❄️🌼Sommaren begynner vinterstid!

❄️🌼Sommaren begynner vinterstid!

Eg har fått inn dei beste dyrkebøkene som du no får kjøpt i pakketilbod saman med dei beste plantesalvane våre!
No om vinteren er den beste tida å la seg inspirere, lære og førebu seg til ein herleg dyrkesesong! Eg har difor fått inn dei beste dyrkebøkene som du no får kjøpt i pakketilbod saman med dei beste plantesalvane våre! Kunnskap og inspirasjon til hovudet og universalsalvane Kamillebalsam og Ringblomstsalve til kroppen! Slik får ein nyte naturen på huden lenge før naturen atter vaknar til liv, og ein har det beste til å reparere og hele hagehendene, som eg garanterer vil få køyrt seg etter du har lest desse flotte, praktiske bøkene 👐 🌱


Eg er så glad og stolt over å kunne få selge dei fabelaktig gode bøkene til meget dyktige Maria Berg Hestad.
I boka "Dyrk Enkelt",  deler ho dei beste og mest praktiske tips til å kome i gang, og ikkje minst til å få til, og lukkast med dyrking. For kjøkkenhage er verkeleg vegen til det gode liv, om du spør Maria og meg sjølv 😁 
Kamillebalsam er nemleg også ein suveren salve for "haging" (som burde bli eit nytt verb 😉). Tørre og sprukne fingertuppar kan lett bli daglegdags ved mykje graving i jord og alt som høyrer til haging, men Kamillebalsam fikser det lett! I tillegg til så mykje anna.


Lykken er eit drivhus ☀️🌱
Maria Berg Hestad har og skrive den knallgode boka Dyrk enkelt MED DRIVHUS, og hennar store store favoritt til det meste er Ringblomstsalven vår! Så det måtte bli eit pakketilbod med desse to.
Eg meiner det er perfekt å lansere det tilbodet no i januar då det straks er på tide å begynne å førebu årets drivhussesong!
❄️☀️ Som Maria og seier: sommaren begynner vinterstid!
For drøymer du om egne tomater, chilli, paprika, aubergine physalis og kanskje endå fleire seintveksande planter, så er tida inne for å forkultivere no framover (januar, februar, mars).
Sjekk 📙boka til Maria og bli både inspirert og litt klokare 😁
I planterommet mitt i den gamle jordkjellaren i huset vårt frå 1879, fekk eg for nokre år sidan hengt opp nokre supre plantelys og kan begynne å så der inne no 🌱🌱 for så å sette ut sterke, fine planter i drivhuset når den tid kjem. Drivhuset er også perfekt til å så planter som seinare skal pantast ut, som kålsorter mm.


Eg og Jonatan i det eine drivhuset vårt. Gode tomater 😋🍅

Det er verkeleg mykje kos, moro og nytelse med drivhus for både små og store. Frå haust til vår er det hønsene våre 🐓 som får kose seg i drivhuset 😊  Dei får beskyttelse, trivsel og varme, og me får jordarbeiding, gjødsling og luking, så er det perfekt jord til me kjem med oppalsplanter og kan plante rett i jorda der. Bra samarbeid eller?  🐔💃


🌼 
Ringblomst!

Eg dyrkar ringblomst både ute i massevis, OG inni drivhusdomen min, mellom physalis og tomatplanter, som eit jorddekke og grønngjødsling som styrkar jordlivet og som samstundes gir masse masse glede og helse!

Sjekk kva Maria skriv om Ringblomst på nettsida si 👇

"Jeg har sverget til denne salven i mange år. Jeg bruker den til alt; som ansiktskrem, leppomade, til tørre hagehender og eksem hos barna. Jeg bruker den også til å fjerne standhaftig sminke :) Dette er alt i ett - veldig praktisk på reisefot. Vi trenger ikke annen krem, og den er utrolig drøy i bruk." 

Få med frø av nydeleg Stokkrose 🥀

Noko anna som kan dyrkast i eigen hage er den fleirårige stokkrosen: ei fantastisk bondehageplante, ein super kultur- og medisinplante 🥀💖 

For eit par år sidan kjøpte eg økologiske frø av stokkrose hjå den alle beste frøbedrifta eg veit om, Solhatt (der eg kjøper det aller meste av mine frø, sjekk solhatt.no). Eg sådde inne i ca mars-april, og deretter planta ut i hagen i mai-juni. ☀️️ Den gir nydelege, fargesterke blomar og blir opptil 2,5m høge. Her på garden har eg mange, og dei står stødige i alt slags vær, og imponerer alle. Så kjem dei att år etter år  😊 Sjå, så fine: 

På slutten av hausten gir stokkrosa mange "kapsler" stappfulle av frø, og i år samla eg kjempemange slike. Altså økologisk produsert her heime på gården vår. 

Så det har eg lyst til å gje bort til deg 🎁 👇

Vinterhelsing frå Renate

🐝 Vossabia