Klar for å halde foredrag på Reinkjøttkonferansen! 🤓 Med bringebærfarga lepper er eg klar til scena! 💋
Innovasjon Norge Arktis ringde meg for eit par månadar sidan og ville eg skulle halde inspirasjonsforedrag for reinkjøttprodusentar, dyktige familiebedrifter og andre som deltek på reinkjøttkonferansen i flotte Tromsø.
Vossabia har etterkvart 21 års erfaring som ei lita familiebedrift med stor vekst, og etter at me og vann den nasjonale Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2024, så har fleire vore interessert i å høyre min historie og korleis Vossabia driv og driftar ved å nytte ressursane rundt oss 💚 Og her sit eg i Tromsø og skriv, og tenkte å dele denne flotte opplevinga, nye innsikter og møter med veldig kjekke folk og ei svært spennande næring 🙌
Fint i Tromsø altså!! 🐝 Vossabia er forresten alltid med, sjølv på konferansepulten!
Reinsdyrkjøt og Vossabia – to ulike næringar, men eg vil påstå same hjarteslag 💓
Reinnæringa er verdibærarar og matprodusentar som forvaltar naturen på naturens premissar. Dei bærer med seg kultur, natur, berekraft, tilhøyrigheit og sterkt forankra kunnskap i alt dei gjer. Og så fins det ikkje makan til kjøt. Reinsdyrkjøt er ei helsebombe! Det er til og med knallbra for huden! 💪
Vossabiaprodukt og reinsdyrkjøt – helse utanfrå og innanfrå!
Reinsdyrkjøt er altså supermat! Fullt av vitamin B, A og E – meir enn lam, kylling og storfe – og like mykje omega-3 som det du finn i skaldyr og sjømat. Det har ei perfekt feittsyresamansetting og er sprengfullt av mineral: kopar, selen, sink, jern og meir. Ei råvare med kraft, kultur og kvalitet – som gjer godt både inni og utanpå kroppen. Når me i tillegg smører oss med ville urter og naturkraft frå Vossabia, får me det beste frå begge hald 🌿🦌
Vossabia er og verdibærar og forvaltar naturen på naturens premiss. Me deler altså den same respekten for natur og kultur, for den gamle evige kunnskapen, for handverket, og me bidreg med å gje heilskaplege opplevingar og styrka helse 🙏 For det er det Vossabia også er tufta på, det er vår solide grunnmur. Og denne felles forståinga gjer at det kjennes som å møte gamal slekt her på reinkjøtkonferansen 🤝
Det er ikkje ofte tacofredag hjå oss, men når dette kom på lerretet vart det ingen tvil om kva som kjem på fredagen! 😋
For ei glede å møte desse knallgode produsentane som eg kjenner meg slik att i. Det er alltid fascinerande å kjenne denne tilhøyrigheita - kjensla av å vere i familie med folk som driv innan ei totalt anna næring enn ein sjølv ♥️
Finnmark Rein, Røros Rein, Stensaas reinsdyrslakteri, Vågå tamrein, Skodi tamrein… dette er bedrifter som bidreg med det sunnaste, mest berekraftige kjøtet som er mogleg å oppdrive i verda! Og tenk på den dyrevelferden! 🏞️ Dyra beiter fritt heile året, gjetarar passar på dei og leiar dei til gode beite. Dei spring fritt og et sopp, urter, gras og røter, samt den viktige reinlaven – næring som menneskekroppen ikkje kan ta opp, men som reinsdyret forvandler til rein kraft! ⚡️
Det er ikkje vanskeleg å skjøna at denne livsstilen gjer reinen til eit naturleg kosttilskot – og det smakar heilt utsøkt. Det er som eg seier om honning: Det er GOURMETMEDISIN 👩🍳🩺 Men det er ikkje berre råvara eg blir så begeistra for. Eg elskar også korleis fleire av desse bedriftene tek i bruk heile dyret. Ta Stensaas, for eksempel – dei har no eit prosjekt der dei maler opp bein og bruker det i glasur på keramikkfat og skåler! Så no får du reinsdyr frå vidde til tallerken – bokstaveleg talt 🥣 Både oppå og inni! Slik kreativitet og respekt for råvara er det berre å bøye seg i støvet for 🌾 Eg var så heldig å få spekekjøt frå Stensaas i gåve etter foredraget mitt, og det gjekk ned på høgkant! Så smakfullt, så sunt, og eit perfekt lite mellommåltid 😋 Så no har eg bestilt meir som snart kjem i posten!
Skodi Rein har også mange gode tørka kjøtprodukt som lett kan sendast i posten 🚚📦 så eg fekk testa ut deira nettbutikk også no, og det kjem både hjarte, tunge og kjøtsnacks i postkassa snart!
Det blir eit perfekt supplement til det eg kallar vårt hudkosthald – altså Vossabia og naturen på huden. Det me smører på kroppen er jo like viktig som det me puttar i oss! 🐝 Vossabia er ikkje berre kosmetikk, men ein viktig del av mitt kosthald 😌 Bevisste val på kva eg puttar inn i kroppen og utanpå kroppen viser og korleis Vossabia og rein passar saman 🤝
Eg fortalte tanteungen min Emma masse om rein når eg møtte ho etter konferansen, så no håper eg ho og har fått augo opp for denne knallgode råvaren 🤩 Og det burde ho gjere, ho som studerer midt i sentrum av denne arven. Og for ei glede å møte gode Emma vår som kosar seg med å bu og studere her i Nordens Paris. Me tulla og tøysa og spiste nydeleg mat, og så måtte me sjølvsagt ta nokre selfies med Vossabia på munnen. Sjekk tante Renate og Emma då! 💄🥰 Fine med Konglelepper og Bringebærlepper!
|