Ei magisk samling av 12 små produktskattar + 6 vakre DIY-oppskriftskort du berre får i denne pakken - alt pakka og sendt i eit burgunder Vossabianett. Perfekt til adventskalender, små julegåver eller som ei varm førjulsgåve til deg sjølv 💛
🐝 Produktskildring
Varm, naturleg og full av små gleder
Kalendergåvepakken inneheld 12 av våre mest populære småprodukt, plukka ut fordi dei er perfekte til kalendergåver, små overraskingar og førjulsglede for både store og små.
I tillegg får du 6 eksklusive oppskriftskort i høg kvalitet, designa spesielt for denne pakken. Korta inneheld enkle og deilige DIY-oppskrifter du kan lage av urter og ingrediensar du kanskje allereie har i skapet. Dei er vakre nok til å samle på – og praktiske nok til å bruke igjen og igjen.
Dette er ei pakke full av varme, verdi og inspirasjon – og ein nydelig måte å gjere adventen litt mjukare, litt rolegare og mykje meir naturleg.
🎁 Dette inneheld kalenderpakken (12 gåver):
1. Myntelepper
Frisk, kjølande og superdeilig på leppene – ein liten humørvinnar i kvardagen.
2. Mini Deo – Sitrus
Lett, naturleg og fresh heile dagen.
3. Mini Kroppsbalsam
Næringsrik, mjukgjerande og perfekt for tørr vinterhud.
4. Mini Sjampo
Mild og naturleg – perfekt til gymbag og reise.
5. Liten Panterbalsam
Alltid med! For spenningar, hovudpine, “nødssituasjonar” og all vondt og verk.
6. Liten Ringblomstsalve
Vår universalsalve – elska av heile familien.
7. Mini Skogen på kroppen – skogsåpa vår
Mild, rensande og stimulerande duft av frisk fjellskog.
8. Liten Kuldekrem
Beskyttar og nærar vinterkinn – både for store og små.
9. Bringebærlepper
Søt farge, mjukgjerande, perfekte vinterlepper - og som blush!
10. Mini Deo – Sensuell
Mild, behageleg og djup duft til kvardag og fest.
11. Liten Mjuke Hender
Ein superhit! Lindrande og mjukgjerande for tørre hender.
12. Essensiell Sensuell
Varme, nærheit og eit lite dryss sensualitet.
🌿 I tillegg får du: 6 eksklusive oppskriftskort
Desse korta finn du berre i denne pakken.
Kvar av dei inneheld ei enkel, nyttig og naturleg oppskrift du kan lage heime – heilt utan stress.
Dei er trykt på kvalitetspapir med vakker design, perfekte å ta vare på – eller å gje i kalenderen som små aktivitetar.
Dette er små kort som skaper store augeblikk.
Sjå innhald og ingrediensliste under dei respektive produktsidene.
💡 Slik kan du bruke kalenderpakken
– del opp produkta i 12 kalendergåver
– kombinér nokre av dei med aktivitetar (bålkos, gåtur, spakveld)
– bruk oppskriftskorta som ekstra kalendergåver
– ha alt saman i ein adventskalender til deg sjølv
– gje heile pakken samla til nokon som treng litt førjulsmagi
Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.