbutikk direkte, enno, men det er mogleg å kome og handle innanfor normal arbeidstid (9-16), og samstundes få sjå kvar me produserer og pakker og står på.
Sending og sporing
Alt skjer på garden, der produserer me og der pakkar me. Så kjem Posten og hentar pakker som går ut til heile landet kvar morgon.
Pakkene blir sendt med Posten/Bring, og det er sporing på kvar pakke fram til postkasse.
Det er sporing på kvar pakke, og kunder mottar melding om at pakken er på veg på epost, der finn de og link til sporingen.
Sjå her under Retur- og byttevilkår.
About Vossabia
JA! Vossabia er særs oppteken av etikk innan produksjon av kosmetikk, mat, i landbruk og ja, alt! Etisk produksjon er eit stort hull i kosmetikkindustrien og lite fokus på, og der skjer mykje fælt. Hjå Vossabia er me oppteken av å ta vare på biene våre, jordlivet, plantane som kjem opp på våre gamle slåtteenger (også økologisk sertifiserte), me haustar og foredlar skånsomt og med respekt, og me tek vare på menneska i prosessen. Her er alle omgitt av gode planter og bienes fantastiske råstoff. Vossabia er på Dyrevernalliansen si liste over dyrevenlege bedrifter, og ingen av våre ingrediensar er testa på dyr, sjølvsagt. Me brukar kun naturlege ingrediensar, mange hausta frå eigen gard og omegn, elles økologiske planteoljer, og det er veldig viktig at det er naturlege ingrediensar av høg kvalitet som gjer godt for folk og natur. Helse er alfa omega for Vossabia. For folk, dyr, planter, organismer nedi jorda og heile planeten rett og slett.
Me plukkar brennesle, ryllik, rødkløver, rose (rosa rugosa), mjødurt, kjerringrokk, bjrøkeblad, perikum, ringblomst, kamille, solblom (arnika), klengemaure, rosenrot og einer til produksjon, og elles mange mange andre arter til mat og drikke.
Om produkta
Ja, det er trygt med bivoks i babyprodukt. Man skal ikkje gje honning til spedbarn under 12 mnd pga ein liten sjanse for utvikling av spedbarnsbotulismebakterie i tarmen ved å spise honning. Det er svært liten sjanse for at dette kan skje, men det er vitkig å vere føre var, så. unngå å la gi honning til spedbarn, men faren er borte etter 1-årsdagen for då takler immunforsvaret saken. Bivoks derimot, er det ingen fare med å bruke på babyer, då bivoks er antimikrobiell, og den er varma opp på sterk varme ved rensing før bruk i kosmetikk. Bivoks er derimot super på babyhuden, då den beskytter huden, lar huden puste, og held på den naturlege fukten i huden. Smør babyen din med god samvittighet og nyt barseltida.
Produkta våre er trygge og gode frå 0-110! Ingen aldersbegrensing!
Ja, gravide vil ofte ha god nytte av å bruke våre produkt. Fleire av produkta er gode å smøre mage, underliv, bryst med. Men, eg vil tilrå gravide å ikkje smøre Panterbalsam direkte på gravidmagen då den inneheld eukalyptus. Det er liten mengde, og godt uttynna sjølvsagt i gode planteoljer, men unngå Panterbalsam på magen for sikkerhetsskuld, Under nasen, på hodepine, vonde musklar mm, ingen fare.
Vossabia lager vannfrie hudprodukt basert på bivoks og planteroljer/-ekstrakter/-tinkturer. Derfor er dette salver, ikkje kremer, då kremer per definisjon inneheld vatn.
Vossabia lager salver for å få maks ut av plantenes kraft. Me trur på at det å ikkje tynne ut med vatn gir meir plantekraft, utan vatn hindrer me mulighet for mikrobiologisk vekst, me treng ikkje tilføre konserveringsmiddel, og produkta blir utruleg dryge i bruk og beskytter mot elementa på ein god måte.
Produkta klarer seg kjempefint i romtemperatur. Du treng ikkje ha dei i kjøleskap. For lengst haldbarheit er temperatur under 25 grader best, og unngå direkte sol i for eks bilen,då det fører til raskere harskning av produktet.
Du finn fullstendig innhaldsliste under kvar produktside. Sjå under Detaljar, og der finn du ingrediensar.
Det er kun i sjampo og kroppssåpe det er konserveringsmiddel. Det er fordi det er vatn i desse produkta. Her brukar med Benzylalkohol, som er godkjnet til bruk i økologisk produksjon. I alle andre produkt er det INGEN KONSERVERINGSMIDDEL. Våre produkt er basert på planteoljer og bivoks, det gjer produkta svært dryge i bruk, OG me treng ikkje bruke konserveringsmiddel for at produkta skal halde seg lenge (over 1 år). Dette er til forskjell frå kremar (me lagar salvar og serum), og i kremar er det mykje vatn, og dermed alltid ein type konserveringsmiddel.
Nei, så absolutt ikkje. Det er me mostandarar av.
Dei fleste produkta inneheld bivoks, og dermed er dei ikkje rekna som veganske. Men, nokon produkt er vegansk: hårseruma, sjampo og kroppsåpe.
Nei, det er det ikkje.
Nei, det er dei ikkje. Det er kun Vossabias enger som er sertifiserte førebels. Men, når det er sagt: VossabiaRenate er ekstremt opptatt av økologi, og har sidan starten i 2004 så langt som det er mogleg brukt økologisk sertifiserte ingrediensar. Så alle planteoljer, eteriske oljer, og det meste av innhaldet er økologisk. Nokon ingrediensar får me ikkje tak i som økologisk sertifisert, som lanolin blant anna. Totalt sett er det store fleirtalet av ingrediensane i Vossabias produkt økologiske. Vossabia har også vore styreleiar i Økologisk Vestland og styremedlem i Økologisk Norge, og jobbar aktivt for økologisk landbruk på mange område, og me har ein gård til der Vossabias sambuar driv økologisk gard med økologisk melkeproduksjon blant anna.. Me har ikkje gått i gang med sertifiseringsjobben hjå Vossabia enno (men er straks i gang) då me ikkje har kjent behov tidlegare for å få eit stempel på det me var tidleg ute me å arbeide for i praksis: nemleg produksjon av økologiske produkt. Til sjuande og sist er det vitkigaste for oss å vite og drive slik våre verdiar er, med særs bevisst forhold til at alle ingrediensar me kjøper inn skal vere økologisk, om mogleg. Slik støttar me økologisk, sprøytefritt, kunstgjødselfritt landbruk mange stader, ikkje berre på våre to eigne gardar.
Vossabias produkt er på Dyrevernalliansens grøne liste over bedrifter som har dokumentert at dyreforsøk overhodet ikkje skjer i nokon ledd. Og det er heilt sjølvsagt for oss. Etikk, helse, berekraft for alt liv ligg alltid til grunn i vår drift, verdier og grunnmuren til bedriften. Vossabia er naturlegvis dyrevenleg, og det faktisk i fleire tydingar av ordet: mange mange dyr brukar Vossabia, om det er på såre hundepoter, på såre ku-djur, eller til sårheling på kalveknær osv.
Du trenger ein mindre mengde enn du er vant med ved bruk av kremer. Du kjem langt på huden med bittelite. Så prøv deg fram, finn din mengde, og det gjeld både hud og hårprodukt. Ein liten hugseregel: føles det for mykje, så er det for mykje.Då er det berre å smøre det resterende nedover nakke/hals eller kor som helst, og ta mindre neste gong.
Nei. Me brukar kun nøye utvalde økologiske planteoljer, som er som mat for huden. Dei trekker inn i huden, og gir deg næring og pleie, og produkta passar for dei fleste hudtypar. Folk flest er dessverre vant med at feite salver og kremer gir kviser, men det er fordi kosmetikkindustrien i mange årtier har laga hudprodukt med mineraloljer som paraffinum/vaselin og andre avfallsstoff frå råoljeindustrien. Mineraloljer, som er syntetiske oljer, blokkerer huden. Vossabia held seg langt unna mineraloljer og produkt som inneheld det.
Fysiske solfilter, som tiosol som me bruker, fungerer ved å skape ei hinne/barriere på huden som reflekterer og sprer UV-strålene,og dermed beskytter huden frå å absorbere UV-stråler. Det flytande fysiske solfilteret Tiosol bremser både UV-A og UV-B stråler. Det aktive stoff i tiosol er det naturlige mineralet titandioksid, i ikkje-nano form (det vil seie at det er ikkje så finmalt at partiklene utgjer ei helsefare), og det kjem i flytande form som tiosol der titandioksiden er blanda med tistelolje. Rett faktor er utrekna av leverandør og produsent, og me bruker det angitte solfaktorskjema som følger med. Me meiner det er mange fordeler med å bruke solkremer som er naturlege med fysisk filter kontra solkrem med kjemisk filter. Det er ein kjent sak at naturlege fysiske solfilter gir mindre irritasjon og allergi enn kjemisk solfilter, og i tillegg kjem det moment knytt til helse for folk og miljø som Vossabia er svært oppteken av. Sjå meir i bloggsak om solkrem. Vanlegvis er fysiske solfiltre mykje meir kvit på huden enn kjemiske solfiltre, men vår resept er så gjennomarbeidd av Renate med tanke på beskyttelse (solstråler, vatn og varme), pleie og opplevelse ved påføring at det er minimalt med kvithet ved påføring av Vossabia solkrem. Nyt sola, sug til deg vitamin D, smør deg med Vossabia solkrem og hugs at det viktigste beskyttelsen er å gå ut av sola og dekke seg til etter moderat tid i sola.
