Altså, kva har skjedd? Her kjem eit lite reisebrev frå Berlin, der Vossabia var invitert av Innovasjon Norge saman med dei to andre finalistane til den nasjonale BU-prisen som vert delt ut i samband med mat- og landbruksmessa Internationale Grüne Woche i Berlin i januar kvart år 🙌 Dei to knalldyktige bedriftene som var i finalen saman med Vossabia var Hørte gård som driv økologisk grønsaksproduksjon ved Tyrifjorden, og gardshotellet og -restauranten Til Elise Fra Marius i Utskarpen i Nordland 🤩💛 Kva er BU-prisen? 🏆 - Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria: Landbruks- og matminister Pollestad skulle dele ut prisen på vegne av Innovasjon Norge på det nordiske ambassadekomplekset torsdag formiddag. Eg var heilt roleg og kjente meg berre stolt og glad som var komen til finalen i selskap med slike himla dyktige bedrifter som Hørte gård og Til Elise 😌 MEN, når divisjonsdirektør for samfunns- og næringsutvikling i Innovasjon Norge, Tina Stiegler, presenterte Bedriftsutviklingsprisen og skrudde opp stemningen, ja då kom nervane og spenningen!! 😁 Statsråd Pollestad fekk ein konvolutt, og sa at dette var så hemmeleg at sjølv ikkje han fekk vite vinnaren på førehand. Så las han juryens begrunnelse: «Om årets vinner av den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket sier juryen: 😱😃🎉🥂 Herregud, Emil og eg ropte ut, tårene kom og eg blei heilt mo i knærne 🥹! Heldigvis var dei fantastiske ungane mine Emil og Ylva med, samt mi supergode søster Heidi, og eg var så stolt når eg stod framme saman med dei som har vore med meg i alle desse 21 åra, og fekk tildelt prisen. Stort augeblikk for oss alle 💕🐝! Så var det bilder og intervju og veldig nydelege og gode helsingar frå mange fine folk. Så takksam, og så audmjuk, og så rørt! Og så utruleg flotte folk me har blitt kjend med! 🤗 Innovasjon Norge sine superflinke og veldig hyggelege rådgjevarar som var med på turen gjorde dette spesielt minnerikt. Dei organiserte tur, middagar og mottakingar og gjorde slik enorm stas på oss tre finalistbedrifter med vakre taler og masse merksemd. Dei fekk Vossabia, Hørte gård og Til Elise Fra Marius til å kjenne oss ekstra stolte og rørt 👏 Og for meg vart det ei så perfekt stund til å reflektere over, og dvele ved, alt som er skjedd desse 21 åra og alt arbeidet som er lagt ned. For det er overveldande og fint å tenke på at det å stå på for det ein trur på, ikkje gje opp eller ta snarvegar, jobbe på for heilskapleg helse, formidling av samspelet med helse og natur, og nytte nær-ressursar på garden og utvikle produkt som faktisk funker, ja det gir resultat! 🙏 Dei utruleg kompetente og meget kjekke rådgjevarane i Innovasjon Norge gjorde turen ekstra fin: spesialrådgjevar Kjell Bruvoll, kommunikasjonsrådgjevar Herman Ringstad og ikkje minst rådgjevar Ann Elisabeth Tveit som har fulgt oss tett sidan i haust. Og det var eit privilegium å få møte og bli kjend med Hørte gård og Til Elise Fra Marius! For nokon folk og bedrifter, og for nokon imponerande produkt og resultat 😍! Eg veit i alle fall hundre prosent sikkert at desse to bedriftene og gardane skal besøkast! Og det anbefaler eg alle andre å gjere og! Sjekk dei ut! Me fekk også ein dag på verdas største forbrukarmesse Grühne Woche, og det norske området der er så imponerande 🙌 I år er det Fjord og Nord som er satsingsområdet, og dei beste lokalmatprodusentar er på plass og serverer og selger nydelege kreasjonar av det beste me har å tilby i landet. Det er visst ca 400.000 besøkande som er innom den veka messa varer, så det er mange i sving frå gardar, landbruksdepartementet, fylkesmannens landbruksavdeling, matnettverk, næringlivsdelegasjon og alle står på for å fremje norsk mat og reiseliv saman! Spennande dagar å vere norsk i Berlin! 😉 Me vandra rundt og kikka og smakte oss gjennom mange land 😋 I Litauen sitt område hang me litt ekstra lenge, for der kunne me kjenne oss igjen i fleire av produkta. Der var det fantastiske honningkombinasjonar 🐝 blant anna Honning med Tindved! Eg diggar og elskar tindved for smaken, men aller mest for dei heilt sinnsjuke helsefordelane med dette superbæret 💪🧡 Eg skulle helst ete eller drikke det kvar dag, og sjølvsagt smører eg meg med tindved minst ein gong om dagen. Eg skulle hatt med Tindved og Nesle og Solkrem med tindved på messa og vist desse dyktige litauarane!
Det var også ein litauisk kosmetikkprodusent som gav oss litt Vossabia-vibber 🤩 Ein kjekk kar var mannen bak, han laga alle oppskriftene slik som eg gjer, og alt er handlaga og dei bruker den fantastiske bivoksen og gode planteoljer 🪴💚 Så det var stas å møte ein kollega som tenker slik me gjer, og me måtte kjøpe og teste nokre produkt frå EVIJA naturali kosmetika. 🌿 Einer var populært i kosmetikk der også, og det forstår me jo: for fy søren for nokon eigenskapar det er i einer til hud og hår 😉 Anbefales om det er frå Voss eller Litauen!
Berlinturen avslutta me med ein dag som turistar og me fekk med oss den viktige vandre- og historieturen Third Reich and the Cold War. Men, det var såvidt me rakk det! Det var Emils kjappe hovud og smarte påfunn som gjorde at me rakk det! Me hadde rota oss bort og hadde 25 min å gå medan turen starta om 12 min 🏃♂️! Emil fekk den geniale ideen å leige sparkesyklar 🛴, og tante Heidi som knapt veit korleis laste ned ein app måtte stå bakpå med Emil, medan Ylva, eg og Emil suste av gårde over heile Unter den Linden før me kom fram på minuttet til guiden med den rosa paraplyen! Hahaha, det synet skulle eg gjerne hatt på kamera 😂 Kald tur om den kalde krigen, men me visste råd og fekk varmen på interaktivt ballong- og sansemuseum! Me fekk leika oss gjennom mange rom og både vaksne og ungdomar var nøgde 😊 Berlin har mykje variert å by på, og noko av det kjekkaste var VR-briller og Historien om Berlin i fjernsynstårnet som synte Berlin sin framvekst frå 1200-talet til i dag! Wow! Me er inspirert til ny tur når det blir varmare og grønnare! No var det Kuldekrem-vær faktisk! ❄️
Varm helsing,
|