"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!" [Les meir i bloggen]

Emil og Ylva og biene våre på DYREVENN

For nokre år sidan var mine to miniVossabier Emil og Ylva (som ikkje er så mini lenger 😉 ) med på innspeling av to episodar i det superkjekke programmet Dyrevenn på NRK-super. Her kan de sjå litt i frå garden vår, og korleis til og med dei yngste er involvert i biene våre.

Emil og Ylva har vore med på alt Vossabia har drive med heilt sidan oppstarten i 2004, same året som Emil vart fødd. Emil var til og med på sin fyrste tur i livet saman med ein gjeng yrkesbirøktarar når han var 9 og 10 veker gamal, så det er ikkje så rart han kan ein del om bier 😂🐝 Dei har også vore land og strand rundt på marknadar i alle år, og begge er knallgode å fortelle om ikkje berre bier og økologi, men også om alle produkta mamman lagar.

Så eg vil tipse om å bruke ein halvtime og to på å sette seg i sofaen med ungane, og kose seg med å sjå Emil i den første episoden og Emil og Ylva saman nokre år seinare. Kanskje kan både voksne og unge lære eitt og hitt om bier på ein morosam måte? 😁🐝🌼

Håpar de vil kose dykk!

 

Kan ein gut hanskast med ti tusen bier? Og greier programleder Malin å unngå å bli stukke? Bli med når Emil skal hente heim fleire bikubar til garden.

https://tv.nrk.no/serie/dyrevenn/sesong/9/episode/9 

 

Emil og Ylva er birøktarar og lærer her Malin å lage honning, og korleis fange ein bisverm. Malin får og gode tips til korleis bruke honning og planter for å få fin hud.

https://tv.nrk.no/serie/dyrevenn/sesong/15/episode/5

 


1 comment

  • For nåken kjekke filmer ;) Herlig gjeng ;) Desse skal me sette på når barnebarna er på besøk ;) Ha ei fin førjulstid ;) Produktene dine er berre heilt fantastiske!! Håper du får tindveden i større forpakning! Nydelig nattkrem !!

    Eli Johanne Birkeland

Leave a comment

Please note, comments must be approved before they are published