Ja. Det er i pulverform, med fare for å puste ørsmå partikler, at titandioksid (nano-form) er rekna som ein helserisiko. Det har vorevanleg å bruke titandioksid i øyesminke, blush og andre pulverbaserte sminkeprodukt, og det anbefales å unngå slike produkt pga faren for inhalering av partiklene. I solkrem er titandioksid utblanda med olje, og kjem altså i flytande form (ikkje-nano partikler). Då er det rekna som trygt å bruke, og det gir god solbeskyttelse og bremser både UVA og UVB-stråler. Vossabia vil på ingen måte lage solkremer med kjemiske filtre og ingrediensar som både er funne hormonforstyrrande, kreftframkallande og øydeleggabde på for eks korallrev. Les meir om det i bloggsak om solkrem, og sjå linker i saken. Her er elles andre linker med interessant og vidare info om titandioksid, så les og opplys deg sjølv før du tek dine val:
· https://madesafe.org/blogs/viewpoint/the-scoop-on-titanium-dioxide-in-cosmetics
· https://www.safecosmetics.org/chemicals/titanium-dioxide/
Deodorant og antiperspirant er to forskjellige produkt som virker på ulik måte. I motsetnad til antiperspirant, så blokkerer ikkje deodoranter svetting. I staden fungerer deodorant ved å hindre bakteriane som skaper den uynskte kroppslukten i å reagere med svetten din (som er luktfri i seg sjølv).Ein naturleg deodorant nøytraliserer svettelukt, og blokkerer aldri svette. Vossabia vil ikkje hindre kroppens viktige prosesser, som å la huden puste og svette naturleg, så her finner du ikkje antiperspirant (som bruker aluminiumssalter for å blokkere svette). Å svette er normalt og naturleg. Svette er kroppens og lymfesystemets måte å skille ut giftstoff frå kroppen. I tillegg er svetting viktig fordi det fungerer som temperaturregulator. Me brukar økologisk, naturleg framstilt bakepulver og pilerotpukver (arrowroot) til å halde unna svettelukt, og til å halde armhulen tørr og fresh dagen lang.
Nei. Sodium Laureth Sulfate (norsk: Natriumlauretsulfat) og slektningen SLES er kunstig framstilte, syntetiske overflateaktive stoff som har blitt brukt mykje i såper, sjampoer, oppvaskmiddel og tannkremer sidan 1930-talet blant anna fordi det gir billig skum. Mange antek at med mykje skum, blir det meir reint. SLS/SLES gir ein høgare risiko for hudirritasjon enn andre såpestoff, det tørker lettare ut huden, og det er som regel framstilt av palmeolje som gir ein negativ miljøeffekt dersom det er frå palmeoljeproduksjon på bekostning av regnskog.
Me bruker mild vegetabilsk råsåpe som inneheld Mipa-Laureth Sulfat og Cocamidopropyl Betaine. Mipa-Laureth Sulfat er ein svært mild og hudvenleg basert på forsåpa kokos/og eller palmekjerneolje (frå bærekraftig palmedrift), den tørker ikkje ut huden og har god nebrytingsgrad i naturen. Cocamidopropyl Betaine er eit supermildt overflateaktivt såpemiddel som er basert på kokos. Det gir også noko balsameffekt, og har også god nedbrytingsgrad i naturen. I tillegg har me Sukkertensid (INCI: Decyl glucoside + Cocamidopropyl Betain) som mindre del av såpedelen, som også er eit mildt stoff av forsåpat kokos- eller palmeolje, glukose av hvete eller mais og betain fra kokosolje. Me har valt desse såpestoffa fordi dei er milde, renser godt, brytes godt ned i naturen utan skadelege effekter, og fordi dei gir produkta våre gode kvaliteter i tillegg.
Ca 65% av sjampo og kroppssåpe består av ein sterk "urte-te", eller eit urteavkok. Så her er det mykje urter som får pleie og nære hår og kropp.