Eg fann ein ny aldeles perfekt plass med dei finaste Rosa Rugosa i helga, og vart heilt i ekstase 🤩 Og endeleg fekk eg roseplukkeopplevinga igjen! Den forførande rosearomaen som stig opp berre ved å stå nær rosene, for ikkje å snakke om når eg tar i dei!! Det er ei nesten sensuell sanseoppleving å plukke og kjenne desse fyldige, mjuke rosebladene som slepp stilken sin når eg forsiktig drar dei med meg. Eg blir heilt salig! 🐝Bier, humler og Vossabia sjølv arbeider side og side med rosene i den korte tida dei blømer. Men, er ei rose «opptatt» med humle som hentar nektar og pollen, så går eg sjølvsagt vidare til neste. Me samarbeider, men konkurrerer ikkje 👩🌾🐝
🌸Held på den naturlege fukten i huden (super ved moden og tørr hud) og rose kan virke samantrekkande på huden og minske pore-synlighet.
🌸Rynkerosa mot rynker 😅 Ja, faktisk. Og det er så enkelt som at det handlar om næringsinnhald og samansetting. Me treng vitamin C og A og gode antioksidanter for å halde huden (og resten av vår fantastiske organisme) ung og sterk, og det er det masse av i rosene.
🌸Anti-inflammatoriske eigenskapar gjer at den romantiske rosen kan roe huden og minske rødhet. Spesielt bra med rose ved oljete/feit hud og hud som lett får kviser/akne. Kombinasjonen av antioksidantar og essensielle fettsyrer gjer at du kan ha nytte av roser på eksem og hudinfeksjoner også.
🌸Roser kan og bidra til å oppretthalde hudens naturlege pH-balanse. Forureining, miljøgifter, solstråler – alt dette er med å bryte ned hudens pH-balanse, men fantastisk nok så er rosenes pH nesten identisk til den i vår hud, noko som gjer roser perfekt for å tilføre fukt og antiinflammatoriske eigenskapar utan å forstyrre pH-balansen.
Lillesøster - Roseskrubbens største fan
Den yngste søstera mi, Kine, har vandra i det meste av kosmetikkmerker og prøvd uante mengder dyre saker. Så når ho sendte denne meldinga visste eg at skrubben er suveren: "veit du, Renate, Roseskrubben er magisk. Naturen skrubba på huden gir følelsen av renhet og glød etterpå. Eg elsker den og bruker den 2 ganger i veka."
Kine er ei naturnær dame som elsker å vere ute i den fantastiske Vestlandsnaturen. Ho kvir seg ikkje for å hoppe i iskalde elver, og så er ho knalldyktig yogainstruktør med sitt eige firma i Bergen/Sotra: iBalanse heiter den. Folk merker forskjel når dei har vore med Kine, for ho ser kvar og ein, fullt og heilt 💗 Ho masserer klienter i nakken etter yogatimer med Panterbalsam, gir hodebunnsmassasje med Rosmarin hårserum, og gir alltid det lille, nei, store ekstra!
Så om du vil gjere som Kine, og unne deg ein luksusskrubb for ansiktet med handplukka rose og raudkløver frå Voss, så vanker det meir glød til huden, auka sirkulasjon og ikkje minst moglegheit for meir vitalitet i huden med rose som gir mykje næring og dufter himmelsk. Raudkløver, kompanjongen til rose i Rose- og raudkløverskrubb, er rensande, styrkande, og svært næringsrik. Og den vil eg fortelle meir om i eit seinare nyhetsbrev, for den fortener full fokus på seg sjølv, hehe.
Viss du vil oppleve denne dyktige yogainstruktøren og rause mennesket, lillesøster Kine, så skal ho ha ein yogaretreat på Stalheim Hotel i juli!