Vossabia fekk utmerkinga Excellence Award og endå meir 🏆🥳!  For ei vill veke🤩!

Vossabia fekk utmerkinga Excellence Award og endå meir 🏆🥳! For ei vill veke🤩!

Stockholm leverte så det susa i gallakjolen 💃! Så utruleg moro og superstas å bli anerkjent i dette pionérmiljøet som European Natural Beauty Awards har samla og representerer.

Vossabia kom heim att med Excellence Award på tre produkt, som the Star Jury hadde vurdert og brukt i 4 månadar 🐝.

Desse favorittane (Ringblomstsalve, Panterbalsam og Kroppsbalsam) har me no laga eit eige Stjernepakke-tilbod av, sjølvsagt ✨🙌!


I tillegg hadde Influenserjuryen Sensuell som eit av sine TOPP 10 produkt, blant 188 vurderte produkt🤯! Helledussen og himmel og hav, så berusande deilig❤️! Bli med på feiringa, og nyt desse nydelege naturprodukta, no også oppdaga i Europa, som pionerprodukt innan naturkosmetikk💪

 


Men, kva betyr egentlig alt dette? 🤔
Vel, her er det grunnleggarane for programmet seier sjølv:
European Natural Beauty Awards er eit anerkjennings- og promoteringsprogram for framifrå naturkosmetikkprodukt og berekraftige skjønnheitsverktøy. Kvart år heidrar prisutdelinga dei beste naturkosmetikkprodukta i Europa, samt bransjefolk som har bidrege betydeleg til veksten i sektoren. Det årlege arrangementet samlar merkevarer, distributørar, forhandlarar, bransjeekspertar og medium frå meir enn 35 land på éin stad for å fremje ein meir kvalitativ og berekraftig skjønnheitsindustri 🌼💖.

vossabia

Det handlar om å få fram naturkosmetikk-merker som er minimum 99% naturlege, som ikkje inneheld noko frå petroleumsindustrien (som mesteparten av kosmetikkindustrien gjer), som ikkje er såkalla «grønnvaska» (som enormt mange kosmetikkmerker er), og som er effektive, høgkvalitetsprodukt 🐝🌿. Dette handlar om å vise fram og anerkjenne pionerane innan naturkosmetikk i Europa, og slik også tilrettelegge for at me som driv med dette møter likesinna, kolleger og andre støttespelarar som butikkar, kjeder og andre innan industrien som fokuserer på det naturlege i jungelen av det unaturlege 💪💛.

I år møttes over 300 gjester frå 35 land i Europa til galla og Awards Ceremony i Oscarsteatern🤵🤵‍♀️. Entusiasmen og kjensla av tilhørighet og ikkje minst opplevinga av å verkeleg vere ein del av ei ny retning innan kosmetikk, var ekte og ordentleg inspirerande🥹. 

vossabia

 Her er eg med mine to fantastiske søstre, Heidi og Kine ❤️ Heidi har jo jobba enormt mykje med meg opp gjennom åra, og Kine har vore på mange marknader med Vossabia 🐝

Ein av dei som var der sa det så fint:

“The film industry has the Festival de Cannes and the food industry the Michelin, and the natural beauty industry has now the European Natural Beauty Awards“.
 
Vossabia var først og fremst audmjuke for i det heile å få vere med i dette selskapet, og vere nominert 😁. Me vart faktisk spurt om å vere så snill og delta, av grunnleggaren Satu frå Finland som har fulgt med på oss ei stund. Elles var det over 700 produkt som har blitt søkt om å få delta, og av dei var 188 produkt valt ut til årets deltaking i European Natural Beauty Awards. Så alt der var eg lukkeleg over å få vere i det selskapet blant så mange merker og gode produkt i så mange land i Europa 🤩🙌.
 
I tillegg så var jo denne Stockholmturen perfekt gåve til gode tilsette og ei superfin feiring av 20-årsjubileumet vårt i år 🎉. Ja, for så lenge har eg stått knallhardt på for å påvirke til eit paradigmeskifte innan kosmetikk og tenkinga omkring kosmetikk (som eg altså meiner heller burde vere omtala som mat til huden, og er det ikkje mat så burde det ikkje få lov å kome på huden din). Så knallhard er eg på dette, hehe 😅.
Og jammen vart det skinn og stjernestøv og tilsette i gallakjole og smoking 🤵💃! Sjekk kor flotte 💖!
vossabia
Eg er så stolt over gjengen min 🥹🐝, og synes eg har fått til eit godt team som verkeleg veit å arbeide godt og som i tillegg er kvalitetsbevisste på alt frå plukking og produksjon, til pakking og sending 📦. Handarbeid heile vegen! Det er forresten nydeleg å ha med ein så fin mix av menn og kvinner 💪.
vossabia
Sjekk desse kjekke karane som jobbar hjå Vossabia, knalldyktige Marius, Daniel, Emil (min gode son) og Simon 🫶.
vossabia
Jorunn og Hildegunn stråler i Stockholm, og det gjer dei på garden vår og 👩‍🌾! Knallgode Jorunn møter de i kundeservice og Hildegunn er vår supergode produksjonsleiar🌿🌼.
deodorant
The Star Jury var satt saman av 56 kjendisar frå mange europeiske land i ulike kategorier, og dei representerte forbrukaranes stemme 📢. Dei vurderte produkta i fire månadar, prøvde og kjente og testa effekten. Så gav dei poeng og dei som fekk høgast poengsum fekk Excellence Award 🥇. Mange merker og produkt utmerka seg, deriblant Vossabias RingblomstsalvePanterbalsam og Kroppsbalsam med ville urter 🌿. Og me skjønar godt at dei likte desse! Dei vart vurdert ut frå effektivitet blant anna, og der ruler desse skikkeleg 🌟! Som mange andre av våre eksellente produkt som desse stjernene ikkje har fått prøvd enno. Neste år sender me inn andre frå sortimentet vårt 🐝.
vossabia
Macha, i midten, er COO hjå European Natural Beauty Awards og til venstre står Beautyblogger og redaktør Agneta Elmegård som var i The Influential Jury (og ho digga blant anna Rose-og rødkløverskrubb 💕).
 
Influenserjuryen bestod av 31 personar frå media og sosiale medier-landskapet i Europa. Dei har prøvd produkta i frå juni til oktober, så dei har verkeleg fått tid til å bli kjent med mange spennande naturkosmetikkmerker og produkt. Fleire av desse har kontakta meg i ettertid og kommentert at dei digger Vossabia 🥰. Ei av dei møtte eg på den spennande Natural Beauty and Health-messa som vart arrangert saman med Organic Food Expo i Stockholm. Agneta Elmegård er beauty editor for den store svenske avisa Aftonbladet, og ho har i tillegg ein uavhengig beauty blog og har grunnlagt Scandinavian Beauty Oscar. Straks me blei presentert for kvarandre sa ho: «Åå, Vossabia! Den Roseskrubben er heilt fantastisk! Og eg snakka akkurat om dere på scenen under foredraget mitt.» Ja, då var jo eg heilt smelt, hehe 🤭. Og veldig smigra😆.
Me kom altså heim med utmerkingar og nye kontaktar og enormt med inspirasjon og fornya drivkraft 😍🏆! Og så var det rett tilbake til kvardagen, og det var ei ganske trøtt Dronningbie som vandra rundt i skogen neste morgon før andre kom på jobb og hausta inn einer til å lage Skogen på kroppen som hadde blitt utseld medan me var på tur.
skogen
Kjekt på fest, men kvardagen er best. Og me står på vidare, og elskar det me driv med, elskar å bli anerkjent og elskar kundane våre! 🐝💚🥰
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia