"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!" [Les meir i bloggen]

WOW, allereie 5 år med Vossabia Naturleg Deodorant! 🌼🐝Det må feirast 🤩

Sjekk desse skjønne grønne deo’ane! Og så den nye med Timian og Salvie som eg no vil introdusere i vår fine deo-familie! Har du lyst å teste den har du sjansen til å få ein med på kjøpet om du handlar for minimum 600 kr og skriv “TIMIAN” i merknadsfeltet i handlekorga innan søndag 22. mai 💚
Timian er ein stimulerande krydderurt med gode antiseptiske eigenskapar, den styrkar immunsystemet, kan hjelpe på konsentrasjonen, og alt for fleire tusen år sidan hadde folk skjønt at den er super til å halde dårlege dufter unna 😁 Blant dei gamle grekarane bar dommarar og adelege timiankvister for å beskytte seg mot sjukdom og vonde lukter, men me tilbyr smørbar timiandeo i staden 👍 Og no har altså Ylva, min flotte konfirmant, bestemt at det skal feirast 5-årsjubileum med give-away av den! Så då blei det sjølvsagt sånn! 😂
Eg utforska og arbeidde med deodorant-oppskriftane i over eitt år før eg lanserte dei for 5 år sidan, og blant anna konfererte eg med hudpleiekollegaer i Egypt. Sluttresutatet er eg særs nøgd med, og det er så fantastisk å tenke på alle armholer rundt i landet som har fått smurt seg inn med berre det sunnaste og beste dei siste 5 åra 💚Og det har ikkje berre eg og mine kjent på, for hjartet mitt bruser av alle som har sagt “endeleg ein naturleg deo som funker og som eg tåler!”.

Ein av grunnane til at mange “endeleg har funne ein dei tåler!” er fordi eg etter mykje utforsking og kinesiologisk testing landa på at det er mykje mindre sjanse for å reagere på ein naturleg deo som ikkje inneheld rein natron (som er det “alle” brukar som svettenøytraliserande middel). Eg brukar heller eit supert økologisk tysk bakepulver, der natron er ein mindre del av det totale innhaldet. Meir om dette og alt innhaldet lenger nede 😁👍

Først må eg berre dele litt av all svetten eg har svetta i det siste 😂Denne tida! 

Midt i mai! 😅 Altså, eg har SVETTA i det siste!! Eg har sprunge som ein virvelvind (meir enn vanleg 😂), og styrt med avslutningar, konfirmasjonsførebuingar og konfirmasjon av dottera mi Ylva og hennar søskenbarn Simen, og så 17. mai då. Av og på og av og på med bunad, kle på ungane og ungdomane, ikkje stikke dei med nålene i søljene, og ikkje bli utålmodig og rekke seremoni og barnetog og og og 😅😂 Ja, eg har vel tatt av eit kilo (👏😂) i berre svette som har silt ut av kropppen. Nokon som kjenner seg igjen? Men, kva er problemet? Ingen! For med min deilige, smørbare, supermat-deo, som sjølvsagt nøytraliserer svettelukt, held eg meg og tørr og superfresh under armane gjennom heile dagen! Og skulle det likevel røyne på er det berre å ha ein mini-deo med i veska, og snike på seg litt om man føler for det.

Heidi og eg fekk heldigvis hjelp, men litt styr og stress vart det likevel, og hoi kor det går! 😂💪👏 Og SÅ fin konfirmant me har 🥰


Kvelden før den store dagen! Alt klappa og klart til vel 50 gjester 😅🤩👏

SÅ: Kom mai du skjønne milde - med mykje stress, avslutningar, og feiring av 🇳🇴 17. mai i over 20 grader (og 100 grader under skjorte og stakk! 😂😂). TAKK OG PRIS for den effektive deo’en! Deodorantane hindrar kanskje ikkje stress - men i alle fall lukten av det 😆

Så kva er alle godsakene i Vossabia Naturlege Deodorant?💚

Med vår deo kan du føle deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr!

Vossabia sine naturlege deodorantar fungerer effektivt til å nøytralisere kroppslukt for dei fleste, med kun supersunne ingrediensar 💫 🌱 frå utelukkande økologisk landbruk. Det er eteriske oljer av høg kvalitet som sikrar deilige dufter: friske 🍋Sitrus, blomstrande 🌸Jasmin, jordnære 🌲Skog og djupe, forførande 💕Sensuell. Eg har også ein som er 💙heilt nøytral: ingen eteriske oljer og utan lukt. OG NO ALTSÅ: 🌿stimulerande og oppløftande Timian og Salvie!

