Perfekt pakke til ansiktet - i gåveboks 💗 rens, dagkrem og nattkrem 🌸

Perfekt pakke til ansiktet - i gåveboks 💗 rens, dagkrem og nattkrem 🌸

Sale price588,00 kr Regular price653,60 kr
Save 65,60 kr

Her er verkeleg det du treng for perfekt pleie til ansiktet! 🌸 RENS, DAGKREM OG NATTKREM 💕

ROSE- OG RAUDKLØVERSKRUBB - Dette gir ein mild, men effektiv skrubb og rens av ansiktshuden, fjernar smuss, forureining og døde hudceller.

TINDVED- OG NESLE - Ein eksklusiv hudbalsam som eg kallar ein ekte BOTANISK BUFFET for huden

RINGBLOMSTSALVE - i ansiktet, på hender, mot kviser, sår og skader.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Perfekt pakke til ansiktet


Rose og rødkløverskrubb 100 ml + Ringblomstsalve 50 ml + Tindved og Nesle 15 ml

Bruksanvisning

Peeling og rens med Rose - og rødkløverskrubb, som kjem i aromatisk og praktisk pulverform. Denne er så utruleg god og effektiv, og ikkje minst full av rose og rødkløver frå engene her, som gir næring og vitalitet til ansiktshuden.
Du kan lage deg ein deilig skrubb ved å tilsette vatn, enkelt og greit! Ta ei ca ts-mengde i handa, og skvett oppi litt vatn så det blir som ein velling/tynn graut, og lag sirkelbevelgelsar og skrubb ditt fine ansikt. Skyll med lunka vatn når du kjenner det er nok. Varier gjerne med å blande skrubben med naturell jogurt, eller ein god avkjølt urtete, eller kva med å blande med honning og lage seg ei maske først, som du så skrubber av etter 20 min avslapping.

Som DAGKREM er eg hekta på RINGBLOMSTSALVE, og den har vore fast kvar morgon i snart 19 år! Huden vart raskt mykje meir smidig, jevn, mjuk og ikkje minst utan hudormer og kviser. Det er også mykje tilbakemeldinger frå mange som får god og rask nytte ved eksem, rosacea, rødhet, tørre flekkar mm. Ta bittelitt, smør ut i hendene, og deretter masser ansiktet inn med liten mengde superdryg ringblomstsalve. Elsk på denne universalsalven! 🧡

NATTKREM! Favoritten over alle er TINDVED OG NESLE - regenererande nattkrem. Stappfull av supermat frå planter rik på vitamin C og A, samt masse anitoksidanter og heile spekteret av essensielle fettsyrer. Nyperose, tindved, granateple, nesle, hamp.. ja, her er det berre å nyte og kjenne kor godt det gjer å påføre denne smidige deilige saken, men og kor godt det gjer å få på slik supernæring som folk opplever effekt på alt frå kviser til rynker med.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Donasjon framfor rabatt! 25% av Vossabias omsetning i dag går til nødhjelp for barn i Gaza! 💔

Donasjon framfor rabatt! 25% av Vossabias omsetning i dag går til nødhjelp for barn i Gaza! 💔

Me er i mot Black Friday, og kunne ønske det frå alle kantar i år heller ville vore fokus på Black, Red, White and Green Friday for Palestina! 🇵🇸 Kvar dag er svart for våre medmenneske der, så i vå...
Vossabias jubileumsfeiring 🐝🎉

Vossabias jubileumsfeiring 🐝🎉

Neste år er Vossabia 20 år!! Det er heilt utruleg rart å tenke på, og det er så mykje fantastisk som har skjedd på desse åra 🤩 Det vil eg gjerne feire med gode folk og herlege kundar i eit event so...
Overraskande og fantastiske måtar å bruke kamille

Overraskande og fantastiske måtar å bruke kamille

Kamille er ein av våre mest kraftfulle medisinske urter 💚 og samstundes så mild og forsiktig at den passar dei fleste. Lær meir om denne supre planten, og gå ikkje glipp av det utskriftbare fine ko...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring