Leppepomade lavendel
Leppepomade lavendel

Leppepomade lavendel

Sale price52,00 kr

Mjukgjerande og særs pleiande leppepomade. Inneheld ringblomstekstrakt, tistelolje, bivoks og eterisk olje. Med lavendel eterisk olje - som er beroligande og nærande på leppene, god på munnsår, herpes, sopp, og vanleg tørre lepper.

INNEHELD:
bivoks, øko tistelolje, Co2 ringblomstsekstrakt, eterisk lavendelolje.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Tek den pä om morgonen og leppene mine held seg mjuke kjempelenge.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Kvifor bruka ein naturleg Leppepomade Lavendel?

Leppepomade er eit absolutt MÅ-HA no med kald luft ute kombinert med varm og tørr luft inne. Eg har min fast i lomma når me er ute på ski og aker. Vossabia sine leppepomader (eller leppisane som eg kallar dei) gir fantastisk mye fukt - med kun naturlege ingredienser sjølvsagt.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Mye fukt, kun naturlege ingredienser


Lavendel er litt uvanleg i leppepomader, men vart valgt pga at den planten har spesielt gode eigenskapar på leppehud.

Ingredienser

Alle Vossabia sine leppepomadar inneheld fantastisk beskyttande bivoks og ekstrakt frå superplanten ringblomst, noko som gjer at dei blir ekstra pleiande.

Dette er rake motsetnadene til Lypsyl,😱 som inneheld mest av dette (henta frå produktinformasjonen): Paraffinum liquidum og petrolatum – altså avfallstoff frå råoljeproduksjon!

  • Bivoks
  • Øko Tistelolje
  • Ringblomst
  • Lavendelolje

Bruksanvisning

Tek den pä om morgonen og leppene mine held seg mjuke kjempelenge.

Sunne, pleiande og naturlege leppepomadar, som er bra for folk og planet

Kva seier folk som har brukt ho?

Relaterte innlegg

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Me har no byta ut minusgrader og snø med vårleg middelhav og varmande sol nokre dagar☀️🌻 Me byta ut arbeid og plikter med avslapping og ro. Og gjett om det gjorde godt! Så no har me senka skuldrene...
Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Eg er så utruleg privilegert at eg fekk sjanse til å driva vidare eit brattlendt småbruk på Vestlandet, og her har eg gått mine heilt eigne vegar, men det er likevel med same essens og grunntan...
Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

(Noha og eg heime på garden på Voss. Fotograf: Vidar Herre)Noha el Ostaz var den fyrste som politimelde seksuell trakassering i Egypts historie. Ho har også kjempa i gatene under den arabiske vår...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Me sender innan ein arbeidsdag