Her var boden akkurat ferdig rigga fredag morgon, og det var stille før stormen og kundane stod i kø resten av helga! Hildegunn og Linda ante ikkje kva dei hadde i vente her! 😅
Så de er dei viktigaste! De gjer at me lokale produsentar, me som står og lagar og kokar i hop det me sjølv synes er fantastiske produkt, held ut alt arbeidet! 🤩 Takk, takk og takk!! 💪⚡️ Fornya kraft og energi, fornya motivasjon over å få skape, og fornya glede og takksemd over å få spre vår bodskap, filosofi og verdisyn som stikk så veldig mykje djupare enn krukker med kosmetikk.
Det mest overraskande for oss i helga var den heilt fabelaktige responsen vårt nye produkt Mjuke Hender fekk!! 😱 Omtrent kvar kunde kjøpte minst ei krukke av denne magiske lille saken! For som eg sa til mange, produktet skulle kanskje helst heitt 🪄 Magisk Mjuke Hender, for det er akkurat det du får! Men, når kundar i tillegg kom tilbake dagen etter å ha kjøpt og brukt Mjuke hender litt, for å fortelle at dei var overvelda over kor mjuke hendene faktisk vart, OG at dei over natta merka stor forskjell på sine problemhender og tørre, sprukne hud 🥰 Ja, då blei alle me tre i boden rørt inn i hjarterota!
Det gjekk enormt mykje av våre bestselgarar som Sjampo, Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Tindved og Nesle, men det var ei herleg overrasking at folk no endeleg, etter 17 år, VERKELEG har oppdaga den heilt crazy deilige Sensuell!! ❤️ Det blei mykje moro rundt boden og artige samtalar når me snakka om, og solgte Sensuell, og spesielt kjekt når folk er fri nok til å fortelle korleis denne erotiske godsaken har gitt ein ny glød og gnist og glede i folks sex-liv 🔥 Og så er det jo ikkje utan grunn at gynekologar og sexolog anbefalar den, for den er også fantastisk for dei som har ulike utfordringar med simhinner og anna i underlivet som preger deira kvardag og seksualliv. Det kjekkaste var karane som kom og tok med seg tre med ein gong! Slike karar kan eg jammen like! 😉
Kroppsbalsam er perfekt til full kroppsmassasje og Sensuell til intimmassasje og erotikk-takk!
Renate er ikkje den einaste som anbefalar Sensuell!! 😉
Det var elles enormt god bruk for Panterbalsam i helga, og Linda og Hildegunn som var med meg i boden, smurte seg inn kvar kveld frå topp til tå 🖤 For det er ganske hardt å stå der frå 9-20 kvar dag (pluss rigging frå 07), og det kjentes plutseleg i føtter, bein, rygg, hofte og hovud, når me endeleg sat oss ned i 2030-tida 😅 Linda og Hildegunn lovprisa Panterbalsamen, og kjente korleis heile kroppen tok den til seg og hela damene og gjorde dei i stand til å vere på topp frå neste morgon att! Og deilig var det, når heile Vossabia-bobilen dufta Panterbalsam!! 🤩
🥵 Det vart varmt med intens jobbing inni Lokalmatteltet gjennom dagane, og då var jammen deo’ane gode å ha! Timian og Salve (med lavendel i tillegg) er min favoritt for tida, og den gjorde susen, og eit tips er å prøve den på føttene og, om du går med tette sko heile dagen 👣 Den krydra timianplanten skulle ein kanskje ikkje forvente i ein deo, men eg elskar den blandingen av denne deilige krydderplanten saman med den lette og florale lavendelen 🌿🪻 Og så er jo timian med av ein større grunn enn duften sjølvsagt. Så heilt avslutningsvis vil eg kort gje litt krydra kunnskap om ein av våre mest brukte matkrydder, som eg absolutt anbefalar å prøve til mykje meir også, blant anna til å ta seg av bakterier og lukt under armane med sine sterke antimikrobielle krefter! 💪
🌿 Den sterke, krydra smaken av timian, som dei fleste kjenner frå pizza, pasta og kjøttrettar, viser at den er skikkeleg rik på essensielle oljer. Den har kraftige antimikrobielle eigenskapar, og har blitt brukt mot bakterielle infeksjonar i generasjonar. Planten kan brukast i munnskyll for å lindre ømme eller betente tannkjøtt og små infeksjoner i munnen, og timian i honning kan lindre og roe ein sår hals (og så smaker det knallgodt 😋).
Fleire studiar syner at timian kan hemme sopp som Candida Albicans og bakterier som Staphylococcus aureus. Timian kan og vere ei god hjelp mot antibiotikaresistente bakterier, eit aukande problem som tek tusenvis av liv kvart år (sjekk boka Herbal Antibiotica av Stephen Buhner for å lære meir om dette).
Fleire studiar syner at timian kan hemme sopp som Candida Albicans og bakterier som Staphylococcus aureus. Timian kan og vere ei god hjelp mot antibiotikaresistente bakterier, eit aukande problem som tek tusenvis av liv kvart år (sjekk boka Herbal Antibiotica av Stephen Buhner for å lære meir om dette).
Timian for luftvegane 😮💨🫁
Timian har i tusenvis av år blitt brukt mot symptom på forkjøling og influensa 🤧 Sjølv Dioskorides (som levde fra 40–90 e.Kr.) skreiv: "Alle kjenner til timian..." Han anbefalte ein drikk av timian med salt og eddik 🌿 Den varmande energien til timian kan vere effektiv mot plager som gir symptom som gir slim i lungene,, i følge herbalisten Rosalee de la Foret.
Eg ville og ha prøvd timianekstrakt, aleine eller i kombinasjon med nattlys, om ein er plaga med hoste eller bronkitt 👀 Så få endå meir augene opp for denne utrulege krydderplanten, og et den på pizza og pasta, smør den under armane (sjekk Timian og Salvie) og ikkje minst drikk den som te for å lindre luftveisplager, spesielt når du føler deg kald eller har slimoppbygging 😪
👩🍳 Eg fekk kjøpt med ei pastamaskin av Mixto på Dyrsku’n, så eg planlegg i dag å lage heimelaga pasta, og ein deilig pastasaus med timian frå hagen! 🌿🐝 Så blir det timian i te ☕️ kombinert med andre deilige urter til kvelds, for både Ylva og Jonatan hostar litt, så det må me jo få satt ein stoppar for! 🦸♀️
Tusen takk for at de er ein del av Vossabias storfamilie, og støttar oss og produkta våre! 💚 Me kan ikkje vente til me møter dykk igjen!!
Tusen takk for at de er ein del av Vossabias storfamilie, og støttar oss og produkta våre! 💚 Me kan ikkje vente til me møter dykk igjen!!
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia
Dronningbia 🐝 i Vossabia