Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog
Kroppssåpe skog

Kroppssåpe skog

Sale price184,00 kr
Volum:250ml

SKOGSÅPE til kropp! Her har me kokt einer frå skogen vår, lenge, slik dei gjorde i gamle dagar, og dermed fått einerlåg som grunnlag for denne deilige, veldig dryge og sanselege kroppssåpa. Saman med den antiseptiske og rensande einerlågen er det tilsatt milde såpestoff og sunne gode ingrediensar som pleier og tek vare på huden din.

INNEHELD:
grunnvatn frå garden, kokt einerlåg*, sulfat vegetabilsk råsåpe (Mipa-Laureth Sulphate), sukkertensid (mild sulfat: Cocamidopropyl Betaine), jojobaolje**, guarmel frå guarbønner, guargummi frå guartreet, honning**, phytokeratin (vegetarisk protein av soya, mais og kveite), benzyl alcohol, eterisk olje av furu**, eukalyptus**, sitron** og sitrongras**.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

*= frå ville vekstar på garden
**= frå økologisk landbruk

På turen din i skog og li, knekk med deg nokre greiner, eller pitle av nokre blå einebær og bruk! Det kvikkar opp, løfter sinnet og humøret (faktisk🤩) og du kan berre glede deg over alle måtar å bruke på og korleis det fyller deg opp med positive saker.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Ein oppløftande og herleg kroppsvask!

Får du ei skogsåpe med einer og furu som renser, pleier, stimulerar og gir deg ein naturleg toner til huden, og saman med dei andre gode ingrediensane frå planteriket etterlet skogsåpa huden mjuk og frisk.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

I skogen på kroppen


Einer har vore brukt i tusenvis av år rundt om i verda, og spesielt i nord-områda som Nord-Europa, Nord-Asia og Nord-Amerika. Det er ikkje måte på kor mange bruksområde menneske har funne for den helsesame eineren frå oldtid til moderne tid, men ein gjengangar er dei rensande, antiseptiske og stimulerande eigenskapane for både innvortes og utvortes.

Ingredienser

På toppen er det ein frisk melodi av skogsduft med økologiske eteriske oljer av furu og den meir eksotiske eukalyptus i botnen, og så litt frisk sitrus på toppen. Det er blitt både friskt og forførande!

  • Jojobaolje
  • Honning
  • Eterisk olje av furu
  • Eukalyptus
  • Sitron

Ei skikkeleg skogsåpe!

Her blir det einer rett frå skogen vår, og så kombinert med nydelege økologiske eteriske oljer av furu og eukalyptus, med ein herleg frisk sitrus på toppen.

Bruksanvisning

Mange kjenner til einer til bruk i hårvask, og til og med til vask av koppar og kar, men den har også fabelaktige eigenskapar for huden også.

Det er bærekraft på mange måtar, og ei grøn satsing som gjer godt på hud og hår og helsa til natur der skyllevatnet havnar til slutt

Kva seier folk som har brukt ho?

Relaterte innlegg

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Me har no byta ut minusgrader og snø med vårleg middelhav og varmande sol nokre dagar☀️🌻 Me byta ut arbeid og plikter med avslapping og ro. Og gjett om det gjorde godt! Så no har me senka skuldrene...
Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Eg er så utruleg privilegert at eg fekk sjanse til å driva vidare eit brattlendt småbruk på Vestlandet, og her har eg gått mine heilt eigne vegar, men det er likevel med same essens og grunntan...
Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

(Noha og eg heime på garden på Voss. Fotograf: Vidar Herre)Noha el Ostaz var den fyrste som politimelde seksuell trakassering i Egypts historie. Ho har også kjempa i gatene under den arabiske vår...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Me sender innan ein arbeidsdag