Dei andre ingrediensane i deodorantane er spiselege, og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald 🌱 💪 Det er rett og slett supermat og kosstilskot under armane! Og eit stort HURRA for det!! 

Det som held unna svettelukten og gjer at du samstundes held deg tørr under armane, er det tyske bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med pilerot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin). I tillegg er det næringsrik kokosolje, mjukgjerande kakaosmør (fairtrade i tillegg til økologisk), sheasmør med sine viktige fettstoff og anti-inflammatoriske eigenskapar, jojobaolje og bivoks som beskytter og binder hudens fuktighet og tilfører god næring. Alle oljer og vokstyper passer alle hudtyper og dei fleste folk toler desse godt. Personar som slit med eksem og andre hudlidingar vil ofte også nyte godt av desse fett-emnene pga deira samansetninger og næringsinnhald. SÅ: ikkje berre vil ein få nøytralisert svettelukt, halde seg tørr og ikkje klissete, men superbonusen er pleien og næringen du tilfører armhole, hud og dermed kropp og system! 💚💚💚

Litt meir om ingrediensane som nøytraliserar dårleg lukt:

Økologisk bio-bakepluver: Eg er så fornøyd med kvaliteten og innhaldet i dette tyske bakepulveret, som er både økologisk og vegansk, då dei har utvikla eit godt bakepulver basert på maisstivelse (frå øko-landbruk) og kaliumtartrat utan fosfat. Kaliumtartrat er ein surhetsregulator og antioksidant som blir produsert av reststoff frå spesielt drue- og vinindustrien (drueskal), der det er den naturlege syra i mange typar frukt som for eksempel drue. Det har ingen side-effektar og skiller seg lett ut frå kroppen gjennom urinen, og er ikkje til skade for korkje folk eller miljø. Bakepulveret har også noko natron i seg, men altså då i mindre mengde blanda med dei andre nemnde ingrediensar, som dermed gjer det mindre sannsynleg at ein reagerer på det. Sodium bicarbonate (E500(ii), som det heiter på det vanskelege språket, er produsert frå salter og mineral i sjøvatn. Dette bakepulveret er min favoritt i bakst også, og mange gonger sunnare og betre, synest eg, enn det “typiske” bakepulveret frå butikken.

Økologisk pilerot (arrowroot), er ein tropisk plante som formeirer seg via rot-tilløparar, og pilerot-pulveret eg bruker er produsert frå røttene til desse plantane. Det er ein supergod stivelse rik på B-vitamin og kalium blant anna, og eg brukar den også som glutenfritt mjøl eller til jevning i sausar og suppar. I deo’en vår er den med å halde armhola tørr og fresh 🤩 Ikkje akkurat lokalprodusert pilerot då ;) Det er jo ein meir varmekrevande plante enn det Norge tilbyr forhold for, men her støttar me økologisk og berekraftig indisk landbruk, og eg synest no det er ganske fint og eg då 💚

Heile den utvida deo-familien vår 💚

Tips før bruk: 

💚 Smør eit tynt lag undar armane. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det 👍 (for meg held den i over eitt døgn sjølv med mykje aktivitet).

💚 Restar på fingeren pleier eg å smøre i hals og nakke (som ein parfyme 😉) eller på bikinkanten (for me har sett at deoen er tipp topp nedentil også, og held unna røde nupper etter barbering 👏). Eller kva med å smøre inn føttene om du skal ha på tette sko ein varm dag?

💚 Nokon kan oppleve at å lukte litt meir ein liten periode når dei går frå ein "vanleg" deo (med aluminium, propylene glycol, parabener, triclosan, ftalater eller syntetisk parfyme) og over til ein heilt naturleg deo. Dette er oftast ein avgiftingsreaksjon då kroppen vil kvitte seg med dei opphopa giftstoffene etter å ha brukt blokkerande usunn deo, så berre ha litt tålmod så blir det bra! 😁 (Det er ikkje alle som opplever dette.)

Vårhelsing frå Renate

🐝 Vossabia


Leave a comment

Please note, comments must be approved before they are published