I førre veke var Heidi og eg i Lofoten på ein magisk tur som kombinerte ein overveldande havørnsafari, nydeleg yoga på Trevarefabrikken (WOW!! Sjekk ut @trevareyoga og @trevarefabrikken) med fjelltur, sanking av tang og tare med utruleg dyktige Odd Arne i Lofotens Ville Kjøkken, nydelege butikkar og kafear i Henningsvær (eg gjekk litt amok i den finaste interiørbutikken eg har sett: Mors Hus!!) og spekkhoggarar som ville vere med og vise seg fram rett utanfor vindauga medan me gjorde yoga. Og ikkje berre det: eg fekk også eit superfint møte med blues-artisten BIRRI, som nyleg var nominert til Spellemannsprisen. Og heile tida med Bringebærlepper på! 🤩

Brita i BIRRI er ei nydeleg og dyktig dame, og ho fekk før-premiere på Bringebærlepper i tillegg til påfyll av Tindved og Nesle 🧡 og Huldrelepper ❤️. Og med ein gong ho tok på Bringebærlepper der så strålte ho berre endå meir, såpass at yogi-venen min Ibrahim umiddelbart utbraut: Wow, så vakker! 😍
BIRRI må rett og slett lyttast til 🎧 Eg vart merksam på ho på veg heim frå Hagemessen (takk alle de som kom og handla og prata med oss! 💚). Eg såg ho hadde tagga Vossabia og 🤎 Konglelepper som ho brukte under Spellemannsprisen, og dermed måtte me sjekka ho ut og høyrde på ho i bilen heimover 🚙 Alle tre i bilen vart umiddelbart fenga og sat og digga den vakre eigenarta stemma og stemninga ho skapte.
🎼 BIRRI er både artist og låtskriver innen rock, blues og americana, og eg skjønar godt at ho blei Spellemannsnominert for det siste albumet, "For All Those in Mourning", som er eit konseptalbum som utforskar ulike stadier av sorgprosessen ❤️🩹 Og så er det spennande med hennar kontrastfylte inspirasjonskjelder - 70-tallsrocken og naturen i Lofoten og på Nordmøre der ho kjem frå 🎸🏔️

Bringebærlepper er testa i Lofotens vær og vind! Eg fekk ein fin melding frå Brita: «Nå har jeg brukt Bringebærlepper i noen dager og jeg liker den veldig godt! Nydelig og frisk farge uten å tørke ut leppene. Perfekt hverdagsfargeboost! 🥰»
Heidi og eg hadde altså nokon heilt formidable dagar i Lofoten, som de skjønar! 😁 Menneskemøta, havet, fjella, stadane, maten, kule butikkar og bedrifter drive av dyktige og driftige folk som skaper stemning og sjarmerer… gåver til kropp og sjel i fleng! ✨ Eg kunne ikkje la vere å handle hjå både den eine og andre unike butikken, og spesielt moro var det å kle seg i den finaste strikkegensaren som innehavaren av butikken sjølv hadde designa og strikka! 🧶 Sjekk kor fin gensar og kor perfekt den er til Bringebærlepper. Takk @agn_strikk, så glad eg fann denne Svolværbedrifta!
I den fine interiørbutikken Mors Hus i Henningsvær kommenterte dei genseren med ein gong eg kom inn der fyrste gongen. Jammen bra det er litt kalde morgonar og kveldar framleis så eg har grunn til å gå med den sjølv no når varmen kjem meir og meir 😆 Og så kler genseren dei nye pannane eg føler meg så heldig å ha funne eksklusivt i Mors Hus! Sjekk desse vakre emaljekasserollane! Gler meg til å lage mat med desse humørløftarane! 🫕
Heidi synes eg var litt sprø som kjøper pannar i Lofoten 🤪 men eg klarte ikkje la vere! Og når det viste seg at innehavarane var godt kjent med Vossabiaprodukta også, så var eg berre endå meir sjarmert 😉
Ja, ingen problem på tur når Vossabia fyller toalettmappe og lommer 💚🐝🌸
Retreaten me var på heiter Back to Nature, og det var verkeleg passande. Me kom så utruleg tett på alt. Inn i oss sjølve og vår eigen indre natur og kraft 🌿 Den ytre voldsomme natur med tindefjell, uforutsigbart vær, ville dyr og fuglar. Og ikkje minst all læringa som Det Ville Kjøkken serverte oss om mange tang og tare-typar som me smakte rå og tilberedt på ulike vis, og som opna ei ny spennande verd for meg. Så takksam! 🙏
Og no sit eg på ei av Karmøys vakre strender og skriv nyheitsbrev om dei magiske opplevingane i Lofoten ✍️⛱️ For nokre kontrastar! Eg var invitert hit av Sør Karmøy Husflidlag og hadde ein knallfin kveld med fullstappa lokale i går kveld, då eg holdt foredrag for dei. Og sjølvsagt måtte eg i dag ned på stranda og sjekka strandarven som eg knaskar i meg her. Deilig å tusla rundt og smaka på «agurken» Strandarve som nett har kika opp frå sanden, og samstundes sjekka kor langt kjerringrokken har kome her.

Kontrastane i naturen her sør og der nord er slåande – men begge stadane har gitt meg sterkt påfyll av det gode 🤗 Det same gjorde møtet med dei fine folka eg fekk halde foredrag for i Skudeneshavn i går kveld 💛
Eg sit igjen med ei djup godkjensle etter denne reisa – og med stor glede over å få dele både opplevingar, inspirasjon og ikkje minst Bringebærlepper med deg! 💋🍓 Det er noko heilt spesielt med å få vere tett på naturen – både heime, ute i vårt vakre land og i det me smører på hud og lepper. Takk for at du er med i Vossabia-familien 🧡🙏 og for at du vel produkt laga med kjærleik, kunnskap og naturens eigen kraft.
Har du lyst å teste Bringebærlepper, eller kanskje gje ei gåve til nokon som treng litt glød? Du finn den no i nettbutikken – klar til å bli ein ny favoritt i lomma 💚🐝
Helsing frå Voss, Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia
|
|
|
|
|
|