Komplett reisepakke - sjampo, kroppssåpe, minideo Skog og mini Kroppsbalsam 🌼 15 %
Komplett reisepakke - sjampo, kroppssåpe, minideo Skog og mini Kroppsbalsam 🌼 15 %

Komplett reisepakke - sjampo, kroppssåpe, minideo Skog og mini Kroppsbalsam 🌼 15 %

Sale price179,20 kr Regular price211,20 kr
Save 32,00 kr

Oppgradert Komplett reisepakke, no med den nye mini-Kroppsbalsam også! 💚 Så her har du alt du treng til hud og hår, vaske seg og smøre seg! Og alle produkta inneheld planter frå gardens enger og skog! 💚🐝🌼 Kjærleik og næring frå naturen til deg!

URTESJAMPO - Få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og ikkje minst: gje næring og pleie til hår og hodbunn med denne sjampoen! Og så trenger man ikkje balsam, kor bra er ikkje det!?

SKOGSÅPE - skogsåpe til kropp! Milde såpestoff og sunne gode ingrediensar som pleier og tek vare på huden din.

KROPPSBALSAM - Vår supersmidige, daglege fuktgjevande balsamkrem til heile kroppen, og på hud- og muskelplager. Kroppsbalsam er herleg mjukgjerande og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia, plukka av Vossabia sjølv.

DEODORANT SKOG - Duften har eit hint av furu i seg: litt krydra, litt bitter, definitivt frisk, og aromatisk og ein duft som har fått gode tider i moderne botaniske parfymer for begge kjønn.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring. Pakken blir sendt med sporing frå Bring. Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Komplett reisepakke


Sjampo 25 ml + Kroppssåpe 25 ml + Minideo Skog + Mini Kroppsbalsam

Ut på tur, ut og reise, eller berre fint å ha eit lite sett med sjampo, kroppssåpe, kroppsbalsam og deo i treningsbagen, til overnattingen, hytteturen eller i gymbagen på skulen? Med friske, deilige dufter som går så fint saman, har du det du treng i ministørrelse. Super også til å fylle på frå større flasker og krukker når det er tomt 💚👍

Bruksanvisning

Sjampo kokt på gardens planter kjerringrokk, brennesle og ryllik, er enormt populær for hår og hovudbotn! Med einer eterisk, som gir den gode duften og samstundes fyller håre og hovudbotn med sine anerkjente helseeigenskapar.

Kroppssåpe kokt på einer frå skogen vår er så oppfriskande og rensande at eg berre smiler når eg bruker denne i dusjen! P.S. den er faktisk fabelaktig i håret og!

Kroppsbalsam med fantastisk ryllik, rødkløver og perikum frå engene våre, her foredla til magisk tinktur og vidare inn i dette deilige kroppssmøret! Og med den gode og helsebringane eineren som eterisk olje. Eg elsker den skogduften den gir! Diskret, men digg!

Minideo med skogens superplante EINER - SÅ oppfriskande OG effektiv! Deilige og litt forsiktig duft som løfter deg og samstundes held deg fresh.

Kva seier folk som har brukt ho?

Relaterte innlegg

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Me har no byta ut minusgrader og snø med vårleg middelhav og varmande sol nokre dagar☀️🌻 Me byta ut arbeid og plikter med avslapping og ro. Og gjett om det gjorde godt! Så no har me senka skuldrene...
Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Eg er så utruleg privilegert at eg fekk sjanse til å driva vidare eit brattlendt småbruk på Vestlandet, og her har eg gått mine heilt eigne vegar, men det er likevel med same essens og grunntan...
Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

(Noha og eg heime på garden på Voss. Fotograf: Vidar Herre)Noha el Ostaz var den fyrste som politimelde seksuell trakassering i Egypts historie. Ho har også kjempa i gatene under den arabiske vår...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Me sender innan ein arbeidsdag