Reise- og urtebrev frå Fru Blomedilla

Reise- og urtebrev frå Fru Blomedilla

Eg tenkte å dele litt frå mitt siste lille eventyr 🚗 Tur til Karmøy er faktisk alltid eit eventyr! Først fordi mi rasande dyktige venninne og halvvegs kollega Margit Vea (sjekk ut margitvea.no) bur der, men ikkje minst på grunn av det fabelaktige biologiske mangfaldet som er på øya og i dette magiske kystlandskapet. Denne gongen var det også symjestevne og bilen full av spreke ungdomar, og Jonatan (snart 5) sjølvsagt.
Å dra på tur med meg er sikkert ei litt rar oppleving for dei som ikkje er van med det. Det kan bli nokre brå stans, der eg drar fram hakke og spade frå bagasjerommet og hopper i grøfta 👩‍🌾 Eller plutseleg har me stoppa og eg klatrar oppover bergveggar på jakt etter skattar. Litt utrop og blomenavn kan også plutseleg kome i bilen der passasjerane ikkje skjønar nokon ting av kva eg plutseleg roper ut og har sett 🤩🌻 Eg lovar at eg ser på vegen og altså, men det er ikkje lett å la vere å følge med i kantar, enger og skogar me passerer.
 
FOR: det er så mykje gull å finne! 🌟 Det er skattar overalt, anten til bruk til hud- og hårpleie eller til te og tinktur. Og aller helst til alt dette på same tur, DÅ blir eg lukkeleg og gira!
👀 Så dette lille brevet er mest ei oppmoding om å sjå seg rundt, skru på oppdagarantennene og skattejaktsansen og la deg begeistre og bli nysgjerrig 🔎 Eg elskar det og vil så gjerne at alle skal få kjenne det sitre av glede over å leite og finne naturens ufattelege gåver 💚 Og så dra heim med skattane og foredle til te, tinktur, fotbad, dampbad, kakepynt, is, mat og drikke, blant anna.
 
Me var ikkje meir enn kome vel ein halvtime av gårde før eg tok kjapt av hovudvegen for eg visste om nokre fantastiske rosebusker på ein offentleg stad 🌹 Måtte nett sjekke om dei bløma! Og jess! Det var altså rosa overalt, og eg hadde vore føre var og tatt med tørkebrett i stabel opp til biltaket, korger og laken og alt som trengs. Med plukkehjelp frå symjar vart det kjapt å fylle tørkebrett og korg og den duften me hadde med oss vidare i bilen kan nesten ikkje skildrast! Roooooose! 💖 Himmelsk og nydeleg. Hjartet av duften i ei rose er djupt floral, med eit hint av sødme og ein svak grøn friskheit. Eg prøvde å skildre likevel, hehe. Og det pusta me inn i timesvis, eg og ungane. Heldige eller?
harvesting tindved og nesle
Eg var spesielt på utkikk etter akkurat rose, men og litt desperat på jakt etter rødkløver 🕵️‍♀️ For her heime er det førebels kun bittelitt rødkløver i nokre varme grøftekantar, og eg MÅ HA RØDKLØVER NO! Rose- og rødkløverskrubb til ansiktet er jo superpopulær (ikkje så rart, så utruleg deilig og digg den er), men det går straks siste rest av rødkløver her no 😣 Hjelp! Og hjelp igjen, for det var lite å sjå medan eg køyrde 4 timar til Karmøy, så eg berre satsa alt på at Karmøys kystflora skulle redde meg og Vossabia.
 
Vel framme, seint på kvelden var det viktigaste å få rosene utover på tørkelaken i huset til Margit! Så kunne eg legge snart 5-åring, hahaah. Stakkar, han får høyre dette stadig: berre vent Jonatan, mamma skal berre plukke litt til/mamma skal berre legge til tørk desse fine blomane osv. 😅
Rose- og raudkløverskrubb til ansikt
På veg til symjestevne neste morgon såg eg rødkløver langs vegen, fantastisk glede og for eit syn! 🙌 Endeleg! Det bugna også av mange andre arter, og fargekartet var lilla frå skogstorkenebb, blodstorkenebb og vikke, rosa frå jonsokblom og rødkløver, rose og busknype, gul frå smørblom, vinterkarse, tiriltunge og løvetann, kvit frå kvitkløver, hundekjeks og prestekrage (har du smakt prestekrage? Nam!), blå frå honningknoppurt og stemorsblom og fiol, og grøn frå marikåpe, bregner, bringebær og brennesle 🌈 Eit rikt og mangfaldig univers som gir til alt liv over og under jorda, oss inkludert. Men altså, det var rødkløveren som eg skulle prøve å halde fokus på! Og så berre nokon blomar til ein kopp te då ☕️
Etter symjing utforska me fleire av dei ekstremt vakre strendene på Karmøy, og der er det også alltid spennande artar å sjekke ut. Framleis med fokus på rødkløver, så måtte eg og halde utkikk etter rose, og sjølvsagt kjerringrokk til sjampoen
 
Ungane jubla og leika på stranda, og eg skanna enger og kantar 🧐 og der var det jammen begynt å kome Strandarve og! Har du smakt den saftige strandplanten som smakar nesten som agurk? 🥒 Heilt herleg og frisk, og anbefales når du er på ei strand der denne brer seg utover. Eg gløymde å ta bilete av denne matplanten, men sjekk bildet frå ein annan tur når Jonatan var baby og fekk smake Strandarve.
Men rødkløver havna i korga og! 💕 Hipp hurra, glad Vossabia altså! Eg stod med rumpa i været og plukka alt eg fann, medan sauer breka hest på meg og syklistar og nokre få bilar snirkla seg forbi meg på denne smale vegen til stranda 😆 Sikkert litt av eit syn. Rødkløver for overgangsalder og rødkløver til huden og rødkløver mot forkjølelse, og luftvegane. Og berre heilt utruleg i ansiktsskrubb då den er superverdifull til hud for både barn og voksne på blant anna eksem, utslett, psoriasis, kviser, og så renser den godt saman med rose 🩷
På ei av strendene som får deg til å lure på om du er i eit anna land, som Maldivene eller noko, så havna me på strandfest! 🎉 Jonatan padla for første gong, kjempegøy, og medan han padla og eg vassa etter han så såg eg det! Kjerringrokk!! 🥳 Steike, den må med heim, tenkte eg! 
🧺 Eg plukka, og me kosa oss med padling, band som spelte livemusikk, klatring, DJ, strandvolleyball, sjonglering, surfing og god mat! 🎉😋 Jøss, er det alltid slik på Karmøy tenkte me! Men, det viste seg at dette var ein gong i året, med opning av Blått flagg-sertifiserte strender. Snakk om å havne oppi det!
 
Ja, me havna oppi det på neste nydelege strand og! Der sprang ungane i sjøkanten, medan eg fann endå meir kjerringrokk, og den kom i korgene og vart med heim att til sjampopannene og koking av verdens beste urtesjampo 🌿 Kjerringrokk som er favoritten til hår og hodebunn, minsker hårtap, lindrer kjapt kløe og gir glans og liv i håret! 🤩💚
Sjampo med ville urter
🚘 På veg heim var bilen full av gode opplevingar, gode symjeresultat og medaljar, masse plantar (rosene hadde tørka godt på lakenet hjå Margit), og symjebagar. 
 
Men faktisk var det bittelitt meir plass i bagasjerommet. Så! Når me kom på den smale vegen halvanna time heimefrå, med elv på eine sida og bratt berg på andre sida, og eg såg rosenrot! 😃 Ja, då var det berre å svinge rett ut til sida og begynne å klatre! Så jammen fekk me fylt ei korg med Norges mest medisinske plante også, som i tillegg til at me bruker den MASSE som tinktur ved lav energi og for generell  styrking, blir brukt i hårserum! 💚 Rosmarin hårserum, magiske saken, har rosenrottinktur i tillegg til andre gode plantar frå gard og altså omegn. Ein genial plante for håret den og!
Rosmarin hårserum
Så då var bilen full! Glade folk, gode planter som straks blir til knallprodukt, mykje glede, latter og ikkje minst bangers som ungdomane seier! Siste delen heim krevde ungdomane høg musikk, og då er eg ikkje sein å be, så me song for full hals medan eg kikka i grøftekantar og litt på vegen og altså 🚗🤗🌾🎤 Ein nydeleg tur der alle fekk mykje kjekt med seg! 
 
Og den som trudde turen var over med det må tru om att! 😂 Heime att var det å gje ein glad Jonatan over i armane på ein glad pappa, og så henta eg nokre store korger og stakk rett avgårde  på seine seine kvelden 🏃‍♀️🧺 for å rekke litt meir kjerringrokk før regnet skulle kome. Og det var magisk! ✨ Enormt med kjerringrokk med prestekrager innimellom og i eit vakkert stadig mørkare lys. Men idyllen vart brutt av voldsomt med knott som la sin elsk på meg! 😒 Ansikt, hals, hår og hodebunn blei spist opp! Etter ei full korg sprang eg i bilen, fann redningen Panterbalsam og smurte meg skikkeleg godt inn!! Pjuh!! Endeleg heldt småkrypa seg på avstand! Og ei ny korg vart full før det var leggetid.
panterbalsam
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia